Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato: 02.06.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 31

Tor Nymo (Sp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«Landsforeningen Rettferd for Taperne driver et viktig arbeid for å hjelpe og rette søkelys mot situasjonen til mennesker som har kommet uheldig ut i det norske samfunnet. Organisasjonen har i flere år mottatt statsstøtte. Også for 1999 har organisasjonen søkt om tilskudd, og den har mottatt et deltilskudd på kr 250 000 allerede.

Hvordan vil statsråden behandle søknaden for 1999 videre?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er samd i at Landsforeningen Rettferd for Taperne arbeider for ei god sak – dei svakast stilte i samfunnet vårt. Eg støttar foreininga sitt mål om å betra livssituasjonen for nokre av dei som kjem til kort, og å motverka at fleire i samfunnet får det vanskeleg.

Frå 1994 har departementet årleg løyvd tilskot til Landsforeningen Rettferd for Taperne, i alt 800 000 kr for åra 1994-1997. I 1998 fekk foreininga til saman eit tilskot på 500 000 kr. Eg er innstilt på å gje eit tilsvarande tilskot for 1999 – noko foreininga òg er orientert om. Halvparten av tilskotet, 250 000 kr, er utbetalt ved departementet sitt brev av 30. april 1999, medan dei resterande 250 000 kr på vanleg måte vert utbetalte noko seinare på året. Før siste del av tilskotet kan utbetalast, må det liggja føre budsjett for heile perioden, altså for heile året, og òg rapport for fyrste halvår 1999.

Løyvinga til Landsforeningen Rettferd for Taperne er behandla i samsvar med andre søknader og i samsvar med økonomireglementet for staten.

Lat meg leggja til at eg meiner det er viktig å støtta foreininga sitt arbeid, og eg vil med interesse fylgja dei vidare.

Tor Nymo (Sp): Jeg vil takke sosialministeren for et positivt svar.

Som sosialministeren sa, snakker vi om å gi økonomisk handlefrihet til en organisasjon som arbeider for en svært god sak. Organisasjonen er liten, og mye av innsatsen er basert på idealisme og oppofrende innsats fra noen svært få mennesker.

Når det gjelder de offentlige tilskuddene fra Sosialdepartementet, er det viktig at betingelsene for tilskudd ikke er for byråkratiske og kompliserte, noe som vil skaffe en slik liten organisasjon en masse arbeid som heller kunne vært brukt til positivt arbeid til beste for den gruppen mennesker som har satt sin lit til Landsforeningen Rettferd for Taperne.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg føreset at det i representanten Nymo si understreking av behandlinga av ein søknad som dette ikkje ligg at departementet skal fråvika det regelverket som vi elles har å halda oss til i vårt tilhøve til Riksrevisjonen og også overfor Stortinget.

Lat meg understreka det viktige arbeidet denne organisasjonen gjer, og òg den gode kontakten eg føler departementet har med organisasjonen. Vi hadde eit eige møte i romjula der det vart sett ned eit utval som skulle sjå på korleis organisasjonen sjølv kunne leggja opp til ei meir føreseieleg drift og korleis departementet med sitt tilskot kunne medverke til akkurat det.

Presidenten: Da går vi tilbake til spørsmål 19.