Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 2000 kl. 10

Dato: 02.02.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Korleis vil statsråden sikra ungdom som har spesielle lese- og skrivevanskar (dysleksi) eller spesielle lærevanskar i matematikk (dyskalkuli), med evne til å ta ulike former for høgare utdanning, tilgang til slik utdanning og høve til å få studiefinansiering på same vilkår som andre?»

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst av alt vil eg minne om følgjande: Opptak til høgre utdanning skjer i all hovudsak på grunnlag av gjeldande krav om at søkjaren må ha generell studiekompetanse frå vidaregåande opplæring. Nokre få studium har tilleggskrav om spesiell studiekompetanse.

Departementet vert med jamne mellomrom kontakta av einskildpersonar som ynskjer høgre utdanning, men som ikkje fyller dei formelle krava til generell studiekompetanse. Fleire av desse nemner lese- og skrivevanskar eller særskilde lærevanskar i matematikk som årsak til at dei ikkje har oppfylt alle fagkrava til generell studiekompetanse.

Eg har stor forståing for dei spørsmåla representanten Ausdal Starrfelt her reiser. I gjeldande forskrift om generell studiekompetanse finst det i dag ikkje heimel for å gjere avvik frå opptakskrava i særskilde høve, som der det t.d. er påvist lærevanskar som dysleksi eller dyskalkuli. Dette er eg innstilt på å sjå nærmare på, i samband med ein snarleg gjennomgang av opptaksreglane. Eg vil konkret vurdere å forskriftsfeste høve til å avvike frå kravet om generell studiekompetanse i særlege tilfelle, etter individuell vurdering.

Eg hadde i januar eit eige møte med representantar frå m.a. Dysleksiforbundet, Senter for leseforsking og Statens ressurs- og voksenopplæringssenter for å drøfte aktuelle problemstillingar knytte opp til studiesituasjonen for studentar med lese- og skrivevanskar. Som oppfølging av møtet er eg i ferd med å nedsetje ei arbeidsgruppe som skal gå meir konkret inn i slike spørsmål. Temaet som representanten Ausdal Starrfelt tek opp, har altså høg prioritet i departementet.

Spørsmålet om å opne for avvik frå kravet om generell studiekompetanse i opptaksforskriftene har samanheng med diskusjonen om opptak på grunnlag av realkompetanse. I løpet av dette studieåret er fleire høgre utdanningsinstitusjonar gjevne høve til forsøk med opptak på slikt grunnlag. Det gjeld t.d. vernepleiarutdanning, førskolelærarutdanning og allmennlærarutdanning. Departementet er no i ferd med å sende på høyring forslag til lovendring som opnar for å ta opp studentar til høgre studium ut frå individuell vurdering av kompetanse tileigna utanfor utdanningsinstitusjon. I forslaget er det sett som minimumskrav for opptak at søkjaren må ha fylt 25 år.

Når det gjeld spørsmålet om studiefinansiering, føreset eg at eventuelle endringar i lov og opptaksforskrifter vil følgjast opp av tilsvarande endringar i regelverket til Lånekassen.

Lat meg til slutt få understreke at ei opning av moglegheitene til å bli teken opp til høgre utdanning ikkje skal innebere reduserte krav til studentane sin dokumentasjon av kunnskap og kompetanse undervegs i og ved utgangen av studiet.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Spørsmålet mitt har akkurat no utgangspunkt i ei heilt konkret sak, der ein norsk ungdom med problem med matematikk og derfor ikkje karakter i matematikk frå vidaregåande skule likevel kom inn på ein utdanningsinstitusjon i USA, men fekk så nei til studiefinansiering. Den saka ligg no i statsråden sitt departement, og eg håpar at det er mogleg å la nåde gå for rett i den saka. Og det peiker jo på, som statsråden også seier, eit viktig problem, og eg er glad for den positive viljen som kom til uttrykk i statsråden sitt svar.

Det er jo litt rart, må eg seia, at denne saka ikkje er teken opp før, når me veit kor mykje fokusering det har vore på dette – kanskje meir på dysleksi enn dyskalkuli. No er det truleg slik at dei med dysleksi vil ha større problem som studentar enn dei med dyskalkuli, men eg håpar at den utgreiinga som skal gjerast, og den arbeidsgruppa som skal setjast ned, gjeld begge område, og ber statsråden svara på det og eventuelt seia noko om framdrifta i dette spørsmålet.

Statsråd Jon Lilletun: Ja, eg er samd med representanten Ausdal Starrfelt i at det eigentleg er rart at ein ikkje på eit tidlegare tidspunkt har teke fatt i saka. Det grunnar seg vel djupast sett på ei redsle for å lage unnataksreglar, som så må behandlast individuelt. Det er klart at dersom ein ikkje gjerdar dei godt inn i forhold til klart definerte område, vil alle statsrådar få ei heilt umogleg oppgåve med å gå individuelt inn i sakene. Men eg er samd med representanten Ausdal Starrfelt i at det er heilt urimeleg at dei som har dette problemet, ikkje kan få individuell behandling. Det er eg innstilt på, men det må nok tilpassast enkelte studium og kanskje ikkje andre.

Når det gjeld den konkrete saka, kan ikkje eg saksbehandle den her, men eg kan seie så mykje: Så sant det går innafor gjeldande forskrift, skal vi løyse saka. Men det er det vi driv og slit med akkurat no.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar igjen statsråden for svaret, og det var i grunnen ei helsing eg ønskte å senda i den samanhengen, ikkje eit spørsmål for å få svar her og no.

Eg ser heilt klart at dette må gjerdast inn, og at det må gjerast eit stykke arbeid slik at ein gjer slike unntak på visse vilkår og i visse samanhengar. Eg føreset at det som står om individuell vurdering berre for dei over 25 år, ikkje vil gjelda, men at dette også kan gjelda 19-20-åringar. Det er på ein måte det denne saka også illustrerte – vedkomande kunne koma tilbake når ho var 23, og då ville ho kunna få lån. Då blir det på ein måte ikkje logisk på noko område. Så eg håpar altså at det også vil gjelda ungdom, og vil gjerne ha ei stadfesting av det.

Så lurer eg på om statsråden har nokon ambisjonar om at studentar med denne typen problem kan søkja opptak på individuelt grunnlag allereie frå hausten 2000.

Statsråd Jon Lilletun: Ja, statsråden har det som ambisjon, men kan ikkje her og no love at vi får det til, for vi må fyrst ha dette utgreiingsarbeidet. Eg vil òg stadfeste at begge dei gruppene som spørsmålsstillaren tok med – dysleksi og dyskalkuli – skal vere med. Eg vil òg stadfeste at det ikkje skal vere noka 25-årsgrense for dei som skal vurderast på individuelt grunnlag. Grunnen til at vi har det på realkompetanse, er at vi ikkje ynskjer å få ei utvikling der folk ikkje tek vidaregåande skule. Men her er det folk som har teke vidaregåande skule som likevel har problem på eitt område. Dermed må vurderinga skje på individuelt grunnlag med ein lågare alder, og då må òg Lånekassen synkroniserast med det.

Eg skal gjere så godt eg kan for å få dette til, men eg må nok vedgå at eg etter at eg begynte å lage forskrifter og reglar her, har innsett at det her er ein monaleg kompleksitet. Men eg er iallfall heilt samd med spørsmålsstillaren og skal gjere så godt eg kan.

Presidenten: Da var siste ord sagt i denne spørretimen.