Presidenten: Dette spørsmålet,
frå representanten Torbjørn Andersen til kyrkje-,
utdannings- og forskingsministeren, vil bli svara på av
justisministeren på vegner av kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren.
Torbjørn Andersen (Frp): Jeg vil få stille følgende spørsmål
til justisministeren, som svarer på vegne av kirke-, utdannings-
og forskningsministeren:
«Norge er et av få land i
Europa som ikke har egen håndverkerutdanning innen bevaring
av gamle bygninger. På bakgrunn av den kulturelle og nasjonalhistoriske egenart
som ofte er uttrykt gjennom eldre byggeskikk og byggestil, synes
mangel på denne type utdanningstilbud beklagelig. Spesialutdannede
fagfolk innenfor bevaring av gamle bygninger finnes knapt i dag.
Hvordan vurderer statsråden behovet
for et utdanningstilbud på dette område, og hva
vil han eventuelt foreta seg?»
Statsråd Odd Einar Dørum: Bygningsvern er ein viktig del av vår
felles nasjonale kulturarv og omfattar mange arbeidsområde
som på ulike vis er tekne hand om i opplæringa:
I vidaregåande opplæring
er murarfaget, målarfaget, gipsmakarfaget og tømrarfaget
fag under opplæringslova. Dei som består sveineprøva,
får eit sveinebrev. I alle desse faga er gamle teknikkar
og tradisjonar i faget del av opplæringa.
Opplæringa i tømrarfaget
t.d. inneheld teori som skal gje tømrarsveinen forståing
og respekt for tidlegare generasjonar sin byggekultur, der eldre
konstruksjonsmåtar, stilutvikling, lokal byggeskikk – kort
sagt dei nedarva kulturtradisjonane i faget – er
viktige.
I tillegg til dette skal tømrarsveinen
ha kjennskap til reglar for vern av bygningar og kunne rehabilitere
eldre bygningar etter gjeldande krav. Dette sikrar at tømrarsveinane
våre har eit felles grunnlag i faget sin kulturarv, som
igjen kan stimulere den enkelte til å spesialisere seg og
vidareutdanne seg i dei gamle teknikkane.
Studentane i teknisk fagskule, line for bygg
og anlegg, får opplæring knytt til forskrifter
som gjeld bygningsvern.
Også høgskular tilbyr kurs
i bygningsvern. Høgskulen i Sør-Trøndelag
t.d., som har knutepunktfunksjon for ingeniørutdanning
i byggfag, tilbyr lærarar i vidaregåande skule
eit 10 vekttalskurs – ½-års-eining – i
bygningsvern. Høgskulen ynskjer å tilby dette
kurset til fleire målgrupper frå hausten 2000.
Eg har i det siste fått ei rekkje
innspel om å vareta bygningsvern, og representantar for
departementet har delteke i møte og på konferansen
Terra Nova i Lillehammer i januar i år, der ulike spørsmål
knytte til bygningsvern har vore drøfta.
På bakgrunn av desse innspela nedsette
eg i sommar ei arbeidsgruppe med representantar frå Riksantikvaren, vidaregåande
skular – Valle Vidaregåande skule og Hjerleid
vidaregåande skule – Teknologisk Institutt, Nidaros domkyrkje
sitt restaureringsprosjekt og Opplæringskontoret for tømrarfaget.
Arbeidsgruppa sitt mandat er å sjå på korleis
vern og restaurering av bygningar kan ivaretakast som ei påbygging
til fag- eller sveinebrev. Gruppa si innstilling skal leverast departementet
innan årsskiftet. Eg vil på grunnlag av denne
innstillinga vurdere kva som skal gjerast vidare.
Eg vonar dette svaret er tilfredsstillande
i høve til spørsmålet frå representanten
Torbjørn Andersen.
Torbjørn Andersen (Frp): Jeg takker for det svaret jeg fikk. Selvsagt
finnes det muligheter for å utdanne seg og få lærdom
innen det statsråden nevnte. Men Norge er faktisk det eneste
landet i Europa som ikke har høyere utdannelse innen det å bevare
gamle bygninger. I dag har vi ca. 2 000 fredede bygninger
og anslagsvis 1/2 million verneverdige bygninger som før
eller siden vil trenge vedlikehold her i landet, og vi trenger kompetente
fagfolk. Grunnen til at mange av de bygningene slett ikke har fått
den rehabilitering og kanskje den fagmessige reparasjon som det
er behov for, er nettopp at det har vært mangel på høyere
utdannelse innenfor denne kategorien. Det burde ikke være
noe tvil i et slikt perspektiv om at en i Norge burde sette i gang
en linje for høyere utdannelse for bevaring av eldre bygninger.
Det forstår jeg denne arbeidsgruppen skal se på,
og jeg føler meg derfor fornøyd med svaret.