Stortinget - Møte tirsdag den 7. desember 1999 kl. 10

Dato: 07.12.1999

Dokumenter: (Innst. S. nr. 45 (1999-2000), jf. Dokument nr. 8:10 (1999-2000))

Sak nr. 10

Innstilling fra finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentant Morten Lund om å be Regjeringen vurdere presiseringer i folkeregistreringsloven og skatteloven slik at personer med sterke tilknytningspunkter til landet har skatteplikt til landet

Talere

Votering i sak nr. 10

Jørgen Holte (Sp): Hovudmålet med forslaget frå representanten Morten Lund er å få ei presisering i lovverket slik at personar med sterke tilknytingspunkt til landet skattemessig blir å rekne som busette her og slik vere alminneleg skattepliktige til Noreg. Det er sjølvsagt eit mål å hindre at dei som tener mest, slepp å betale skatt til Noreg på grunn av store hol i skattereglane.

Senterpartiet er opptatt av folk si rettsoppfatning. Det er heilt avgjerande for vanlege folk sin skattemoral at dei som tener mest, betaler skatt og yter til fellesskapet. Forslag om å tette desse skattehola er viktige for å styrkje den alminnelege skattemoralen. Eg vil òg streke under Skattedirektoratet sin merknad om at endringar/presiseringar i regelverk blir stadig meir aktuelt med auka internasjonalisering av norsk næringsliv.

Etter at representanten Morten Lund fremja forslaget, har Skattedirektoratet bedt Finansdepartementet om å ta initiativ til eit lovendringsarbeid når det gjeld bustadregistrering i Noreg og skatteplikt til Noreg. Eg er tilfreds med at finanskomiteen samrøystes viser til at Finansdepartementet vurderer å legge fram endringar/presiseringar i skattelova og folkeregisterforskrifta, og at komiteen på den bakgrunn vil vente på Finansdepartementet sitt forslag til endringar/presiseringar.

På vegner av Senterpartiet ser eg fram til at Finansdepartementet fremjar endringar/presiseringar i skattelova og folkeregisterforskrifta som kan vera med og tette skattehol som enkelte har valt å tilpasse seg på varig basis.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

(Votering, se side 1000)

Votering i sak nr. 10

Komiteen hadde innstillet:

Dokument nr. 8:10 (1999-2000) – forslag fra stortingsrepresentant Morten Lund om å be Regjeringen vurdere presiseringer i folkeregisterloven og skatteloven slik at personer med sterke tilknytningspunkter til landet har skatteplikt til landet – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.