Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2002 kl. 10

Dato: 15.01.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Åsa Elvik (SV): «Fiskeribladet meldte 28. desember 2001 at fleire fiskarar lot vere å prøve å kvalifisere seg for fiske på silda fordi beskjeden frå departementet var at fiske i 2001 ikkje ville bli tatt omsyn til i tildeling av kvotar. Då forskrifta for framtidig deltaking i sildefisket kom, viste det seg at aktivitet fram til 24. september 2001 hadde betydning likevel.

Korleis meiner statsråden at fiskarane skal stelle seg til meldingane frå departementet i forhold til kvalifisering til fiske?»

Statsråd Svein Ludvigsen: Dersom ein ønskjer ein levande kyst og eit levande kystsamfunn, og det gjer eg, er det nødvendig å syte for at fartøya kan tilby attraktive arbeidsplassar og gode vilkår. Det sikrar rekrutteringa. Skal ein gjere det, må også fartøya ha ei akseptabel lønsemd. For å få til det er det etter mi meining nødvendig å lukke fleire av dei viktige fiskeria i Noreg.

Det er nemleg slik at for kvart fartøy som kjem inn i eit fiskeri, vil inntekta for dei som allereie er der, gå ned. Dersom ein har totalt opne fiskeri, risikerer ein at det kan bli så mange fartøy i fisket at det blir for lite fisk til kvart fartøy, og dermed vil ingen i prinsippet kunne drive lønsamt. Dette blir forsterka ytterlegare fordi kvoten og storleiken på totalbestandane varierer frå år til år. I år med god ressurstilgang vil ein kunne oppleve at det ikkje er så problematisk om det kjem inn nye fartøy. Men det vil bli meir problematisk dersom ein ser det i det lang løp, og i dei åra når kvoten totalt går ned, vil det ytterlegare forverre situasjonen for absolutt alle. Derfor er ei avgrensing i tilgjenget etter mitt skjønn nødvendig for å sikre driftsgrunnlaget for dei som er aktive i fisket, og dermed er det i fiskarane si eiga interesse.

Eg ser at signala Fiskeridepartementet gav i februar 2001 om at deltaking i 2001 ikkje ville bli lagt til grunn for framtidig deltaking i fisket etter norsk vårgytande sild, kan ha medført at enkelte, trass i svært gode råstoffprisar, ikkje deltok i sildefisket i 2001.

Departementet hadde i utgangspunktet tenkt å leggje aktiviteten i 1998, 1999 og 2000 til grunn for framtidig deltaking i kystfartøygruppas fiske etter norsk vårgytande sild. Under førebuingane av høyringsnotatet kom det ønske frå næringa om at dei som deltok i fisket for første gong i 2001, også måtte takast inn i den lukka gruppa. Dersom ein stilte krav om deltaking i eitt av åra 1998, 1999 eller 2000, ville om lag 590 aktørar oppfylle vilkåra for deltaking. Tal frå Fiskeridirektoratet viste at 40 nye fartøy deltok i fisket før 24. september 2001. Sidan så få hadde starta fisket i 2001, lytta Fiskeridepartementet til signala, og vi sette siste dato for deltaking til same dato som utsending av høyringsnotatet, den 24. september.

90 fartøy deltok i fisket for første gong etter 24. september 2001. For fartøy som ikkje deltok i fisket før denne datoen, er det opna for å gi dispensasjon til fartøy som vart kontraherte eller som har vore gjennom vesentleg ombygging før 1. september 2001. Det vil berre bli gitt dispensasjon til dei fartøya som kan dokumentere at sild var meint å vere ein vesentleg del av driftsgrunnlaget. Til no har direktoratet fått inn 55 søknader om dispensasjon. 50 er ferdigbehandla, 14 har fått avslag.

Åsa Elvik (SV): Eg takkar for svaret, men eg kan ikkje sjå at statsråden svarte på spørsmålet mitt.

Eg tar ikkje stilling til realiteten i stenginga. Det er jo stenginga som skaper problem for departementet i tildeling av kvotar og når det gjeld å bestemme kva som er historiske rettar eller ikkje. Men det tar eg ikkje stilling til i spørsmålet mitt. Det eg spør om, er korleis statsråden meiner at fiskarane skal stelle seg til dei signala som kjem frå departementet, når rådet frå departementet er så klart at det ikkje er nokon vits i å prøve å opparbeide seg historiske rettar for å få kvote. Korleis meiner statsråden at fiskarane skal stelle seg til så tydelege signal?

Statsråd Svein Ludvigsen: Som jeg sa i mitt svar, er det slik at de signalene som gikk ut fra departementet i februar for et år siden, kan ha medført at enkelte ikke deltok. Men jeg redegjorde også for prosessen videre, som viser at departementet har vist stor grad av imøtekommenhet ved å lytte til de signalene som kom fra fiskerne. Vi har altså åpnet for en dispensasjonsadgang også for dem som ikke deltok i fisket før etter 24. september 2001. På den måten åpner vi for at de som hadde tenkt å delta, men av ulike grunner ikke kunne fordi fartøyet var under bygging eller ombygging, skal kunne få dispensasjon. Jeg synes at det viser departementets og direktoratets velvilje – for å bruke det begrepet – at når det har kommet inn 55 søknader, har vi allerede behandlet 50 og kun 14 har fått avslag. Det betyr at vi har vist en stor grad av imøtekommenhet, og at vi har lyttet til fiskerne. Så jeg føler at vi på en god måte har forholdt oss til de signalene vi har sendt ut, og måten fiskerne har oppfattet dem på.

Åsa Elvik (SV): Eg takkar for svaret.

Vil det seie at når eg les i lokalavisa mi den 22. desember at departementet vurderer å lukke kystfisket etter sei, hyse og sild og samtidig presiserer at det ikkje er nokon vits i å prøve å opparbeide seg historiske rettar på desse i 2002, så er det ein garanti frå departementet, at det ikkje er nokon vits for fiskarane å opparbeide seg historiske rettar i 2002? Men utan å ta stilling til realiteten i saka, som eg er imot, prøver eg framleis å sjå saka frå fiskaranes synsvinkel, for eg innser at det sjølvsagt er vanskeleg å stengje eit fiske.

Mitt andre oppfølgingsspørsmål – dersom eg kan få lov til det – er: Dersom Stortinget hadde ønskt å la fisket i 2002 telje i forhold til historiske rettar, innser då statsråden at dei signala som allereie er gitt frå departementet, faktisk utelukkar denne moglegheita, og at Stortinget er heilt utan styringsrett her?

Statsråd Svein Ludvigsen: Jeg vil understreke at mitt svar gjaldt sildefisket, som det ble spurt om. Nå trekker man inn andre fiskerier – og der har vi saker ute på høring – men jeg skal altså forholde meg til det spørsmålet dreide seg om, nemlig norsk vårgytende sild. Og jeg understreker at det fisket ikke har vært lukket i 2001. Alle fiskerne på blad B kunne derfor delta i fisket. Fiskeridepartementet har valgt å følge rådene fra næringen og dermed åpnet for at deler av 2001 også kunne vært lagt til grunn for deltaking i den adgangsbegrensede gruppen. Så jeg føler at det som det spørres om, har vi imøtekommet i stor grad, og at det i næringen er stor forståelse for måten vi har håndtert det på.