Stortinget - Møte onsdag den 13. mars 2002 kl. 10

Dato: 13.03.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Christopher Stensaker (FrP): Jeg vil gjerne stille et spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«I St.meld. nr. 22 for 1999-2000 står det at Riksarkivaren har foreslått å flytte Nordlands-delen fra Statsarkivet i Trondheim til avdelingen i Tromsø. Nå ser det ut som han planlegger denne flyttingen uten at de som blir mest skadelidende hvis det flyttes, det vil si brukerne, er informert om dette. En slik flytting vil legge hele det historiske miljøet rundt Nordlandsforskningen brakk.

Hvordan ligger saken i dag, og hva vil skje fremover?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er rett at Stortinget i 1999 vart orientert om at Riksarkivaren hadde teke til orde for å endra ansvarsgrensene mellom statsarkiva i Trondheim og Tromsø. Endringa går ut på at tidlegare og framtidige avleveringar av arkiv etter statlege institusjonar i Nordland blir å finna i Tromsø i staden for i Trondheim. Stortinget hadde ingen merknader til dette då meldinga om arkiv, bibliotek og museum vart behandla i desember 2000. I budsjettproposisjonen for inneverande år frå regjeringa Stoltenberg gav departementet Riksarkivaren klarsignal til å førebu ei slik overføring. Heller ikkje dette hadde Stortinget merknader til.

Statsarkivet i Trondheim er i dag det tyngst belasta statsarkivet. Embetsdistriktet omfattar i tillegg til Nordland begge dei to Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal. Avleveringsetterslepet er særleg stort, om lag ti gonger større enn gjennomsnittet for dei sju andre statsarkiva i landet. Å overføra ansvaret for Nordland til Statsarkivet i Tromsø vil skapa betre balanse statsarkiva imellom med omsyn til oppgåver og ressursar og vil gjera det lettare å redusera det store avleveringsetterslepet som tyngjer på Statsarkivet i Trondheim.

Den viktigaste grunnen til endringa er likevel at ein med dette oppnår ein reduksjon på 20 pst. rekna i nettoareal i den utbygginga ved Statsarkivet i Trondheim som no står for døra. Dette heng saman med at ein kan leggja inn mindre magasinreserve enn ein elles ville trengt når dette statsarkivet ikkje lenger skal husa dei tidlegare og framtidige avleveringane frå Nordland. I Tromsø står det snart ferdig eit utvida magasinbygg som er stort nok til å dekkja avleveringsbehovet både frå noverande embetsdistrikt og frå Nordland i 20-25 år framover.

Alt i alt er det så god ressursutnytting å gjera denne endringa det her er snakk om, både på kort sikt og lang sikt, at ei slik løysing ikkje er til å koma utanom.

Etter dei planane Riksarkivaren har, vil flyttinga av dei tidlegare avleverte arkivsakene kunna gjennomførast i 2003.

For folk i Nordland som må vitja statsarkivet for å kunna få tilgang til originale arkivsaker, inneber endringa at dei i utgangspunktet må reisa til Tromsø i staden for til Trondheim. Forskarar i Trondheim som har vore vane med å gå til statsarkivet for å studera originale arkivsaker frå Nordland, vil kunna halda fram med dette – som før. Det blir ordna gjennom innlån statsarkiva imellom. Eg kan difor ikkje sjå at dette vil få slike negative konsekvensar som representanten Stensaker fryktar. Statsarkiva vil strekkja seg langt for å leggja tilhøva best mogleg til rette for forskarane, anten dei sit i Trondheim eller i Tromsø.

Eg vil òg leggja til at mykje arkivmateriale er tilgjengeleg i kopiform gjennom mikrofilm, og at stadig meir blir digitalisert. Dette inneber at mange brukargrupper etter kvart blir mindre avhengige av å oppsøkja statsarkiva eller Riksarkivet for å få den arkivinformasjonen som dei er ute etter.

Christopher Stensaker (FrP): Jeg takker for svaret. Det er jo greit med elektronikk, men det er også klart at man er avhengig av papirarkiv.

Når Riksarkivaren nå planlegger denne flyttingen på egen hånd, må man reagere. En slik flytting vil ødelegge hele det historiske miljøet rundt Nordlandsforskningen. Nordland har i alle år ligget under Statsarkivet i Trondheim. Skal man flytte denne avdelingen til Tromsø, vil arbeidet med historieforskning på Nordland bli svært tungvint. Nesten all gårds- og slektshistorie fra Nordland har via annet materiell tilknytning til Trondheim.

Historieforskere fra hele Nordland reagerer sterkt på disse planene. En flytting vil forverre arbeidet betraktelig, da all annen informasjon er å finne i Trondheim. Synes kulturministeren kanskje at denne forskningen er uten betydning?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Nei, eg synest ikkje denne forskinga er «uten betydning».

Eg reagerer litt når representanten Stensaker seier at Riksarkivaren planlegg dette heilt på eiga hand. Eg vil minna han om det eg sa i det fyrste svaret mitt, at dette vart handsama i samband med ABM-meldinga. Det var då ingen merknader frå Stortinget si side. Dette vart omtala og òg gitt klarsignal til i statsbudsjettet for det året vi no er inne i. Heller ikkje då kom det nokon kommentar frå Stortinget si side.

Riksarkivaren gjer faktisk det som han har fått lov til å gjera: å utnytta ressursane betre. Og eg er heilt sikker på at både Tromsø og Trondheim vil gjera sitt yttarste for at Nordlandsforskinga skal få den hjelpa som dei treng i arbeidet sitt.

Christopher Stensaker (FrP): Jeg takker igjen for svaret.

Men igjen vil jeg påpeke at når man planlegger en slik flytting uten at brukerne egentlig er med på lasset, så minner det sterkt om byråkratisk overstyring. Jeg synes ikke det er den rette måten å behandle historieforskere på.

Ett argument for flyttingen er plassbehovet. Men en utbygging i Trondheim er planlagt, og tomten er klar. Det viser seg at Tromsø nå bygger ut for 20–25 år frem i tid. Jeg synes det vitner om dårlig planlegging når man bygger med en slik overkapasitet.

Jeg er på jakt etter den egentlige grunnen til flyttingen. Jeg kan ikke se at den er de som skal bruke arkivet.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må ærleg innrømma at dersom det å planleggja i 20–25 år framover for eit arkiv er dårleg planlegging, vil eg seia at dersom ein hadde bygt for fem eller ti eller femten år framover, ville det verkeleg ha vore dårleg planlegging. For då måtte ein altså ha bygt ut igjen nokre få år etter at utbyggingsperioden var ferdig.

For å understreka det igjen: Dette er for å utnytta ressursane betre. Eg trudde at ein representant for Framstegspartiet ville vera oppteken av å få både billegare og meir rasjonelle løysingar, slik at dei ulike forskingsmiljøa får gode tilhøve.

Eg vil minna om – som eg sa – at tilfanget av materiale i Trondheim er så stort at ein treng ei betre fordeling mellom dei ulike arkiva i forhold til den jobben og den utfordringa som dei skal påta seg. Skulle ein ha lagt alt til Trondheim, måtte ein der ha bygt ut langt meir enn det som det no ligg til rette for.

Eg vil òg minna representanten frå Framstegspartiet om at Framstegspartiet ved siste budsjetthandsaming ville redusera driftsløyvingane til arkivverket med 5 mill. kr – omtrent den same summen som lønsbudsjettet til Statsarkivet i Trondheim er på. Dersom dette var eit område som Framstegspartiet verkeleg prioriterte, burde dei ha teke det opp ved handsaminga av budsjettet for i år, og dei burde ha teke det opp då vi handsama ABM-meldinga. Dei burde i alle fall ikkje ha kutta overføringane til dette.

Presidenten: Vi går da til spørsmål 18.