Spørsmål 2
Fra representanten Magnhild Meltveit
Kleppa til finansministeren:
«Ved Stavanger
lufthavn, Sola, var det ikkje tollarar til stades i heile
påska. Heller ikkje ved danskeferja i Egersund
vart det utført kontrollar. Sør-Rogaland Tollerforening
melder om redusert budsjett og dermed redusert høve
til kontroll med t.d. tilgangen på narkotika. I mange kommunar
er det ein forsterka innsats for å redusera dei enorme
samfunnsproblema som følgjer av narkotikamisbruk.
Vil statsråden ta initiativ
til å sikra større høve
til kontroll med tilgangen av narkotika?»