Stortinget - Møte tirsdag den 7. mai 2002 kl. 10

Dato: 07.05.2002

Dokumenter: (Innst. S. nr. 169 (2001-2002), jf. St.meld. nr. 7 (2001-2002))

Sak nr. 2

Innstilling frå kommunalkomiteen om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten

Talere

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Etter ønske fra kommunalkomiteen vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til replikkordskifte på inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av Regjeringen. – Det anses vedtatt.

Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka): Stortinget handsamar i dag ei viktig sak for dei tilsette i petroleumssektoren. Stortingsmeldinga har fått ei god mottaking både frå arbeidsgjevarsida og frå arbeidstakarsida. Det skulle tilseie at det har vore ein god prosess i forkant av denne meldinga. Slik sett har det òg vore ein god prosess i komiteens arbeid med meldinga. I tillegg har arbeidet gitt oss eit betre innblikk i petroleumsverksemda, og slik sett har me fått ei framstilling av dagens situasjon som har gitt oss mykje lærdom innanfor området helse, miljø og tryggleik. Før komiteen sitt arbeid blei avslutta, blei innstillinga lagd fram for energi- og miljøkomiteen til utsegn.

Komiteen sluttar seg i all hovudsak til den generelle situasjonen slik meldinga omtalar den. Det gjeld også dei tiltaka som det er gjort framlegg om. Komiteen er einig i at det har vore ei utflating av tryggleiksnivået dei siste åra, og at det på enkelte område har vore ei negativ utvikling.

Petroleumsnæringa har både på 1980-talet og inn i 1990-talet på mange måtar vore ei foregangsnæring i norsk industri. Når det gjeld området tryggleik og arbeidsmiljø, har arbeidstakarorganisasjonane vore sterke pådrivarar i dette arbeidet. Det har også ført med seg at landbasert industri har sett på denne næringa som eit førebilete i sitt arbeid på dette området.

I dei siste åra har me som sagt sett negative utviklingstrekk på område som helse, miljø og tryggleik. Derfor vil denne innstillinga bere preg av ei klarare målsetjing i dette arbeidet, med andre ord stille krav og ikkje minst ansvarleggjere industrien og myndigheitene i høve til krav om ei kontinuerleg forbetring.

Sidan dette er den første meldinga av eit slikt omfang sidan 1993, vil meldinga og innstillinga vere viktige og verdfulle dokument i det vidare arbeidet. For å halde sterkt fokus på dette arbeidet ønskjer ein samrøystes komite at Stortinget skal få ei slik melding oftare enn det som har vore situasjonen fram til i dag. På denne bakgrunn ber me Regjeringa om å fremme ei stortingsmelding om HMT-tilstanden i petroleumssektoren kvart fjerde år.

Oljebransjen har vore gjennom store og omfattande endringsprosessar og omorganiseringar på 1990-talet. I tillegg har det vore eit aukande aktivitetsnivå som følgje av nye utbyggingar. Det har vore stor aktivitet på vedlikehaldssida, og dei tekniske problema har også vore ei utfordring. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at store svingingar i aktivitetsnivået også har medverka til svekt merksemd på HMT-nivået. Dette gjeld både i leverandørindustrien og i petroleumsverksemda generelt.

Komiteen sluttar seg som sagt i all hovudsak til innhaldet i stortingsmeldinga. Derfor skal eg avgrense meg til å omtale område der fleirtalet ønskjer forbetringar, eller område som komiteen meiner bør ha sterkare fokus.

I kapittel 7 i stortingsmeldinga er satsingsområde og tiltak omtala. Departementet har her lagt fram sju konkrete tiltak. Eg skal kommentere desse litt nærmare.

For det første gjer departementet framlegg om å etablere eit nytt «Forum for beste praksis». Intensjonen i dette er bra, men komiteen går samrøystes mot dette. Eg skal kort grunngi kvifor. Me er sjølvsagt einige i at det er viktig å ha eit forum, ein samarbeidsarena, for å utveksle røynsler mellom dei ulike aktørane. Når me likevel går mot ei slik etablering, har det samanheng med frykta for at eit så stort forum ikkje vil fungere særleg godt. Derfor meiner komiteen at dette best kan løysast gjennom ei vidareføring av «Samarbeid for Sikkerhet», arbeidet i NORSOK og ikkje minst gjennom eit systematisk samarbeid om dei etablerte standardane og ei utforming av nye retningslinjer mellom partane.

Når det gjeld området utstøyting, sjukefråvær og aldring, er komiteen einig i dei tiltaka som departementet gjer framlegg om. Framlegget skisserer ei løysing der dei praktiske diskusjonane og gjennomføring av tiltak blir følgde opp i samarbeidsprosjektet «Aldring og helse» og ved at departementet skal nedsetje eit partssamansett utval for å gå nærare inn i dei meir overordna problemstillingane. Og dette er etter komiteen si meining tilfredsstillande i første omgang.

Når det gjeld spørsmålet om arbeidstakarrepresentasjon i lisenskomiteane, er komiteen delt. Eit fleirtal, beståande av medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at arbeidstakarane skal vere representerte i desse komiteane. Me meiner at dette vil vere eit gode for HMT-arbeidet og ikkje minst for bedriftsdemokratiet. Fleirtalet meiner at dei praktiske utfordringane rundt dette spørsmålet må finne si løysing i arbeidsgruppa under Sikkerhetsforum, som skal greie ut dette spørsmålet i ljos av lovfesta rettar og røynsler frå verksemda, utan at dette er i konflikt med det arbeidet Arbeidslivslovutvalet held på med. Det er litt leitt at fleirtalet i komiteen ikkje gjenspeglar seg i eit fleirtal her i salen, men det er som sagt ikkje for seint å snu.

Når det gjeld punktet om oppfølging av arbeidstid, har komiteen merka seg den omtala som er gitt i meldinga. Eg vil likevel streke under at lange arbeidstidsperiodar kan vere ein tryggleiksrisiko, og eg vil peike på at verneombodet har ei viktig rolle når det gjeld å sjå etter at arbeidet skjer på ein forsvarleg måte.

Regjeringa gjer vidare framlegg om å etablere ein fast undersøkingskommisjon for petroleumssektoren. Denne kommisjonen skal granske eller undersøkje alvorlege ulykker eller nestenulykker i næringa. Komiteen er tilfreds med ei slik etablering, men vil ikkje nå ta stilling til om dette skal organiserast i ein eigen kommisjon eller om det er mest fornuftig å etablere dette i ein eventuell felles kommisjon for ulykker.

Forsking og utvikling er eit viktig område. Utviklinga på sektoren tilseier store utfordringar når det gjeld bruk av nytt teknologisk utstyr, og ikkje minst når det gjeld forsking rundt helse, miljø og tryggleik. Det er derfor viktig at både staten og industrien følgjer opp med midlar, slik at langsiktige prosjekt kan førast vidare.

Når det gjeld endringar og samordningstiltak på myndigheitssida, viser Regjeringa til at dei ønskjer å vurdere ein fullstendig gjennomgang av Oljedirektoratet i løpet av 2002. Dette er komiteen positiv til. I den samanheng er det viktig ikkje berre at selskapa i industrien kjem med innspel, men òg at dei tilsette sine organisasjonar blir tekne med på råd. Komiteen er vidare einig i at Ojedirektoratet får ansvaret for koordinering av tilsynet med landanlegga, og meiner at transportdelen må bli ein del av det totale tilsynet. Eit fleirtal, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, SV og Senterpartiet, peikar òg på eit meir synleg tilsyn, og at det i så måte må fokuserast på Oljedirektoratet sin kompetanse og økonomiske situasjon. Dette er viktig, slik at Oljedirektoratet blir betre i stand til å gjennomføre tilsynet sitt og òg å auke aktiviteten.

Når det gjeld SUT-ordninga, «Samsvarsuttalelse for flyttbare innretninger», viser alle tilbakemeldingar at denne har vore vellukka. I tillegg har den sørgt for at regelverkskompetansen i næringa har blitt betra. Eit fleirtal i komiteen gjer framlegg om at denne ordninga blir gjord obligatorisk, og får her full støtte frå ein samrøystes energi- og miljøkomite. Derfor er det med undring eg registrerer at regjeringspartia i kommunalkomiteen ikkje har det same synet som sine partifellar i energi- og miljøkomiteen. Korleis dette heng saman, kan me kanskje få svar på seinare i debatten. Eg håper, som sagt, at både Høgre og Kristeleg Folkeparti vil snu under voteringa i saka. Men eg er i alle fall glad for at Framstegspartiet nå har endra syn og stør framlegget om at SUT-ordninga skal bli gjord obligatorisk.

Stortingsmeldinga peikar på at verneombodsordninga ikkje alltid fungerer etter formålet. Mellom anna har komiteen fått tilbakemelding om at lokal verneteneste opplever liten påverknad og medverknad i omstillingsprosessar. Oljedirektoratet har gjennom tilsyn registrert det same. Vidare har vervet låg status, og sjansane for ein karriere kan bli reduserte. Fleirtalet i komiteen meiner at praksis her må bli endra.

Mange tilsette har vore opptekne av innkvarteringsforholda på sokkelen. Meldinga seier klart at det er eit problem for tryggleiken dersom dei tilsette ikkje får nok restitusjon og kvile. Vidare seier meldinga at innkvarteringsforholda har blitt forverra dei seinare åra. Komiteen meiner at det er viktig at alle skal få lov til å sove aleine, og ber Oljedirektoratet følgje opp dette som eit sentralt punkt i tilsynet sitt.

I mange år nå har arbeidslivet sine partar jobba for å etablere eit eige fagbrev for kranførarar. Altfor mange ulykker har skjedd i samband med kran- og løfteoperasjonar. I dag får ein kranførar to til tre vekers opplæring, og dette er altfor dårleg. Etablering av ei ordning med fagbrev vil representere eit viktig framsteg, og komiteen vil be om at dette arbeidet blir forsert, og at kranfag som eit nytt lærefag er på plass så snart som råd er – seinast i 2003.

Gjennomsnittsalderen på flyttbare innretningar på norsk sokkel nærmar seg nå 20 år. Komiteen meiner at det ikkje dermed inneber at innretningane er dårlege og farlege. Det kan ikkje dokumenterast at det er nokon samanheng mellom alder og tryggleik dersom vedlikehaldet har vore godt. Eg ser likevel at dette kan bli eit problem på sikt, men at langsiktige kontraktar for eigarar av riggar kan vere med og snu denne utviklinga.

Arbeidet med denne stortingsmeldinga må ikkje skape det inntrykket at ein nå er tilfreds med det arbeidet som er gjort. Føremålet må vere at det nå er gjort ei undersøking av statusen for HMT-arbeidet, og at myndigheitene på denne måten pålegg industrien å intensivere arbeidet, og ikkje minst at tilsynet blir styrkt. Berre slik vil denne meldinga vere eit positivt bidrag til utviklinga i framtida.

Eg tek med dette opp tilrådinga frå komiteen og dessutan mindretalsforslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Presidenten: Representanten Oppebøen Hansen har tatt opp det forslaget han refererte til.

Hans Kristian Hogsnes (H): Jeg kan bekrefte saksordførers opplysning om at det hersker en bred og tverrpolitisk enighet i kommunalkomiteen om innholdet i St.meld. nr. 7, Om helse, miljø og sikkerhet i petroleumssektoren. Dette er, som allerede nevnt, den første meldingen av et slikt omfang siden 1993, og den tar for seg utviklingstrekk, regelverk og tilsyn, særskilte problemstillinger på HMS-området, samarbeid mellom myndighetene og partene, satsingsområder og administrative og økonomiske konsekvenser. Meldingen er kort og godt en gjennomgang av helse-, miljø- og sikkerhetssituasjonen i petroleumsnæringen. Dette området blir stadig viktigere. Utstyr eldes, teknologien forbedres, og kravene om mer effektiv drift medfører stadig større krav til både aktører, ansatte og tilsynsmyndigheter. Næringen har selv ansvaret for HMS-tiltak, og departementet uttrykker da også i meldingen tilfredshet med gjennomføringsviljen.

Det er altså en samlet komite som i all hovedsak støtter de anbefalingene som ligger i meldingen. Det er imidlertid et par punkter som splitter. Det ene er synet på spørsmålet om arbeidstakerrepresentasjon i lisenskomiteene. Fra Høyres side finner jeg det viktig å understreke at dette er et spørsmål som må ses i sammenheng med andre former for arbeidstakermedvirkning. Det er mange både prinsipielle og mer pragmatiske problemer ved arbeidstakerrepresentasjon i lisenskomiteer. Derfor står Høyre sammen med Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti om en merknad om at vi ikke vil konkludere i dette spørsmålet før det er nedsatt en egen arbeidsgruppe som har gjennomgått hele problemkomplekset og drøftet arbeidstakermedvirkning på bred basis. Da er det spesielt viktig at en slik arbeidsgruppe får mandat til å foreta de tiltak den ser som nødvendige.

Fra Høyres side er det heller ikke aktuelt å støtte mindretallsforslaget fra Arbeiderpartiet og SV om endring i arbeidstakerrepresentasjonen i rederistyrer. Vi forutsetter at arbeidstakerne har den representasjon og innflytelse som lov og regelverk tilsier.

For øvrig vil Høyre stemme for de tre punktene som utgjør komiteens innstilling til vedtak her i Stortinget, herunder punkt II om SUT-ordningen.

Torbjørn Andersen (FrP): Det er svært bekymringsfullt at det i løpet av de to-tre siste årene er blitt konstatert at det samlede risikonivået på norsk sokkel er i ferd med å øke. Dette har skjedd selv om det har vært en klar reduksjon av risikonivået, dersom vi ser dette over en lengre periode på 15-30 år.

Årsaken til denne negative trenden innen HMS i petroleumsvirksomheten de siste årene er ifølge stortingsmeldingen bl.a. de mange og omfattende endringsprosesser som er blitt gjennomført på 1990-tallet. I meldingen vises det til at både organisatoriske, teknologiske og operasjonelle effektiviseringstiltak ble iverksatt uten at det samtidig ble fokusert tilstrekkelig på hvilke konsekvenser disse effektiviseringstiltakene kunne få for helse, miljø og sikkerhet. I tillegg til dette er det indikasjoner på at manglende ivaretakelse av krav i gjeldende HMS-regelverk er en medvirkende faktor til det reduserte sikkerhetsnivået. Fremskrittspartiet er på denne bakgrunn meget positiv til at det er fremmet en egen stortingsmelding som drøfter dette viktige temaet.

Norsk petroleumsvirksomhet fremstod på 1980-tallet som en foregangsnæring innen helse, miljø og sikkerhet. Dette skjedde etter at norsk petroleumsnæring hadde tapt stor tillit, først ved Bravo-utblåsingen på Ekofisk i 1977, der 15 000 tonn olje forurenset Nordsjøen, og deretter i 1980 da den hittil alvorligste ulykken som har rammet petroleumsvirksomheten på norsk sokkel, skjedde, da «Alexander L. Kielland» havarerte og 123 mennesker omkom.

Disse dramatiske hendelsene bidrog til at det ble fokusert sterkt på sikkerhet og arbeidsmiljø i Nordsjøen på 1980-tallet. Resultatet av dette intense arbeidet for økt sikkerhet i Nordsjøen ble oppbygging av en høy kompetanse på HMS-området – en HMS-kompetanse som trolig er betydelig større i petroleumsindustrien enn den er i annen norsk industri i dag.

Den negative trenden ble den gang snudd etter disse alvorlige hendelsene, og sikkerhetsresultatene på norsk sokkel de siste 20 årene har derfor vært positive, på tross av at virksomheten i Nordsjøen ofte er en farefull og tøff arbeidsplass. Men denne positive HMS-utviklingen sett over de siste 20 årene kan også ha blitt en sovepute. På slutten av 1990-tallet ble det som kjent fra stadig flere hold hevdet at sikkerheten ikke lenger ble like høyt prioritert som tidligere. Det ble meldt fra om stadig flere nestenulykker og uønskede situasjoner. Det hele toppet seg sommeren 2000 da fagforeningene erfarte at sikkerheten ikke lenger var så god som den hadde vært tidligere. Dette brakte Oljedirektoratet sterkt på banen, og det ble lagt grunnlag for en positiv dialog mellom partene, noe som igjen har lagt grunnlag for at det nå er grunn til å se lysere på sikkerhetsarbeidet innen petroleumsvirksomheten framover.

Det er i denne sammenheng positivt at Regjeringen og Stortinget gjennom denne meldingen klargjør målene for den videre utviklingen på helse-, miljø- og sikkerhetsområdet for petroleumsvirksomheten på norsk sokkel. Alle partier er enige om at målet må være at petroleumsnæringen skal være en foregangsnæring innenfor HMS-arbeidet, og dette er selvsagt både gledelig og positivt. Det er også prisverdig at departementet gjennom nært samarbeid med arbeidsgiver- og arbeidstakersiden samt med enkeltaktører etter beste evne har søkt å identifisere problemene som er oppstått, for å kunne sette inn de rette tiltakene for å bringe HMS-arbeidet tilbake i den rollen det fortjener.

Det er også fornuftig å satse på fornyet og forsterket partssamarbeid og arbeidstakermedvirkning for å sikre og utvikle tilsyns- og regelverksmodeller som er à jour med den teknologiske og operasjonelle utviklingen. Det er absolutt fornuftig å legge opp til at kunnskapsutvikling og satsing på HMS-området må følge den teknologiske utviklingen, slik at HMS-innsatsen makter å holde tritt med det kontinuerlige omstillingsarbeidet som en til enhver tid må forvente vil finne sted i oljebransjen. De alvorlige menneskelige og samfunnsmessige konsekvenser av storulykker gjør det helt nødvendig med en sterk og vedvarende HMS-fokusering på alle områder og i alle faser av virksomheten i Nordsjøen. At hovedansvaret for HMS er plassert hos arbeidsgiver og operatørselskaper, er selvsagt helt riktig, men også den enkelte arbeidstaker må ansvarliggjøres dersom man skal lykkes fullt ut med å snu de siste årenes negative HMS-trend.

Et sanksjonssystem med en variert virkemiddelstruktur er derfor avgjørende. Vedvarende brudd på gjeldende HMS-regelverk skal og må derfor få konsekvenser for både operatører og arbeidstakere. Streng bruk av sanksjonsmidler er et effektivt virkemiddel for å ansvarliggjøre aktørene og ha en forebyggende effekt.

Fremskrittspartiet er opptatt av at det etableres et høyt sikkerhetsnivå i norsk petroleumsvirksomhet – dette både sett i forhold til den økonomiske betydningen for landet, i forhold til det risikobildet petroleumsvirksomheten representerer og ikke minst i forhold til sikkerheten for den enkelte arbeidstaker. Fremskrittspartiet mener at det å opprettholde en meget høy grad av sikkerhet i petroleumsvirksomheten bidrar til å forebygge risikoen for storulykker samt redusere risikoen for skader og dødsulykker blant ansatte og andre som arbeider ute på norsk sokkel.

Når det gjelder lisenskomiteene og arbeidstakermedvirkning der, vil jeg kort få legge til at jeg for så vidt prinsipielt ikke nødvendigvis er imot det, men vi har tatt den stilling at en arbeidsgruppe først må se nærmere på dette. Så får vi se hva den kommer fram til og ta endelig stilling da.

Fremskrittspartiet vil iallfall, av de grunner som jeg har redegjort for, gi sin tilslutning til og anbefale innholdet i denne stortingsmeldingen om sikkerhet i norsk petroleumsvirksomhet i Nordsjøen.

Karin Andersen (SV): For halvannet år siden fremmet SV et privat forslag i Stortinget om å få en egen melding om helse, miljø og sikkerhet i oljebransjen. Det gjorde vi fordi vi så at det var store ulykker, og fordi vi fikk mange meldinger om at sikkerheten ikke var god nok. I dag har vi fått denne meldingen. Den er god, og den får flertall, og det er SV veldig glad for. Vi mener nå at de ansatte på sokkelen kan forvente en tryggere hverdag framover, og at kvaliteten på produksjonen der gjennom dette også får et kvalitetsstempel som det er svært viktig for dem å ha.

Det var for lite fokusering på sikkerhet, og det var for dårlig samarbeid. Arbeidet fram til meldingen har ført til bedre samarbeid og større sikkerhet. Derfor er det viktig at man nå når man endelig har fått en melding, ikke glir tilbake til gamle spor og ikke viderefører det arbeidet som nå er godt i gang. Derfor er det viktig at man får en egen melding om dette temaet hvert fjerde år, noe hele komiteen har sluttet seg til.

Det er også viktig at man nå har våget seg på den gode filosofien om at man i utgangspunktet ønsker at ingen ulykker skal skje. Det er et ambisiøst mål, men jeg tror egentlig ikke man kan ha noe annet mål, spesielt ikke i en bransje der risikoen må være minimal, fordi farligheten er så uendelig stor hvis det først går galt. Derfor er det riktig å ha en slik filosofi.

Sikkerhet er god butikk. God helse, godt miljø og god sikkerhet må man derfor legge vekt på gjennom hele prosessen. Under arbeidet med denne meldingen har vi bl.a. blitt konfrontert med et slagord som visstnok stort sett blir framført på engelsk, men som på norsk lyder slik: Hvis du synes sikkerhet er dyrt, prøv en ulykke. Dette tror jeg er en god påminning. Alt sikkerhetsarbeid dreier seg jo egentlig om å betale for at noe galt ikke skal skje. Det gjør at alt slikt arbeid også har lett for å bli slakket på hvis ting går bra. Slik er vi mennesker, og slik er det også i bransjer. En viktig konsekvens av dette er at SV og flertallet nå mener at man også må øke kontrollvirksomheten, kombinert med gode egenkontrollsystemer. Hvis risikoen for å bli oppdaget hvis man gjør feil, ikke er til stede eller er minimal, så er det dessverre slik at ting slakkes på. På alle områder er det slik. Derfor er det nødvendig både at man øker kontrollvirksomheten og at tilsynsorganene blir styrket, men like viktig er det at vernetjenesten styrkes.

Det er komplisert og krevende å drive godt vernearbeid og godt helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i oljesektoren. Da er det viktig at alle de partene som skal være med og ta det store ansvaret det er å få dette på plass, har gode betingelser og kan uføre sitt viktige oppdrag. Og den egenkontrollen som ligger i det å ha en god vernetjeneste, og det at man også fra arbeidstakersiden derigjennom er med på å konkurrere om å være best på helse, miljø og sikkerhet, tror jeg er en drivkraft som man ikke skal undervurdere.

SV har ment at de ansatte også skal være med i lisenskomiteene. Dette er Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV enige om og går inn for. Det er skuffende at vi ikke har fått flertall for dette. Sokkelen ville ha tjent på at de ansatte hadde fått vært med. Det er i lisensene mye skjer. Dette kunne ha bidratt til at det varemerket som sikkerhet er, kunne ha blitt enda sterkere i denne sektoren.

Så var vi veldig glade da energi- og miljøkomiteen kom med sin kommentar til vår behandling i kommunalkomiteen. De gav full støtte til det viktige synspunkt flertallet i kommunalkomiteen hadde om at SUT-ordningen burde bli obligatorisk. Den er viktig, og jeg er veldig glad for at det nå ser ut til å bli et enstemmig storting som slutter seg til dette.

Så er jeg også glad for at vi under behandlingen har greid å få enighet om at samarbeid for sikkerhet skal videreføres og utvides, at det er de ordningene som i praksis nå har vist seg gode, og som bransjen sjøl sammen med organisasjonene har utviklet og ønsker å jobbe videre med, vi styrker, og at man også får på plass de aktørene i denne bransjen som til nå ikke har vært inne i disse komiteene. Det er veldig viktig at de også finner sin plass innenfor dette systemet og bruker det som et formålstjenlig apparat.

Så til slutt: En av de morsomme sidene ved dette har vært retten til å sove alene. Det høres kanskje litt morsomt ut, men jeg tror at alle de som har opplevd et snorkeproblem nært innpå seg, vet at dette kan gå både på nervene, nattesøvnen, humøret og konsentrasjonen løs. Det er viktig at man har fått slått fast et prinsipp når det dreier seg om dette. Arbeidstakere på sokkelen trenger å være utsovet og ha alle sansene parat når de skal jobbe i denne bransjen der sikkerhetsmarginene er så små.

SV lover også å jobbe videre med sikkerhet på sokkelen, bl.a. gjelder det kravet om full radardekning for helikoptertrafikken, som meldingen nå ikke berører.

Anita Apelthun Sæle (KrF): Saksordføraren har sagt det viktigaste i denne saka, og komiteen stiller seg i all hovudsak bak. Men eg vil koma med nokre få kommentarar, og då vil eg understreka at oljeeventyret for oss som bur på kysten, også har stått fram som eit eventyr for satsing på helse, miljø og sikkerheit, jamvel om det har vore ein del store ulykker. Sikkerheita i Nordsjøen har stått fram som mønsterverdig også for næringslivet elles, og det skulle eigentleg berre mangla, for fortenesta er eventyrleg, for å verta i biletet, når vi taler om havets svarte gull, og kvart eit lite uhell på sokkelen kan lett utvikla seg til ein katastrofe. Innføring av ein nullfilosofi er derfor viktig. Den går ut på at ulykker ikkje skjer, men vert valda, og dei kan derfor førebyggjast. Målet er altså null skadar og null ulykker. Dette føreset naturlegvis ei kontinuerleg fokusering på risikostyring, på førebygging og læring.

Det er viktig at næringa i framtida, som i fortida, skal vera i forkant når det gjeld omsynet til sikkerheit og arbeidsmiljø, og at vi ikkje godtek at ein opplever tilbakeslag på HMS-området, slik ein for så vidt har gjort. Vi krev faktisk litt meir av petroleumsverksemda. Verksemda i Nordsjøen skal vera eit førebilete for landbasert verksemd, og det skal vera trygt å jobba på sokkelen. Derfor ynskjer Stortinget også å vera tett på utviklinga, og det er ein samla komite som ber Regjeringa om å fremma ei stortingsmelding om HMS-tilstanden i petroleumssektoren kvart fjerde år.

Som det har gått fram av saksordførarens innlegg, er det stor semje i denne innstillinga. Det er berre på nokre få område det er ein viss divergens, og den eine divergensen går for så vidt rett gjennom dei partia som dannar regjering. I energi- og miljøkomiteens høyringsutsegn til innstillinga ber også regjeringspartia om at SUT-ordninga vert obligatorisk. No er ikkje dette ein reell meiningsforskjell; også i kommunalkomiteens merknader viser regjeringspartia til at SUT-ordninga ser ut til å fungera godt. Men Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner at vi har tid til å venta på den evalueringa som var varsla for ordninga, og som skulle vera ferdig allereie på slutten av dette året. Men når fleirtalet ikkje vil venta, men vil ta standpunkt no, så ser eg ingen grunn til å stemma imot eit fleirtalsvedtak av ein slik karakter. Eg anbefaler derfor Kristeleg Folkeparti sine medlemer å stemme for forslaget om obligatorisk SUT-ordning i dag.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Den 18. april i år presenterte Oljedirektoratet ei undersøking der 3310 offshoretilsette svarte på spørsmål om trivsel og frykt i arbeid. 37 pst. av dei tilsette meinte ulykkesrapportar vart pynta på, 41 pst. meinte at omsynet til produksjon går føre omsynet til helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Endå fleire sa at dei arbeidde jamvel om dei var trøtte, 37 pst. sa at dei var plaga av muskel- og skjelettlidingar, 16 pst. av nedsett hørsel. Dagen før denne presentasjonen skjedde det ei tragisk dødsulykke på oljeriggen «Biford Dolphin» i Nordsjøen, eit røyrstykke fall frå boretårnet. Det sette undersøkinga i eit heilt spesielt relieff. No meiner Oljedirektoratet at den negative trenden som ein såg på sokkelen i 1999 og 2000, har snudd når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. Auka fokus på sikkerheit kombinert med eit betre og tillitsfullt samarbeid mellom partane i næringa synest å vera det mest positive utviklingstrekket, heitte det i pressemeldinga frå direktoratet. Det er bra. Senterpartiet meiner at St.meld. nr. 7 og behandlinga av den likevel har vist at det framleis er nødvendig å ha stadig auka fokus på sikkerheit. Oljedirektoratet si siste undersøking og deira kommentarar understrekar det same.

Komiteen har hatt ei grundig behandling av denne meldinga. Vi har vore på besøk i Oljedirektoratet, vi har vore på sokkelen, vi har hatt høyringar med representantar frå arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Saksordførar har på vegner av oss alle lagt ned eit godt og grundig arbeid.

Frå Senterpartiet vil eg halda fram følgjande: Vi er fornøgde med at ein samla komite vil ha ei stortingsmelding om helse, miljø og sikkerheit på sokkelen kvart fjerde år. Det understrekar Stortinget sitt ynske om stadig fokus på sikkerheit. Eg ber statsråden merka seg ynsket om styrking av budsjettet til Oljedirektoratet når dei får tilført nye oppgåver i form av styrkt tilsyn. Vi er glade for at fokus på det å ha moglegheit til ei god natts søvn har resultert i ei formulering om at alle skal ha tilbod om å sova åleine. Vi er òg fornøgde med at eit fleirtal ynskjer meir langsiktige kontraktar for eigarar av riggar. Vi er glade for at det vert fokusert på trålfiske innafor tryggingssona, og at det skal slåast hardt ned på det, og vi er fornøgde med at heile Stortinget no vil gjera SUT-ordninga obligatorisk.

Vi står i lag med Arbeidarpartiet og SV om arbeidstakarmedverknad i lisenskomiteane. Frå vår side er det eit uttrykk for den moglegheita som vil liggja i å få velja ut selskap med høg profil på helse, miljø og tryggleik. Vi hadde òg gjerne sett at fleirtalet var breiare enn eit fleirtal i komiteen som vil styrkja verneombodsordninga gjennom forsking på såkalla suksesskriterium.

Vi er overraska over at meldinga ikkje i det heile drøftar beredskapsfartøya si rolle. Stortinget har nyleg bedt om at det ikkje måtte gjerast endringar som kunne føra til ei svekking av tryggleiken, korkje når det gjeld beredskap internt på fartøyet eller i form av helikopter. To beredskapsfartøy er fjerna sidan den felles komitemerknaden vart skriven i Stortinget. No ber ein samla komite Regjeringa vurdera eventuelle tiltak som sikrar at beredskapsfartøya framleis er eit sentralt element i den totale beredskapen på sokkelen. For dei av oss som var med ute på Gullfaks C, vart det tydeleggjort kva eit beredskapsfartøy kan bety både når det gjeld moglegheita til rask evakuering og når det gjeld den avgrensinga som kan vera der i forhold til helikopter ved vanskelege vêrforhold, og at eit beredskapsfartøy òg kan vera ein buffer mot framande fartøy.

Heilt til slutt: Det er understreka frå direktoratet og i meldinga at når ein no ser ei positiv utvikling, så har det fyrst og fremst si årsak i samarbeid mellom alle partar. Eg var noko fasinert av det nye samarbeidsforumet som vart drøfta i meldinga, men eg ser at det nok har meir for seg å styrkja samarbeidet i dei fora som allereie er oppretta.

Presidenten: Presidenten tar sikte på at stortingsmøtet kan fullføres i formiddag, selv om det skulle gå litt utover den reglementsfestede tid.

Statsråd Victor D. Norman: Alle som har fulgt utviklingen på den norske petroleumssokkelen og som kjenner den spesielle arbeidssituasjonen der, skjønner behovet for de helt spesielle krav til sikkerhet som må gjelde – og som gjelder – for denne sektoren.

Sikkerhet og arbeidsmiljø er selvfølgelig først og fremst viktig for den enkelte arbeidstaker i Nordsjøen. Men med den betydning petroleumssektoren har for norsk økonomi, er et høyt sikkerhetsnivå – og den trygghet mot produksjonsavbrudd som ligger i det – også god bedriftsøkonomi og god samfunnsøkonomi. Med de store verdiene som ligger i produksjonsanlegg og utstyr, er det også god forsikringsøkonomi. På tilsvarende måte representerer petroleumsvirksomheten i prinsippet en så stor latent fare for det fysiske miljøet at sikkerheten på sokkelen også er god miljøpolitikk.

Gjennom den stortingsmeldingen vi har fremlagt, ønsket vi å komme i inngrep med og klargjøre disse problemstillingene. Regjeringen ville samtidig understreke forventningene om at næringen skal vektlegge helse, miljø og sikkerhet i alle faser av virksomheten. Meldingen peker på uakseptable og uheldige utviklingstrekk, på tiltak som må iverksettes og på hvem som i første rekke har ansvaret for å iverksette disse. Stortingsmeldingen klargjør målene for den videre utviklingen og ansvarliggjør industrien og myndighetene i forhold til regelverkets krav om kontinuerlig forbedring.

Jeg er veldig glad for at kommunalkomiteen i all hovedsak støtter innholdet og forslagene til tiltak i stortingsmeldingen. Det er avgjørende at vi har bred oppslutning om sikkerhetsarbeidet på sokkelen, og at vi har så felles oppfatning som mulig om de tiltakene som er nødvendig.

Jeg merker meg også at komiteen på enkelte områder har et annet eller litt avvikende syn i forhold til det Regjeringen legger opp til. Men jeg har lyst til å understreke at ingen av de områdene hvor det er uenighet, kan sies å gå på fundamentale forhold i forhold til sikkerhetsarbeidet. Så igjen er det enigheten som er det slående trekket her. Noen av kommentarene og forslagene fra kommunalkomiteen berører andre departementers ansvarsområder, og jeg vil derfor formidle komiteens merknader til disse departementene.

I forhold til de konkrete tilrådingene som komiteen har kommet med, har jeg følgende kommentarer: Jeg har fått klare tilbakemeldinger om at arbeidet med meldingen i seg selv har bidratt til å skape nye arenaer for dialog og en mer lik virkelighetsforståelse mellom partene. Arbeidet har videre bidratt til å sikre fornyet fokus på HMS-arbeidet og HMS-nivået innen sektoren. Utarbeidelse av en stortingsmelding om HMS-arbeidet hvert fjerde år vil derfor etter mitt syn også i seg selv kunne bidra til et fortsatt og nødvendig fokusering på dette området, både på nærings- og myndighetssiden. Så vi er innstilt på å følge opp dette forslaget.

Komiteen har fått et godt inntrykk av den etablerte ordningen med at myndighetene tar stilling til om en flyttbar boreinnretning og relevante deler av rederienes styringssystem er i samsvar med regelverket, altså den såkalte SUT-ordningen. Jeg deler dette positive inntrykket av ordningen. Flertallet i komiteen – og nå hele komiteen etter hvert – går inn for at ordningen gjøres obligatorisk, og at Stortinget skal fatte vedtak om det. Jeg tar det til etterretning og er altså i utgangspunktet veldig positiv til ideen. Jeg må imidlertid peke på at en obligatorisk samsvarsuttalelse, eller SUT, kan gi et mer lukket marked for rigger på norsk sokkel ved at kun de som har SUT, vil få anledning til å arbeide her.

Departementet og Oljedirektoratet har parallelt arbeidet sammen med andre sokkelstatsmyndigheter for at myndighetene gjensidig skal kunne godta hverandres inspeksjoner og dokumentasjon, dog med enkelte særkrav i de enkelte land. Jeg vil derfor måtte utrede nærmere de formelle sidene ved en obligatorisk SUT-ordning, herunder om en obligatorisk ordning vil være i samsvar med etableringsreglene i EØS-avtalen. Det betyr at jeg vil komme tilbake til Stortinget i forbindelse med et eventuelt lovforslag eller ved en annen passende anledning hvor jeg kan gi en samlet fremstilling av hvordan vi kan følge opp Stortingets vedtak og hvilke begrensninger som eventuelt ligger i EØS-avtalen, eller om vi har andre begrensninger.

Stortingsmeldingen fokuserer på forhold som næringen må gripe fatt i, og jeg er glad for at komiteen gir støtte til disse viktige tiltakene. Utviklingen innenfor petroleumssektoren innebærer en tettere integrering av land- og sokkelanlegg. Det fokuseres i stadig større grad på grenseflatene mellom petroleumsvirksomheten og virksomhet i tilknytning til denne. Jeg er tilfreds med at komiteen deler mitt syn om at Oljedirektoratet bør overta ansvaret for koordineringen av tilsynet med landanleggene, samt at direktoratet får et større ansvar for tilsynet, også med «transportdelen» av virksomheten, dvs. helikopter- og båttransport til og fra feltene. Jeg viser i den sammenheng også til den gjennomgang av alle tilsynsmyndigheter som skal finne sted i år, hvor også tilsynet med transportsikkerhet vil inngå.

I stortingsmeldingen pekes det på behovet for en ny og flerårig satsing på forskning og kompetanseutvikling. Stortinget har tidligere gitt sin tilslutning til at det ble bevilget 15 mill. kr for budsjettåret 2002. I tillegg er Oljedirektoratets budsjett styrket for å legge til rette for kompetanseøkning i etaten. Jeg har merket meg at et flertall i komiteen mener at det i tillegg er behov for mer forskning på enkelte HMS-områder.

Jeg vil understreke at ansvaret for løpende å identifisere og iverksette forbedringstiltak i første rekke ligger og skal ligge hos næringen selv, og da spesielt hos den enkelte operatør og arbeidsgiver. Det er næringen som har den nødvendige detaljkunnskap, den relevante beslutningsmyndighet og de nødvendige ressurser. Næringen selv har hovedansvaret – og skal ha hovedansvaret – for å ivareta helse, miljø og sikkerhet i alle faser av virksomheten. Myndighetenes rolle er og skal være å sørge for veiledning og tilsyn som kommer i tillegg til aktørenes eget tilsyn, og som i hovedsak skal og må være risikobasert og forebyggende. Det er en viktig oppgave myndighetene har i den forbindelse, og jeg vil presisere at jeg ser det som en av mine viktige oppgaver å sikre et fortsatt og kontinuerlig fokus på helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten. Men jeg vil samtidig også gjenta at myndighetenes ansvar ikke kan erstatte det klare ansvar som næringen selv må ha.

Presidenten: Det åpnes for replikkordskifte – i den utstrekning det er nødvendig.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Ja, president, ein kunne vel kanskje hatt ein diskusjon om det er nødvendig, men på mange måtar blei eg litt usikker da statsråden kom inn på SUT-ordninga. Det som er situasjonen, er at det vil bli eit samrøystes storting her i dag som slår fast at det skal vere ei obligatorisk ordning, og da ønskjer eg berre at statsråden bekreftar at det er målsetjinga hans, og det skal han jobbe etter. Det er klart at han må halde seg til eit regelverk og sjå på ordninga i forhold til det. Men prinsippet må liggje fast når eit samrøystes storting slår fast at SUT-ordninga skal vere obligatorisk. Eg vil berre ha ei stadfesting frå statsråden på at det er det han skal jobbe etter.

Statsråd Victor D. Norman: Jeg trodde jeg hadde vært krystallklar. Svaret var ja. Men vi må både se på hvilke lovendringer som måtte være nødvendig, og sjekke om ordningen er i samsvar med EØS-regelverket – de begrensningene ligger der. Jeg kan derfor ikke i dag si på hvilken måte vi vil komme tilbake med oppfølging av saken.

Vi ser positivt på SUT-ordningen. Vi tar til etterretning at det ligger an til at et enstemmig storting ønsker den. Og som jeg selv sa, jeg synes ordningen i prinsippet er en god ordning, men den vil lukke deler av sokkelen, og derfor er det viktige spørsmål som må avklares, spesielt i forhold til EØS-avtalen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk.

Flere har heller ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Sigvald Oppebøen Hansen satt frem et forslag på vegne av Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om lov- og regelverksendringer som sikrer arbeidstakerrepresentasjon i rederistyrer.»

Votering:Forslaget fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti ble med 63 mot 39 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 15.13.55)Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget ber Regjeringen fremme en stortingsmelding om HMS-tilstanden i petroleumssektoren hvert fjerde år.

II

Stortinget ber Regjeringa om å fremje forslag om å gjere ordninga med å utstede samsvarsuttale for flyttbare innretningar, «SUT-ordninga», obligatorisk.

III

St.meld. nr. 7 (2001-2002) – om helse, miljø og sikkerhet i petroleumssektoren – vert å leggje ved protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.