Stortinget - Møte onsdag den 5. februar 2003 kl. 10

Dato: 05.02.2003

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Magnhild Meltveit Kleppa til kultur- og kirkeministeren, er overført til finansministeren som rette vedkommende. Spørsmålet vil imidlertid bli besvart av kultur- og kirkeministeren på vegne av finansministeren.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til kultur- og kyrkjeministeren:

«Mange kyrkjelydar har etablert månadlege gåveordningar.

Vil statsråden ta initiativ til å utvida ordninga med skattefrådrag for gåver til organisasjonar til også å gjelda Den norske kyrkja?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ordninga med skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar ligg innanfor finansministeren sitt ansvarsområde. Sidan han ikkje har høve til å vera her i dag, har han bede meg om å svara på spørsmålet for han.

Etter framlegg frå Samarbeidsregjeringa vart frådraget for gåver til frivillige organisasjonar eit eige frådrag frå og med inntektsåret 2003. Samstundes vart grensa for frådraget auka til 6 000 kr. Den norske kyrkja er ein del av statsforvaltninga, og med dagens regelverk er ikkje Kyrkja omfatta av ordninga med frådrag.

Det er fleire vesentlege skilnader mellom Den norske kyrkja og trudoms- og livssynssamfunn. Kyrkja er eit trudomssamfunn, men òg ein statsinstitusjon som får eigne løyvingar over statsbudsjettet. Vidare er Kyrkja oppretta og styrt med heimel i lov, i motsetning til frivillige organisasjonar. Andre trudoms- og livssynssamfunn mottek eit tilskott pr. medlem.

Dersom Stortinget ynskjer å utvida ordninga med frådrag slik at Den norske kyrkja blir omfatta, krev dette både ei lovendring og eit løyvingsvedtak. Finansdepartementet har anslått det årlege isolerte provenytapet av å inkludera Kyrkja i ordninga til om lag 55 mill. kr i 2003.

Det er mange frivillige organisasjonar som har ei nær tilknyting til Den norske kyrkja. Desse frivillige organisasjonane er ikkje underlagde Kyrkja sine bestemmande organ, men opererer likevel på vegner av Kyrkja i enkelte høve. Innanfor dagens ordning med frådrag for gåver kan dei frivillige organisasjonane med tilknyting til Kyrkja inkluderast i frådragsordninga dersom dei tilfredsstiller andre vilkår i skattelova. Fleire av desse frivillige organisasjonane er alt godkjende av likningsmyndigheitene, slik at gåver gir rett til frådrag for givaren.

Regjeringa er oppteken av den økonomiske situasjonen i Kyrkja, og vi vil leggja opp til ein dialog med Kyrkjerådet om korleis dette best mogleg kan følgjast opp, som eit ledd i prosessen for budsjettet for 2004.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ordninga med skattefrådrag er bra for dei frivillige organisasjonane. Senterpartiet føreslo i haust at òg lokalleddet vart inkludert. Det kjem vi til å ta opp igjen.

Når det gjeld Den norske kyrkja, har ho bruk for ein heilskapleg økonomi som omfattar både moglegheiter til vedlikehald og midlar til drift. Det ideelle er at kommuneøkonomien er så romsleg at Kyrkja får sine rettmessige midlar. Men signalet frå Regjeringa og Framstegspartiet tyder jo ikkje på at økonomien kjem til å bli slik med det fyrste. Og når då mange kyrkjer har givarteneste i dag – frå mitt område veit eg at ein kyrkjelyd i Sandnes får inn 1 mill. kr på den måten, ein annan 600 000 kr, nokre slår seg saman og lønar ein prest – vil mitt spørsmål vera: Ser statsråden føre seg at denne dialogen som skal førast, skal innebera at statsråden opnar for frådrag for den typen givarteneste?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: For det fyrste er eg glad for engasjementet til representanten. Skattefrådrag for frivillige organisasjonar har vore ei kampsak for Kristeleg Folkeparti i mange år. Vi fekk det ikkje til førre gongen vi var i regjering, men vi har altså fått det til no. Eg er òg glad for støtta frå Senterpartiet i ettertid.

Når det gjeld Kyrkja sin økonomi, er det eit ganske komplisert spørsmål. Vi vil gripa fatt i det og sjå kva vi skal gjera der. Min dialog med Kyrkjerådet går ut på, som ei målsetjing, at vi skal få dette til. Men det blir då eit budsjettspørsmål og eit prioriteringsspørsmål i forhold til 2004. Vi har òg ein del spørsmål som vi må få svar på, fordi dette kan òg vera med og tappa ein del av dei frivillige organisasjonane for gåver som då kjem Kyrkja til gode og ikkje dei frivillige organisasjonane. Som eg sa i svaret mitt: Mange av desse har sjølvsagt felles interesser her, difor ynskjer eg den dialogen med Kyrkjerådet før Regjeringa eventuelt endrar desse lovene, og eventuelt prioriterer dei framfor budsjettet i 2004. Eg vil ikkje gjera det utan at vi har fått eit klarsignal om at det er eit sterkt ynske òg frå Kyrkjerådet.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for eit positivt svar.

Eg håpar at statsråden lukkast i si prioritering. Og lat meg seia frå Senterpartiet: Vi har å gjera med ei regjering som har varsla ytterlegare generell skattelette, og då må det jo vera ein fordel å bruka ei eventuell skattelette så målretta som det vil vera å stimulera til ytterlegare givartenester for samfunnsbyggjande arbeid.

Eg er ikkje redd for konkurransevridinga mellom frivillige organisasjonar og Kyrkja. I så måte har frivillige organisasjonar no fått eit fortrinn som då vil bli nulla ut ved ei endring. Eg trur faktisk at statsråden kan få oppleva at engasjementet totalt sett vil bli større, fordi dei midlane som vert gitt, kan tøyast lenger ved eit skattefrådrag.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur representanten har veldig rett i sin analyse. Men eg ynskjer likevel å ha ein dialog med Kyrkjerådet før vi set i gang arbeidet. Eg synest det er viktig.

Det er sant som representanten seier, at Regjeringa har lovt skattelette. Dette er ei veldig positiv form for skattelette, og eg er veldig glad for at vi har fått rom for det i den regjeringa vi er med i no. Men eg har òg lyst til å seia heilt på tampen at kyrkjeøkonomien ikkje har blitt betre etter at Senterpartiet faktisk i budsjettet i fjor var med på å kutta på løyvingane til Kyrkja. Det er òg eit faktum som eg ikkje vil unnlata å nemna i denne samanhengen.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vi må hugsa kommuneøkonomien òg då.

Presidenten: Da er vi ferdige med den runden i denne omgang, men det høres ut til at det kan bli flere.