Stortinget - Møte onsdag den 24. november 2004 kl. 10

Dato: 24.11.2004

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Audun Bjørlo Lysbakken (SV) [12:19:51]: «95 pst. av alle kasserte mobiltelefoner blir kastet rett i søppelet. Telefonene inneholder en rekke miljøskadelige stoffer. Bare i 2003 ble det solgt 1,6 millioner mobiltelefoner i Norge. Naturvernforbundet har tidligere foreslått en panteordning for å stimulere til innlevering av kasserte mobiltelefoner. Nylig gav Konkurransetilsynet sin støtte til denne ideen.

Vil statsråden vurdere å innføre en slik panteordning?»

Statsråd Knut Arild Hareide [12:20:22]: Mobiltelefonar og andre elektriske og elektroniske småapparat inneheld miljøgifter som kan vera til skade for både menneske og natur. Eg er derfor oppteken av at så mykje som mogleg av avfallet frå slike produkt blir samla inn og forsvarleg behandla. Regjeringa har i avfallspolitikken lagt opp til ei ordning der næringslivet sjølv finn fram til dei mest optimale løysingane for å samla inn dette avfallet.

På denne bakgrunnen har Miljøverndepartementet inngått avtale med produsentar og importørar av elektriske og elektroniske produkt der bransjen har forplikta seg til å samla inn minst 80 pst. av avfallet frå produkta sine. I tillegg var vi det første landet i verda som innførte eit regelverk der produsentar og importørar blir pålagde å samla inn avfallet frå dei produkta dei bringar ut på marknaden, gjennom forskrift om elektrisk og elektronisk avfall. På grunn av desse tiltaka har vi i Noreg i dag minst 80 pst. returandel for elektriske og elektroniske produkt sett under eitt, eit tal ikkje noko anna land kan visa til.

Det er likevel rett at returandelen for småapparat som mobiltelefonar ligg lågare enn dette. Elektronikkretur AS, eit returselskap som samlar inn kasserte elektronikkprodukt på vegner av elektronikkbransjen, har rapportert at returdelen for småapparat låg kring 30 pst. i 2003. Vi har derfor ei utfordring i å auka innsamlinga av slike produkt. Eg vil visa til at returselskapa fokuserer sterkt på innsamlinga av desse apparata og jobbar kontinuerleg for å betra innsamlingsgraden. Blant verkemidla er meir informasjon om innsamlingssystema og eigne tiltak retta mot småapparat. Særleg blir det jobba med opplæring av barn og unge, som er hyppige brukarar av mobiltelefonar og andre små elektriske og elektroniske apparat. Dette arbeidet har vist resultat. Elektronikkretur AS har rapportert at innsamlingsgraden er stigande, slik at tala for 2004 vil bli høgare enn for 2003.

Som sagt legg avfallspolitikken opp til at bransjen sjølv finn fram til løysingar som han meiner vil gi høgast innsamlingsgrad. Produsentane kan gjennom returselskapa sjølve vurdera å innføra ei panteordning for å oppfylla si plikt om returandel i avtale med Miljøverndepartementet. Statens forureiningstilsyn har nyleg utarbeidd eit forslag til ny forskrift om elektrisk og elektronisk avfall som ytterlegare legg til rette for at produsentane kan etablera panteordningar dersom dei sjølve ønskjer det.

Eg føreset at elektronikkbransjen følgjer opp dei pliktene dei har etter forskrifta og avtalen med Miljøverndepartementet, slik at det framleis blir retta fokus mot å auka returdelen for småapparat. Styresmaktene følgjer situasjonen nøye, m.a. gjennom årlege rapportar frå bransjen.

Audun Bjørlo Lysbakken (SV) [12:23:14]: Jeg takker for svaret. Spørsmålet var for så vidt ikke hva bransjen kan ventes å gjøre, men hva statsråden vil gjøre med problemstillingen. Som statsråden selv peker på, er tallene for retur av småapparater, særlig mobiltelefoner, veldig dårlige. Vi vet at dette representerer et ikke ubetydelig miljøproblem, som kan bli større etter hvert som mobiltelefoner skiftes ut med stadig større hyppighet.

Og da er spørsmålet hvorfor statsråden skal vente på at bransjen selv eventuelt innfører tilfredsstillende panteordninger, og hvorfor statsråden ikke kan ta initiativ overfor bransjen. Nå er det ikke sånn at dette nødvendigvis må skje i offentlig regi, det kan godt skje i regi av bransjen selv. Men det er åpenbart at statsråden og departementet her har et politisk ansvar for å få fortgang i en slik prosess. Jeg kunne godt tenke meg å høre om statsråden vil ta initiativ til at det kan skje.

Statsråd Knut Arild Hareide [12:24:12]: Me har allereie i dag eit verkemiddel for innsamling av elektriske artiklar. Men som representanten Bjørlo Lysbakken tek fram, har vi ei utfordring når det gjeld dei små artiklane. Der er innsamlingsgraden for låg. Eg vil derfor ta kontakt med bransjen for å sjå på det, men eg vil ikkje lova ei eiga returordning, fordi vi har eit apparat i dag som eg synest fungerar godt: Der me kjøper artiklar, kan me òg levera dei inn. Det meiner eg bør vera den ordninga som vi styrkjer og fører vidare innanfor dette området. Det er faktisk ei informasjonsutfordring til dei mange som bruker mobiltelefonar, at telefonane ikkje blir liggjande i skuffene, men at me blir flinke til å levera dei inn. Det finst gode returmoglegheiter i dag. Me må fokusera i høve til det. Der vil eg ta kontakt med bransjen for å betra det resultatet som allereie er betra for 2004, for eg ønskjer òg, på linje med Bjørlo Lysbakken, at me kan få enda betre resultat i framtida.

Audun Bjørlo Lysbakken (SV) [12:25:16]: Jeg takker igjen for svaret. Jeg synes det er positivt at statsråden vil ta opp dette.

Et av de vesentlige problemene her er at selv om returordningen finnes, er den ikke nødvendigvis kjent blant folk. Det viser litt av betydningen av å få koordinert dette. En slik koordineringsjobb kan sannsynligvis myndighetene gjøre enda bedre enn det bransjen selv vil være i stand til. I hvert fall bør myndighetene ta ansvar for å få en slik koordinering i gang.

Jeg forventer ikke at statsråden her over bordet skal si ja til å gå inn for en panteordning, men jeg kunne veldig godt tenke meg å få høre fra statsråden at han vil love å ta den vurderingen med seg, og at den vil være en del av de vurderingene som statsråden gjør når han kaller inn bransjen til samtaler om denne problematikken.

Statsråd Knut Arild Hareide [12:26:16]: Det eg er oppteken av, er at me sikrar dei beste resultata her, og eg vil vurdera dei verkemidla som er naudsynte for å betra resultata. Me ser at på dette området har det vore ein god dialog med bransjen. Når det gjeld dei avtalane me har inngått, er 80 pst. relativt høgt. Det er få land i verda som kan visa til betre resultat. Noreg skal vera eit land som ligg framme i høve til dette. Som eg sa, vil eg ta ein vidare dialog med bransjen for å få til betre resultat. Panteordning er ikkje, slik eg vurderer det no, den løysinga som eg vil prioritera, men det vil sjølvsagt vera med i mine endelege vurderingar. Eg vil gjera dei vurderingane som skal til for å få til den beste ordninga, slik at me får inn mest mogleg av dette avfallet. Men eg må vera så ærleg å seia at det ikkje er ei panteordning som ser ut til å bli den løysinga me hamnar på.

Presidenten: Dermed er sak nr. 1 ferdigbehandlet.