Torstein Rudihagen (A) [12:36:12]: Eg har følgjande spørsmål til miljøvernministeren:
«Miljøvernministeren har endret sin tidligere
oppnevning av rovviltnemnd for Oppland, men følger fortsatt ikke
fylkeskommunens velbegrunna forslag til rovviltnemnd. Dette fører
til en strid som er veldig uheldig for rovviltforvaltningen. I sitt
forslag har fylkeskommunen bl.a. tatt hensyn til politisk sammensetning,
kjønnsbalanse, regional tilknytning og personlige interesser og
kvalifikasjoner.
Hva er statsrådens begrunnelse for å gjøre
en annen oppnevning enn det fylkeskommunen foreslår?»
Statsråd Knut Arild Hareide
[12:36:46]: Dei regionale rovviltnemndene er statlege
viltorgan som skal gjennomføra nasjonal rovviltpolitikk i den aktuelle
regionen.
Eg vil presisera at oppnemninga i alle regionar
har skjedd i tråd med dei føringane som er gitt av Stortinget gjennom
behandlinga av rovviltmeldinga. Dette inneber m.a. at fylkeskommunane
skal gjera framlegg om kandidatar, medan departementet skal oppnemna
medlemmene i nemndene. Ein har nytta dei same kriteria og prosedyrane
i alle regionar i samband med oppnemninga. Det er berre oppnemnt
personar som fylkeskommunane, Sametinget og Oslo bystyre har gjort
framlegg om.
Etter oppnemninga den 10. desember registrerte
Miljøverndepartementet at Oppland fylkeskommune var misnøgd med
dei oppnemnde medlemmene sin representativitet. I lys av situasjonen
som oppstod, valde departementet gjennom brev av 17. desember 2004
å gi Oppland fylkeskommune ein sjanse til å komma med framlegg om nye
kandidatar, slik at representativiteten kunne bli betre. Fylkeskommunen
valde da i brev av 22. desember 2004 å stå ved sitt tidlegare standpunkt.
På bakgrunn av misnøyet som er oppstått, har
departementet etter ei totalvurdering valt å gjera ei endring i nemnda
si samansetjing i Oppland. Oppland fylkeskommune er gjord kjend
med denne endringa gjennom brev av 10. januar 2005 frå Miljøverndepartementet.
Eg er overtydd om at dei personane som no er
oppnemnde til regional rovviltnemnd i Oppland, på ein framifrå måte
vil dekkja også dei krava som representanten Rudihagen meiner er
viktige for eit slikt organ.
Eg legg stor vekt på at viktige delar av rovviltforvaltninga
gjennom oppnemninga av rovviltnemnder blir delegerte til regionalt
nivå i tråd med dei føringane som Stortinget la, og eg ser fram
til eit godt samarbeid med rovviltnemnda i Oppland i tida som kjem.
Til slutt vil eg gjenta at oppnemninga av medlemmene i
rovviltnemndene i alle regionar har skjedd i tråd med dei føringane
som er gitt av Stortinget gjennom behandlinga av rovviltmeldinga.
Torstein Rudihagen (A) [12:38:58]: Eg stiller ikkje spørsmål ved eller tviler
på den formelle retten som departementet har når det gjeld endeleg
samansetjing, og til å oppnemne dei regionale rovviltnemndene. Eg
spurde om grunngivinga for å overprøve fylkeskommunen i dette tilfellet.
Fylkeskommunen sitt forslag var veldig gjennomtenkt, som eg nemnde,
både geografisk, politisk og kjønnsmessig, og også ut frå kven ein
ønskte å ha inn i den viktige nemnda, som, som statsråden riktig
peiker på, er tillagd veldig viktige oppgåver i rovviltforvaltninga.
Heile intensjonen med den rovviltmeldinga som var til behandling
her, var jo at ein skulle få dempa konflikten innafor dette konfliktfylte
området, og så startar det altså med ein konflikt når det gjeld
samansetjinga av den regionale rovviltnemnda. Det synest eg blir
ei veldig dum sak. Derfor meiner eg at departementet ikkje har noka
veldig god grunngiving for å overprøve det som fylkeskommunen her
har foreslått når det gjeld representantar. No har departementet
rett nok gått med på éi endring, men det gjenstår å vere imøtekommande
når det gjeld dei andre ønska.
Statsråd Knut Arild Hareide
[12:40:14]: Eg deler den bekymringa at me startar på eit
veldig viktig arbeid med ein konflikt, som eg gjerne hadde ønskt
at me ikkje hadde hatt, fordi dei regionale rovviltnemndene er veldig viktige
- ei viktig føring for arbeidet. Men nettopp grunngivinga for at
departementet har vist ein fleksibilitet, men òg stått fast, er
at det er lagt så tydelege føringar frå Stortinget si side om at
ein skal veljast ut direkte frå fylkesutvalet, og nettopp på rovviltpolitikken,
som er så omdiskutert, og som det er så sterkt engasjement rundt,
er det veldig viktig at me er presise i høve til dei føringane som
er gitt gjennom stortingsbehandlinga. Me har altså prøvd nettopp
å vera tydelege på at når Stortinget har sagt noko, skal vi følgja
opp det til punkt og prikke. Rovviltmeldinga og innstillinga frå
komiteen blir lesne opp og ned. Det er bra, og det er veldig viktig
at vi er nøye med å følgja opp det som Stortinget har sagt i denne
saka. Det er grunngivinga frå departementet si side.
Torstein Rudihagen (A) [12:41:26]: For all del, følg opp det som Stortinget har
sagt i denne saka, iallfall når det gjeld politikken. Det som Stortinget
har sagt, kan eg godt referere:
«Flertallet henviser til sammensetningen som
er foreslått der det legges opp til at berørte fylkeskommuner i
hver region velger ut og innstiller representanter til rovviltnemndene.
Miljøverndepartementet som overordnet viltorgan, skal forestå den
endelige oppnevning av nemnden.»
Det står ikkje med eitt ord her at det skal
vere folk som sit fast i fylkesutvalet, som er den formelle grunngivinga for
overprøvinga. Rett nok er det ei setning i sjølve meldinga frå departementet
som seier det, og når Stortinget ikkje har kommentert det noko spesielt,
kan ein så klart underforstått oppfatte det slik at ein har slutta
seg til det. Men iallfall, dette gir eit handlingsrom for å kunne
setje i hop den beste nemnda, slik fylkeskommunen her har foreslått.
Det er jo ikkje på dette området at ein til punkt og prikke må følgje
bokstaven og orda i meldinga og det som er Stortingets innstilling.
Det er gjennomføringa av rovviltpolitikken det er viktig at ein
følgjer opp.
Statsråd Knut Arild Hareide
[12:42:39]: Det vil nok heilt sikkert vera diskusjonar
om på kva felt ein skal følgja opp det som Stortinget har sagt,
til punkt og prikke. Det eg opplever, er at det innanfor rovviltpolitikken
finst ulike ønske om eit visst slingringsmonn frå visse grupper. Det
som eg er oppteken av, er å følgja opp det som Stortinget har gjort,
og det står altså at det skal veljast ut direkte frå fylkesutvalet.
Eg har likevel brukt skjønn gjennom ei ny oppnemning den 10. januar,
der eg bytte ut ein av dei faste medlemmene med den første vararepresentanten
til fylkesutvalet, og med dette kjem departementet følgjande krav
frå fylkeskommunen i møte: den partipolitiske samansetjinga blir
akkurat slik som fylkeskommunen ønskjer, den geografiske fordelinga
blir betre, og Erik Winther, første vararepresentant til fylkesutvalet,
får plass i nemnda. Så eg meiner at departementet har vist fleksibilitet
og følgt opp Stortinget. I dag er det første møtet i rovviltnemnda
i Oppland. Eg har tru på eit arbeid der som blir godt, og eg har
tillit til at det blir gjort eit viktig regionalt arbeid i Oppland
frå og med i dag.