Stortinget - Møte onsdag den 11. januar 2006 kl. 10

Dato: 11.01.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Borghild Tenden (V) [12:05:09]: «Posten ønsker å samlokalisere sine funksjoner i en ny hovedterminal for Østlandet. Posten ønsker selv å etablere terminalen på Robsrud i Lørenskog, men lokalmiljøet frykter den økte mengden trafikk, støy og forurensning som dette vil medføre. Stortinget har som mål, blant annet gjennom Nasjonal transportplan, å overføre gods fra vei til bane.

Hvordan harmonerer dette målet med Postens lokalisering på Robsrud?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:05:43]: Posten Norge AS ønskjer å lokalisere den nye austlandsterminalen for brev og pakkar på Robsrud i Lørenskog. Vidare ønskjer Posten å samlokalisere si verksemd innan tyngre gods på Alnabru i Oslo. Sistnemnde gjeld m.a. Nor-Cargo si verksemd, som i dag er lokalisert på Karihaugen i Oslo og Skårersletta i Lørenskog.

Ifølgje Posten vil ei terminalløysing for brev og pakkar på Robsrud og ein terminal for tyngre gods på Alnabru leggje til rette for å overføre godstransport frå veg til jernbane. Posten viser til at det først og fremst er tyngre gods som vert transportert i containerar som det er aktuelt å transportere på jernbane. Ifølgje Posten vil Alnabru vere ei ideell lokalisering av Posten si verksemd innan tyngre gods, særleg ut frå nærleiken til jernbane, og dette vil såleis gjere det mogleg for selskapet å halde fram arbeidet med å overføre godstransport frå veg til bane.

Ein ny austlandsterminal på Robsrud vil etter Posten sine analysar medføre ein nedgang i transportomfanget til verksemda som følgje av at dagens spreidde brevsortering kan samlast på éin stad, og at selskapet vil oppnå ei betre kapasitetsutnytting av bilane, dvs. høgare fyllingsgrad.

Når det gjeld overføring frå bil til bane, peiker Posten vidare på at brev og pakkar i større grad enn tyngre gods anten vert sende til Gardermoen for å verte transporterte vidare med fly eller går direkte ut i Posten sitt forgreina distribusjonsnett i austlandsområdet. I den grad det er mogleg å sende lettare gods med jernbane, vil dette ifølgje Posten verte transportert med bil frå Robsrud til Alnabru.

Eg vil minne om at Posten under regjeringa Bondevik II vart omdanna til eit statleg aksjeselskap der styret i selskapet har eit sjølvstendig ansvar for organisering av verksemda. Slik ligg det til styret å gjere val av stad for lokalisering av terminalane til selskapet.

Som forvaltar av staten sitt eigarskap i Posten ser eg på bakgrunn av Posten si framstilling ikkje grunnlag for å gå inn og overprøve styret sine vurderingar og vedtak i denne saka. Saka vil i den vidare prosessen verte lagd fram for dei styresmaktene som varetek samfunnets interesser i slike reguleringssaker, det vere seg dei aktuelle kommunane, fylke og eventuelt Miljøverndepartementet dersom det vert fremja motsegn mot reguleringsplanen.

Reguleringsplanen for Robsrud skal etter planen handsamast av Lørenskog kommunestyre den 8. februar 2006. Dersom dei aktuelle styresmaktene gir Posten løyve til å byggje terminal på Robsrud, ventar eg som eigar av Posten at selskapet finn gode transport- og infrastrukturløysingar som inneber minst mogleg lokale miljøbelastningar.

Borghild Tenden (V) [12:08:32]: Jeg takker statsråden for svaret, og har følgende tilleggspørsmål: I regjeringserklæringen er Groruddalen trukket spesielt fram som et satsingsområde for mindre biltrafikk og forurensing. Får Posten det som de vil med Robsrud-planen, vil det stå for en meget stor trafikkøkning og medføre forverring av forurensingen i Groruddalen. Det er et stort paradoks at en statseid virksomhet av denne størrelse kan bli den første til å knuse troverdigheten i regjeringserklæringen vedrørende Groruddalen.

Hvordan skal befolkningen ha tillit til at politikerne tar miljøet på alvor, dersom politikerne ikke vektlegger miljøhensyn ved beslutninger i virksomheter de selv eier?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:09:22]: Regjeringa fokuserer mykje på Groruddalen. Det har nyleg, seinast måndag i denne veka, vore halde eit møte om Groruddalen med synfaring for representantar frå tre departement og frå Oslo kommune. Me har god dialog med Oslo kommune om utviklinga i Groruddalen, og me følgjer det opp med dei statsrådane som det vedkjem.

Når det gjeld Posten si lokalisering, er det mange vurderingar som Posten sitt styre – og sjølvsagt den daglege leiinga har gjort. Eg går ikkje inn i dei. Eg held meg til mi rolle som eigar, der eg ikkje går inn i denne typen daglege driftsspørsmål. Eg har spurt meg for om prosessen, og har tillit til at ein har teke omsyn til dei momenta ein skal ta omsyn til – både Posten sine eigne vurderingar, sjølvsagt, og dei som går på mest mogleg miljøvennleg transport og minst moglege belastningar for nærmiljøet i det området det gjeld.

Borghild Tenden (V) [12:10:29]: Jeg takker statsråden for svaret. Ifølge Romerikes Blad fredag den 23. desember støtter statsråden planene til Posten om å bygge på Robsrud. Statsråden kjenner sikkert til den lokale prosessen som foregår. Hvor stor vekt vil statsråden legge på vedtaket som de lokale folkevalgte fatter?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:59]: Denne statsråden legg alltid vekt på vedtak frå lokale og regionale folkevalde organ. Det har kanskje samanheng med at eg nyleg kjem frå begge nivå og veit kor viktig det er å verte høyrt sentralt.

Den førre regjeringa har omorganisert Posten til eit AS, dermed har ikkje statsråden handlingsrom i denne saka. Dersom Posten hadde vore eit forvaltingsorgan under statsråden, ville eg på ein heilt annan måte hatt verktøy til gå inn og gjere vurderingar i lag med dei lokale kommunane.

Slik det no er organisert frå den førre regjeringa, held eg meg til at eg har ei eiga rolle, men at det er eit styre og ei dagleg leiing som har ansvaret for dagleg drift, og som slik òg har ansvar for å ha ein god dialog med dei lokale styresmaktene i alt planarbeidet. Eg har ingen grunn til å tru at Posten ikkje har hatt ein slik dialog i denne prosessen.