Stortinget - Møte onsdag den 21. mars 2007 kl. 10

Dato: 21.03.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Arne Sortevik (FrP) [12:29:19]: «Utbygging av vei er en offentlig oppgave. Finansiering av nye veiprosjekter bør skje over offentlige budsjetter. Likevel går utviklingen i retning av at stadig flere prosjekter finansieres med bompenger, at andel bompenger blir større, at bompenger brukes til andre ting enn veibygging og at bompenger kreves inn på forhånd og uten at betalerne får direkte nytte av det de betaler. Samtidig blir Norge stadig rikere.

Hva vil statsråden gjøre for å snu denne utviklingen, slik at staten betaler hele veiutbyggingen i Norge?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:29:59]: Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetnad, næringsutvikling og ressursutnytting her i landet. Spreidd busetnad og store avstandar stiller store krav til transportsystemet. Difor ynskjer Regjeringa å satse meir på samferdel, og me ynskjer å føre ein ambisiøs transportpolitikk.

Alle investeringar i riksvegnettet er eit statleg ansvar, men finanspolitiske omsyn set avgrensingar for finansiering over statsbudsjettet. Med bakgrunn i dette har bompengar oppstått som ei supplerande finansieringsform, faktisk heilt frå 1930-talet. Bruk av bompengar har ført til ei forsering av ei rekkje prosjekt som det ville teke lang tid å gjennomføre dersom dei skulle finansierast med ordinære løyvingar. Ei tidlegare realisering av prosjekta gir raskare tryggleiks- og framkomelegheitsvinstar for samfunnet. Dette vil bl.a. gjere at næringslivet vil få reduserte transportkostnader og betre regularitet. Eg har merka meg at Oslo Framstegsparti legg vekt på desse omsyna, når dei i samband med Oslopakke 3 seier dette ifølgje kveldsutgåva av Aftenposten 19. mars 2007:

«Dersom Fremskrittspartiet kun hadde fremført sitt standpunkt mot bompenger og meldt seg ut av forhandlingene, ville det medført at de store veiutbyggingene ikke ville blitt noe av.»

Eg vil òg trekkje fram at om lag halvparten av dagens bompengeordningar er med på å finansiere bru- eller tunnelløysingar som erstattar ferjesamband. Dette inneber at varig brukarbetaling på ferjer vert erstatta med ei tidsavgrensa ordning som på sikt vil verte gratis for brukarane.

I samband med bompengefinansierte prosjekt er eit viktig prinsipp for meg at dei skal basere seg på lokalt initiativ og lokalpolitiske vedtak. Det er også slik at ved utforming av eit bompengeprosjekt er nytteprinsippet viktig. Dei som betaler bompengar skal ha nytte, og samtidig skal også dei som har nytta vegen, betale bompengar.

Denne regjeringa ynskjer, og har vist, at ho ynskjer å satse på samferdsel. Det er inneverande års budsjett eit godt prov på. Eg kan love at me vil fortsetje denne satsinga òg i framtida.

Arne Sortevik (FrP) [12:32:00]: Takk for svaret, i den grad det var et svar.

De to første linjene er tatt fra Senterpartiets eget program for perioden 2005–2009. Her er et sitat til:

«For å få til denne satsinga på samferdsel meiner Senterpartiet at det kan vere nødvendig å bruke oljepengar. Det er forsvarleg til tiltak som lettar sentraliseringspresset, som set ledige i arbeid og som fjernar flaskehalsar og ulykkesfare og gjev næringslivet billegare transport.»

Mener statsråd Navarsete det samme nestleder Navarsete i Senterpartiet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:32:36]: Statsråd Navarsete regjerer på grunnlag av Soria Moria-erklæringa. Formuleringa som var sitert frå Senterpartiet sitt program, er ikkje teke inn i Soria Moria-erklæringa. Soria Moria-erklæringa er eit kompromiss, der me i Senterpartiet har fått stort gjennomslag for mange av våre viktige saker, men ikkje for denne. Det lever statsråden godt med og regjerer innafor det handlingsrommet som Soria Moria-erklæringa gir. Slik er det når ein skal samarbeide med andre, og ikkje gjere som Framstegspartiet, som vert omtala slik i Dagbladet:

«Nå viser det seg at Frp i Stortinget har et annet syn enn fylkespartiet. Slik opptrer jo Frp ofte, særlig i samferdselssaker.»

Så skal eg ikkje sitere meir. Senterpartiet har gått inn i ei regjering, basert på eit kompromiss mellom dei tre partia sine program. Senterpartiet er attkjenneleg – for det våre ordførarar står for lokalt, og det me står for på storting og i regjering.

Arne Sortevik (FrP) [12:33:33]: Veinettet i Norge er dårlig og umoderne. Stamveinettet trenger 230 milliarder kr, og etterslepet i vedlikehold på statens egne veier er 25 milliarder kr. Rammene i nasjonale transportplaner kan ikke løse disse oppgavene med mindre vi venter i 40 år. Jeg har oppfattet det slik at også Senterpartiet innser at rammene i nasjonale transportplaner er for små, og at nivået må løftes.

Er det slik at det er bilistene som skal løfte nivået i veisatsingen? Er det slik at staten mangler penger, eller at finanspolitiske begrensninger gjør det umulig for staten å bruke noe av sin pengerikdom til å finansiere mer av veiutbyggingen i Norge, også utenfor rammene som vi kjenner fra gjeldende nasjonale transportplaner?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:34:27]: På vegner av Regjeringa er eg godt i gang med neste rullering av Nasjonal transportplan, ei stortingsmelding som skal leggjast fram for Stortinget seint på året 2008. På vegner av Regjeringa har eg sjølvsagt ambisjonar om å lyfta nivået på samferdsel ytterlegare.

Eg minner om at denne regjeringa har gjort eit kvantesprang samanlikna med det som tidlegare regjeringar har gjort, som stort sett har hatt ei flat eller redusert løyvingstakt i dei seinare åra. Ambisjonane er å fortsetje på det sporet, og då brukar me oljepengar inn i økonomien, både til vegbygging og til andre viktige føremål for velferdsutviklinga.