Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Finn Martin Vallersnes (H) [12:26:51]: Det blir mye om Haukeli, og mitt spørsmål er på mange måter et supplement til det foregående.

«E134 er vegpulsåren mellom Østlandet og Sør-Vestlandet. Det pågår oppgradering i både Haukelitunnelen og Røldalstunnelen. På grunn av snø blir omkjøringsvei nå stengt. Timelange ventetider i begge tunneler er dårlig varslet og påfører uholdbare forsinkelser, og rammer særlig næringstrafikken.

Hva gjør statsråden for å sikre en tilfredsstillende og oppdatert informasjon og varsling for trafikantene?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:27:26]: Eg viser til mitt svar på spørsmål 13 frå stortingsrepresentant Arne Sortevik. Svaret på representanten Vallersnes sitt spørsmål er det same som svaret på spørsmål 13, og eg vil difor ikkje gjenta det. Det er ikkje mogleg å gjennomføre utbetringsarbeidet utan at det får konsekvensar for trafikkavviklinga. Omkøyringsvegane har dårleg standard og ligg til dels særs høgt, noko som fører til større problem under vanskelege vêr- og føreforhold.

Som eg òg svarte på tidlegare spørsmål med omsyn til informasjon, skal vegtrafikksentralane til kvar tid kunne gi rett informasjon om faktiske og forventa tilhøve. Statens vegvesen har i tillegg teke initiativ til informasjonsmøte i Røldal i dag, som eg nemnde i svaret til stortingsrepresentant Arne Sortevik. Blant dei inviterte her er ordførarar, transportselskap, næringsliv og mange interessegrupper.

Eg håpar at det vert eit positivt og konstruktivt møte.

Finn Martin Vallersnes (H) [12:28:27]: Her er det to problemer.

Det første er den forlengde anleggsperioden. Den går ikke jeg nærmere inn på.

Det andre er avhjelping av problemer som oppstår i mellomtiden.

Det var onsdag den 17. oktober kl. 23 at omkjøringsveien over Dyrskar ble stengt på grunn av et lett snøfall. Det har kommet ganske mange meldinger til oss om den situasjonen som oppstod. Men de som var på veien, fikk ingen melding – verken gjennom skilt eller informasjon, og heller ikke gjennom Veimeldingssentralen. Det ble da tre timers intervallkjøring på noe som er både en europaveg og en nasjonal transportkorridor, og med vogntog i kø. Dette er den daglige logistikktransportåren til en hel region.

Hva kan statsråden utdype når det gjelder informasjonsplikten som Veimeldingssentralen har?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:29:24]: Vegmeldingssentralen skal sjølvsagt vere oppdatert på endringar som er vesentlege for dei reisande, og skal kunne gi opplysningar om det. Eg beklagar det som skjedde, at dei vegfarande ikkje fekk den informasjonen dei burde hatt, før omkøyringsvegen vart stengd. No kjem snøfall raskt. At ein ikkje fekk informert på førehand, er ei side av det, men at ein heller ikkje fekk den informasjonen gjennom Vegmeldingssentralen og trafikksentralane, er ikkje godt nok. Eg tenkjer at Statens vegvesen har lært av den prosessen som har vore her, for det har vore ein litt kronglete prosess med utbetring av Haukelitunnelane. Den viktigaste lærdomen av dette og andre prosjekt må vere at ein legg arbeid i tidleg informasjon, og god informasjon, som er retta mot dei gruppene som er direkte berørte av det arbeidet som skal føregå.

Finn Martin Vallersnes (H) [12:30:33]: Jeg takker for svarene. Jeg vil bare komme med en tilleggsbetraktning. Det gjelder hvorvidt det finnes generelle retningslinjer eller en generell instruks som veitrafikkssentralene forholder seg til, og hvordan de i så fall praktiseres, og hvis det ikke finnes, om en vil sørge for at det utarbeides.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:55]: Det finst eit regelverk for vegtrafikksentralane. Eg har ikkje det konkret føre meg her, så eg kan ikkje gjengi det i detalj, men det finst eit slikt regelverk, og det skal ein forhalde seg til. Så må ein sjølvsagt vurdere om det er godt nok, om det fangar opp alle hendingar som den det er referert til her, der ein omkøyringsveg vart stengd. For det er jo ein type hending som naturleg – tenkjer eg – skulle vere Vegmeldingssentralen sitt ansvar å formidle til trafikantane. Men eg går gjerne inn og ser på det regelverket som ligg føre, om det er nokon forbetringar som bør gjerast der i forhold til å fange opp denne typen hendingar.