Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato: 07.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Anders Anundsen til landbruks- og matministeren, vil bli svara på av samferdselsministeren på vegner av landbruks- og matministeren.

Anders Anundsen (FrP) [12:53:55]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til statsråden:

«Mattilsynet i Vestfold er av eierdepartementene pålagt å bedre ressursutnyttelsen. Det medfører at Mattilsynet vil legge ned sin virksomhet i Larvik og flytte den til Tønsberg. Det foreligger ingen dokumentasjon på at dette vil bidra til en mer effektiv eller rimeligere tjenesteproduksjon. I Larvik/Sandefjord ligger de store næringsmiddelprodusentene i fylket. Larvik havn er regionhavn med kraftig økende godsmengde.

Hvorfor vil statsråden tvinge gjennom en sammenslåing som er meningsløs og kvalitetsreduserende?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:54:33]: Eg har ingen planar om å tvinge gjennom samanslåing av nokon av distriktskontora i Mattilsynet. Eg legg stor vekt på at Mattilsynet er og skal vere ein desentralisert etat. Ein viktig føresetnad for strukturen i Mattilsynet er at distriktskontora har kunnskap om, nærleik til og direkte kontakt med dei verksemdene dei skal føre tilsyn med. Det er aktiviteten på distriktskontora som er kjernen i Mattilsynets utøvande tilsyns- og rettleiingsarbeid.

Mattilsynet har orientert om at dei vurderer å redusere talet på distriktskontor for å redusere bruken av tid til intern administrasjon og frigjere ressursar til utøvande tilsyns- og rettleiingsarbeid. Mattilsynet opplyser at det i den samanhengen har kome forslag frå regionkontoret om ei samanslåing av dei to distriktskontora i Vestfold, som representanten Anundsen viser til. Dette forslaget er no til vurdering på hovudkontoret til Mattilsynet.

Dei politiske rammene for organiseringa av Mattilsynet på distriktsnivå vart lagde i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 for 2002-2003. Her er det lagt til grunn at talet på distriktskontor vil liggje i området 50–65. Vidare vart det ved opprettinga av Mattilsynet lagt til grunn ei effektivisering på 10 pst., noko som inneber ei redusert bemanning i organisasjonen på om lag 10 pst. I St.prp. nr. 1 for 2007-2008 er det presisert at effektiviseringsgevinsten skal takast ut i løpet av 2008, og at Stortinget sine føresetnader om talet på distriktskontor skal liggje til grunn for eventuelle organisatoriske endringar i Mattilsynet.

Eg er oppteken av at Mattilsynet aukar det utøvande tilsyns- og rettleiingsarbeidet på distriktsnivå. Dette vil vere positivt både for dei bedriftene som Mattilsynet fører tilsyn med, og for forbrukarane. For å frigjere ressursar til utøvande arbeid kan eitt grep vere å redusere talet på administrative einingar. Så lenge dette skjer innanfor dei overordna rammene som er lagde for organiseringa av Mattilsynet, og på ein måte som ikkje svekkjer nærleiken mellom tilsynet og brukarane i vesentleg grad, ynskjer eg at Mattilsynet skal ha fridom til å gjere det dei sjølve meiner er hensiktsmessige tilpassingar av organiseringa på distriktsnivå. Departementet har lagt til grunn at Mattilsynet fører vidare undereiningar til distriktskontor, slik at talet på kontorstader i Mattilsynet, og dermed nærleiken til verksemdene, vert ført vidare på om lag same nivå som i dag.

Anders Anundsen (FrP) [12:57:14]: Jeg vil takke statsråden for svaret.

Jeg synes svarets innledning var svært god, for da klargjorde statsråden at ingen skulle tvangssammenslås. Så ble jeg litt mer i tvil om hva svaret for øvrig gikk ut på, fordi det ble vist til en del større, overordnete rammer og gitt åpning for at man skulle rasjonalisere ved å legge ned kontoret likevel. Derfor vil jeg gjerne få statsråden til konkret å svare på følgende: Ønsker statsråden å bidra til at Mattilsynet i Larvik legges ned og flyttes til Tønsberg, eller vil statsråden bidra til at den nærheten som er helt avgjørende for tjenestetilbudet i søndre deler av Vestfold, vil bli opprettholdt ved at kontoret til Mattilsynet i Larvik blir opprettholdt?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:58:03]: Som det gjekk fram av hovudsvaret, er det Mattilsynet sjølv som innanfor gitte rammer har fridom til å gjere tilpassingar i sitt kontornett. Det viktige, som også vart presisert, er at dette skal gjerast på ein måte som ikkje svekkjer nærleiken mellom tilsynet og brukarane, altså at ein ikkje får ein struktur som gjer at avstandane gjer eit godt tilsyn og ei god rettleiing vanskeleg. Rettleiingsbiten er svært viktig i arbeidet til Mattilsynet. Statsråden vil vere oppteken av å sikre at ein ikkje får ei svekking av Mattilsynet ved dei endringane som no vert diskuterte.

Anders Anundsen (FrP) [12:58:56]: Jeg vil takke for svaret nok en gang, og jeg er fristet til å tolke svaret på følgende vis: Mattilsynets kontor i Larvik skal ikke legges ned, for det er den eneste måten å klare å opprettholde den nærheten og kvaliteten på tjenestetilbudet på som statsråden sier er nødvendig for Mattilsynets virksomhet. I den sammenheng vil jeg takke for presiseringen.

Vi har også erfaring med at en flytter andre tjenestetilbud fra Larvik til Tønsberg, f.eks. trafikkstasjonen og kontrollvirksomheten der, som har ført til en så stor avstand at kvaliteten på tjenestetilbudet til innbyggerne i søndre Vestfold har blitt vesentlig redusert. Derfor er jeg på mange måter glad for at signalene fra statsråden, slik jeg tolker dem i det siste svaret, går på at man skal opprettholde Mattilsynet i Larvik.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:59:45]: Sjølv om eg no er freista til å gå over til samferdsle, skal eg halde meg til Mattilsynet.

Det eg sa som svar på oppfølgingsspørsmålet, var at dei endringane som ein no vurderer på hovudkontoret til Mattilsynet, må gjennomførast på ein måte som ikkje svekkjer den kontakten Mattilsynet har med det lokale næringslivet, både tilsyn og rettleiing. Det ligg fast. Det er sjølvsagt slik at statsråden vil sjå til at det vert halde ved lag. Når det er sagt, vil eg seie at Mattilsynet har fridom innanfor desse rammene til å kunne gjere organisatoriske endringar. Men det ligg veldig tydelege føringar på kva som er avgrensingane med omsyn til dei endringane som kan gjerast.

Presidenten: Vi går da tilbake til spørsmål 18.