Stortinget - Møte onsdag den 21. november 2007 kl. 10

Dato: 21.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Olemic Thommessen (H) [13:02:37]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Flere eksempler viser at markedsføringen av mindre reiselivsmål ofte gjøres gjennom samlende grep rundt gitte veistrekninger, for eksempel Bjørnsonveien (rv. 255) gjennom Gausdal. Dette eksempelet viser at det ofte blir problematisk å få skiltet fra nærmeste hovedferdselsåre, her E6. Statens vegvesen viser til restriktivt skiltregelverk.

Vil statsråden ta initiativ til oppmyking av skiltregelverket slik at denne type skilting blir mulig?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:03:19]: Gjennom den nye skiltforskrifta – og med det nye skiltnormalar – som vart sett i verk 1. juni i fjor, er det lagt opp til ein meir liberal praksis når det gjeld veg- og serviceskilting. Mellom anna har me fått betre moglegheiter for god og informativ skilting enn tidlegare.

Som skiltstyresmakt for denne typen skilting må Statens vegvesen likevel gjere ei avveging mellom ulike omsyn, der informasjonsmengd og trafikktryggleik er dei viktigaste. Skiltnormalen gir føringar for kor mange visingsmål ein kan skilte til utan at det vert utrygt for trafikantane. Av trafikktryggleiksomsyn er talet på visingsmål som ein kan skilte til på kvart skiltoppsett, avgrensa til fem eller seks. Der det er mange geografiske visingsmål som det også må visast til, vil det kunne verte liten plass til skilt som syner veg til ei serviceverksemd. Der det ligg føre fleire ynske om skilting enn det regelverket tillèt, må det gjerast ei prioritering.

I dei situasjonane der det vert for mange visingsmål i eit vegkryss, kan det nyttast alternative måtar for å syne veg til serviceverksemder. Til dømes kan ein setje opp informasjonstavler på rasteplassar. I nokre høve kan eit nytt skilt som heiter «Samleskilt for vegvising» nyttast. Dette skiltet syner kva for stader eller verksemder ein kan nå ved å følgje eit felles vegval i etterfølgjande vegkryss eller avkøyring. På eit slikt samleskilt kan ein liste opp dei verksemdene og tilboda ein kan nå ved å følgje skiltinga til eit felles namn – det vere seg eit felles namn for verksemdene, eit geografisk namn eller eit omgrep som gir uttrykk for kva type verksemd eller attraksjon skiltet leier til. Eit døme på dette er skiltinga frå E6 til «Den Gyldne Omvei» på Inderøy i Nord-Trøndelag, der «Den Gyldne Omvei» er eit samleomgrep for mange ulike verksemder som har felles organisasjon.

Når det gjeld Bjørnsonvegen, er det etter det eg har fått opplyst, eit namn som m.a. er sett for å marknadsføre distriktet kring rv. 255. Vegvesenet skal etter reglane i stadnamnlova i utgangspunktet ikkje innføre slike namn i vegvisinga. Vegdirektoratet har gjort unntak frå dette i høve til nokre godt innarbeidde namn. Eg meiner det vil vere uheldig om vi legg oss på ei line der marknadsføring og reklame er det viktigaste motivet for skilting.

Vegvesenet skal freiste å finne gode og tenlege løysingar. Sjølv om ikkje reglane alltid gir rom for at det primære ynsket om skilting kan oppfyllast i den forma det vert søkt om, vil ein likevel ofte lukkast med å finne alternative og tilfredsstillande løysingar.

I lys av det ovannemnde ser eg dermed ikkje no behov for å ta reglane for denne typen skilting opp til ny vurdering. Regelverket er berre to år gamalt – og nett det å gjennomføre ei liberalisering var eit av siktemåla med ny skiltforskrift.

Kenneth Svendsen hadde her overtatt presidentplassen.

Olemic Thommessen (H) [13:06:02]: Jeg skal ikke legge skjul på at jeg er litt skuffet over statsrådens svar.

Skiltproblematikk er gjenstand for irritasjon i veldig mange sammenhenger. Jeg vil nok mene at i de eksemplene hvor vi har et samlende grep, burde det være muligheter for en mer liberal praksis. Her er det mange små bedrifter som samler seg om en løsning hvor de kan synliggjøre sitt tilbud. Jeg synes ikke at markedsføringsargumentet er spesielt godt i forhold til dette. Det viktigste med skilting må jo være at man rett og slett kan få opplysning om hvor man skal hen.

Det er mulig at reglene fra 1. juni i fjor åpner for en mer liberal praksis. Det er riktignok dessverre ikke opplevelsen der ute, ifølge en del tilbakemeldinger som iallfall jeg har fått. Jeg mener at det må være absolutt nødvendig å få til et større rom for skjønn og en mykere tilnærming til dette.

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:07:09]: Eg meiner bestemt at det er innført ein meir liberal praksis. Erfaringane med den praksisen er ikkje så lang i og med at det er vel eitt år sidan desse reglane vart innførte. Vi må nok samle litt meir erfaring før me på ny tek opp til vurdering om ein skal endre skiltforskrifta.

Det viktige med skilting er sjølvsagt at ein skal kjenne igjen dei vegane ein finn avmerkte på kartet. Det handlar framfor alt om vegnummer. Årsaka til at ein er restriktiv, handlar sjølvsagt om trafikktryggleik, at merksemda skal vere på vegen og ikkje på ei mengd skilt som er i grenseland mellom opplysing og reklame for servicetilbod langs vegen.

Olemic Thommessen (H) [13:08:03]: Det er ikke her snakk om en mengde skilt. Her var nettopp innfallsvinkelen at det går an å få samlet dette til noen overskrifter. Jeg kan ikke skjønne at f.eks. «Den Gyldne Omvei» er noe mer beskrivende eller mindre kommersielt enn Bjørnsonveien. Bjørnsonveien er da vitterlig en ganske god beskrivelse på veien til Aulestad, hvor Bjørnson bodde og ferdes til og fra.

Vi ser at praksisen her er ganske firkantet. Det må antakelig bety at rommet for skjønn i disse sammenhengene er for lite. I den konkrete avkjøringen vi snakker om, dreier det seg om to–tre skilt – ett hvor det står Gausdal, ett hvor det står Espedalen, og altså en mulighet for å vise til Bjørnsonveien. Når vi får høre fra Vegvesenet i Oppland at det ikke er rom for å få opp et slikt skilt, tror jeg ikke det skyldes vond vilje fra Vegvesenets side. Da tror jeg det rett og slett er slik at regelverket ikke gir rom for det nødvendige skjønn. Der mener jeg det må være mulig å gjøre noe uten å gå løs på hele regelverket som sådant.

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:09:11]: Eitkvart regelverk gir rom for skjøn. Slik er det. I dette tilfellet er skjønet delegert til Statens vegvesen som ansvarleg skiltmyndigheit. Om denne vegen, som det ikkje er så lenge sidan eg køyrde på – i eit vakkert område med mange spennande attraksjonar – burde få eit slikt skilt, skal eg ikkje meine noko om i dag. Eg synest den dialogen skal gå mellom dei lokale styresmaktene, interessentar og Statens vegvesen. I det skiltregelverket ein har i dag, er det rom for det dersom organiseringa er gjord på ein samla måte. Det spesielle med «Den Gyldne Omvei» er at ein har ei organisering for alt som ligg langs den vegen, og det er difor gjort eit vedtak om at dei får opp sitt skilt. Eg tenkjer at dei lokale interessentane må fortsetje å ha ein god dialog med Statens vegvesen for å finne ei god løysing.