Gunnar Gundersen (H) [13:20:13]: Mitt spørsmål
går også til kunnskapsministeren.
«Før sommeren
2007 sendte Utdanningsdirektoratet ut på høring blant annet
et forslag om at førskolelærere skulle kunne undervise elever
helt opp til 7. klassetrinn. Saken ble tatt opp av Klassekampen 4. desember
2007. I lys av de utfordringer skolen står overfor, bør overordnet
skolemyndighet i dag snarere sende klare signaler om at lærere må
ha utdanning og faglig kompetanse tilpasset det nivå og de fag de
skal undervise i.
Har statsråden tatt noe initiativ i saken?»
Statsråd Bård Vegar
Solhjell [13:20:53]: Etter samråd med departementet
sende Utdanningsdirektoratet den 13. juli 2007 ut på høyring
to forslag om å skjerpe kompetansekrava for tilsetjing av lærarar
i grunnskulen. Det eine forslaget var å skjerpe kravet for tilsetjing
av førskulelærarar det første året i grunnskulen,
det andre var å skjerpe fagkrava til lærarar som skal tilsetjast
for å undervise i dei tre faga norsk, matematikk og engelsk på
ungdomstrinnet.
I høyringa vart det gjort greie for at departementet
og direktoratet ønskte endringane snarast mogleg. Det vart òg
orientert om at det i departementet skulle setjast i gang eit arbeid med
sikte på ei prinsipiell vurdering av heile kompetansekapitlet i forskrifta.
Det arbeidet er i gang og vert sett på i nær samanheng med den
vurderinga vi skal gjere av lærarutdanninga.
Forslaget i høyringa
var at dei førskulelærarane som skal tilsetjast på det
første årstrinnet, må ha minst eitt års vidareutdanning
innretta mot undervisning. Det vil seie at kravet vert det same som noverande
krav for tilsetjing av førskulelærarar på 2.-4. årstrinn.
I tillegg vart høyringsinstansane spurde om førskulelærarar
med vidareutdanning bør kunne tilsetjast på heile barnetrinnet
og ikkje berre på 1.-4. årstrinn. Bakgrunnen for dette spørsmålet
var at ved innføringa av Kunnskapslyftet var det tidlegare skiljet
mellom småskuletrinnet og mellomtrinnet oppheva.
Eg er kjend
med at resultata frå høyringa no ligg føre i Utdanningsdirektoratet.
Så snart tilrådinga frå Utdanningsdirektoratet vert oversend
departementet, vil eg ta standpunkt til kva som skal setjast i verk av dei
forslaga og spørsmåla som har vore på høyring.
Eg kan forsikre representanten Gundersen om at eg er oppteken av at sentrale
styresmakter skal gi klare signal om at dei som vert tilsette som lærarar,
skal ha kompetanse i samsvar med dei undervisningsoppgåvene tilsetjinga
gjeld for.
Gunnar Gundersen (H)
[13:22:44]: Den forsikringen setter jeg veldig pris
på.
Jeg noterte meg at høringsforslagene inneholdt skjerping
av kravene. Vi diskuterer jo hvordan man nå skal heve statusen til
læreren. Det er et mangslungent spørsmål. Veldig mange
snakker om det, men det er spørsmål om hvilke tiltak man faktisk
setter i verk.
Jeg noterte meg at kunnskapsministeren sa til representanten
Thommessen tidligere i dag at førskolelærerne gjør en
utmerket jobb i skolen. Det er det mulig de gjør, ut fra sine forutsetninger.
Men de har også en helt annen pedagogisk plattform å jobbe ut
fra. Jeg tror, som i og for seg kunnskapsministeren avsluttet med, at det
at lærerne har utdanning og kompetanse for det nivået de skal
undervise på, er noe av det viktigste for å kunne heve statusen
til læreren. Da må vi ikke hele tiden gå i motsatt retning.
Så selv om ikke statsråden gav et klart og entydig svar,
at det ikke er aktuelt i dag, håper jeg han følger opp det
han sier i ord.
Statsråd
Bård Vegar Solhjell [13:23:51]: Det er altså
sånn at ca. ein av fire lærarar som jobbar i skulen på
barnetrinnet 1-4, har bakgrunn som førskolelærar. Men i all
hovudsak har dei vidareutdanning spesielt retta mot skulen og dei faga og
oppgåvene ein har i dei åra. Dei gjer ein viktig jobb for dei
første årstrinna i skulen. Vi er svært avhengige av dei.
Som sagt er det ein betydeleg del.
Eg trur at det å auke statusen
til lærarane òg heng saman med korleis vi som politikarar snakkar
om dei dyktige og engasjerte lærarane vi har i skulen i dag. Då
synest eg vi skal nytte så mange anledningar som mogleg til å
fortelje om det viktige arbeidet dei gjer, med sin ulike bakgrunn.
Gunnar Gundersen (H) [13:24:45]: Det er jeg også i og for seg enig i. Men det hjelper ikke å
snakke, vi må også skape resultater. Det er det som bygger status
for hele skolen.
Jeg vil gjøre kunnskapsministeren oppmerksom
på en viss problematikk her. I Høyre har vi allerede foreslått
at man skal heve opptakskravet til lærerskolen. På førskolestudiet
er det ikke opptakskrav i det hele tatt. Det er ingen tvil om at det er
mange som kommer inn på førskolestudiet, som ikke ville ha
kommet inn på allmennfaglærerutdanningen. Dermed vil man kunne
oppleve at førskolelærerutdanning med tillegg vil kunne bli
en type kjøkkenvei inn i læreryrket. Det er en problematikk
som jeg synes man skal ta på alvor når man fokuserer på
status i læreryrket. Det må ikke skje. Jeg håper kunnskapsministeren
tar med seg det i de vurderingene han nå skal gjøre.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:25:47]: Eg synest ikkje vi skal antyde på nokon måte at mange av
dei som gjer denne viktige jobben, har kome nokon kjøkkenveg, tvert
imot. Men det er heilt nødvendig å sjå på korleis
vi kan sikre at det er kompetanse blant lærarane for dei oppgåvene
og dei faga dei har. Det er bakgrunnen for dette forslaget - å sjå
på både kompetansekrav til å undervise på 1. trinnet
i barneskulen og kompetansekrav til å undervise på ungdomstrinnet
i svært sentrale fag.
Så har vi òg ei betydeleg
utfordring med lærarutdanninga framover. Som eg har varsla, skal vi
no i gang med eit arbeid med å sjå på innretning, struktur
og innhald i ho. Eitt av dei spørsmåla vi då sjølvsagt
må vurdere, er opptakskrava til lærarutdanning, akkurat som
vi må vurdere krav til kompetanse for dei som kjem ut av lærarutdanninga,
til å undervise i dei enkelte faga i grunnskulen.
Presidenten: Stortinget går da til behandling av spørsmål 9.