Stortinget - Møte onsdag den 27. februar 2008 kl. 10

Dato: 27.02.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål11

Jan Bøhler (A) [11:48:36]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Siden i fjor har titusener som bruker lokaltog i Oslo-området opplevd mange innstillinger og forsinkelser. Det er besynderlig at man ikke makter å etablere vedlikeholdsrutiner og beredskap som kan forebygge problemene. De ansvarlige har i media vist til at de har for små budsjetter. I november varslet statsråden at hun ville ha full rapport om situasjonen.

Hva er kommet ut av dette til nå, mener statsråden det kan drives et godt lokaltogtilbud innen budsjettrammene, og hvordan vil hun forsikre seg om at dette skjer?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:49:13]: Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med ein situasjon der togtrafikken i Oslo-området ofte vert forstyrra av feil på infrastrukturen, seinast denne veka.

Lokaltogtilbodet i Oslo-området er større enn nokon gong. Veksten i passasjertala tyder på at folk set pris på togtilbodet. Like fullt har eg ambisjonar om å gje passasjerane eit enda betre lokaltogtilbod. Per i dag er kapasiteten på det næraste sprengt i rushtrafikken, men når jernbaneutbygginga i Vestkorridoren mellom Oslo og Asker står ferdig, vil det vere mogleg å utvide tilbodet ytterlegare, og driftstilhøva vil verte meir stabile. Etter regjeringsskiftet vart investeringane til jernbanen auka med om lag 50 pst., og no er det god framdrift på utbygginga i Vestkorridoren. Samstundes må me erkjenne at driftssituasjonen på jernbanen her er kompleks og krevjande, m.a. på grunn av tett togtrafikk og høg utnytting av infrastrukturen. Om lag 800 tog betener Oslo S kvart døgn, medan 600 tog køyrer gjennom Oslotunnelen. Difor får feil på infrastrukturen her så store verknader for togtrafikken og brukarane.

Jernbaneverket har mannskap frå alle faggruppene i aktiv teneste heile døgnet i Oslo-området, men togtrafikken er så tett at det ofte er vanskeleg å kome til. Difor skjer planlagt vedlikehald om natta. Kvar natt ser mannskapa etter svake punkt og feil på strekninga mellom Skøyen og Etterstad. I Oslotunnelen har dei effektivt tilgjenge til eitt av dei to spora om lag 3,5 timar pr. natt. Tunnelen er snart 30 år gamal og treng difor mykje vedlikehald. Sidan han er så viktig for togtrafikken i heile landet, har Jernbaneverket både i 2007 og 2008 omprioritert midlar frå andre strekningar til ekstra vedlikehald av tunnelen. Jernbaneverket har gjennomført ei rekkje mindre ekstratiltak i tunnelen dei siste åra, som har redusert talet på feil på infrastrukturen, med positive følgjer for togtrafikken, sjølv om det i den siste tida har vore fleire feil enn det som elles har vore normalt.

Eg har gjeve høg prioritet til drift og vedlikehald av jernbanenettet og vil i denne samanhengen vise til at løyvinga for 2007 låg om lag 239 mill. kr høgare enn det som vart løyvt i 2006. For 2008 er løyvinga til drift og til vedlikehald auka med ytterlegare 214 mill. kr, noko som betyr at dei samla løyvingane for 2007 og 2008 er høgare enn planlagde løyvingar til drift og vedlikehald i gjeldande Nasjonal transportplan.

Sjølv om Regjeringa har auka løyvingane til jernbanen kraftig, har det gjennom mange år vorte løyvd for lite både til investeringar og til vedlikehald. Vi har ein sårbar situasjon sidan mange anlegg er svært nedslitne, medan kapasiteten er tilnærma fullt utnytta. Det er ei grunnleggjande utfordring som det vil ta litt tid å betre på.

Generelt vil eg i denne samanhengen òg gje uttrykk for at Jernbaneverket legg stor vekt på vedlikehald. Det kjem m.a. fram i etaten sitt forslag til Nasjonal transportplan 2010-2019, som no er ute på høyring. Når det gjeld Oslotunnelen, planlegg etaten ei total renovering i perioden 2009-2011, som kan gjere tunnelen tilnærma ny med ei levetid på 25-30 år. Eg vil elles kome tilbake til mine forslag til prioriteringar i samband med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019.

Eg ventar at ei fornying av Oslotunnelen vil slå svært positivt ut for driftssituasjonen i Oslo-området, men det er òg mange andre element av infrastrukturen som verkar inn på dette. Signal- og fjernstyringsanlegga har vore ei viktig årsak til driftsavvik i Oslo-området. Jernbaneverket arbeider med planar for utskifting av desse anlegga til den europeiske standarden ERTMS/ETCS for heile jernbanenettet. Dette er eit svært stort og omfattande prosjekt, som vil verte lagt fram for Stortinget fyrste gong i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010-2019.

På det kortsiktige planet har Jernbaneverket ei liste over tiltak som skal gjennomførast i 2008 og 2009, som går på skjene- og svillebyte, reinsing av ballast og fleire andre tiltak. 10 mill. kr er sett av til dette i 2008.

Jan Bøhler (A) [11:53:32]: Takk for et grundig svar.

Det er viktig å leve seg inn i den situasjonen som nå har vært i de siste månedene. Jeg må bare si at i tillegg til de store medieomtalte innstillingene hvor det er total stans, er det mange innstillinger og situasjoner som er vanskelige for trafikantene også utenom dem som skaper store oppslag. Senest i morges stod folk og ventet, fordi det var store innstillinger i rushtidstrafikken, man måtte trenge seg inn på togene, osv.

Det som jeg må spørre om, går på det å godta svar som handler om at det er stor togtrafikk, og at man har stramme budsjetter, osv. Er det ikke et ansvar for den sittende ledelsen i Jernbaneverket og i NSB - de har jo hvert sitt ansvar, selvsagt - å kunne drive togtrafikken på et helt annet nivå når det gjelder stabilitet og service til kundene enn det vi ser i dag, innenfor gjeldende budsjetter? Kan vi godta svar som bare viser til budsjetter, slitt materiale og mye togtrafikk?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:42]: Eg er samd med representanten i at den situasjonen som me har hatt i Oslo-området i den seinare tid, er særdeles beklageleg. Eg beklagar overfor alle reisande dei ulempene som dei har fått. Eg følgjer òg langt på veg representanten i hans spørsmål til Jernbaneverket og NSB i forhold til deira ansvar under dei budsjetta dei no har, for å sikre ei betre drift enn i dag. Begge instansane, leiinga både i NSB og i Jernbaneverket, er innkalla til møte på mitt kontor i ettermiddag. Eg kjem til å leggje opp ein plan for oppfølging av dei ulike tiltaka som skal gjerast, med rapportering inn til Samferdsledepartementet med korte og jamne mellomrom ut heile året. Eg kjem til å leggje ei helt anna og sterkare føring for kva slags styring me skal ha med den jobben som skal gjerast.

Jan Bøhler (A) [11:55:46]: Hvis det er noe som Jernbaneverket og NSB burde kunne håndtere og ha erfaring med, er det i hvert fall situasjoner med innstillinger og togstans. Vi opplever jo også hver gang at det er problemer med å sette opp kapasitet nok til å hjelpe trafikantene i disse situasjonene. De som har avgjørende ting man skal nå, f.eks. et fly eller store møter, må basere seg på andre måter å komme fram på, eller ha veldig gode tidsmarginer. Jeg vil også spørre om man vil legge opp en annen prosess med hensyn til å inngå avtaler med store selskaper som Ruter, som nå har stor busskapasitet i Oslo-området, for å håndtere innstillingssituasjoner, og stille helt andre krav til informasjon. Det er mange mennesker som føler at det er riktig å reise med tog. Tog er populært, tog er flott i forhold til miljø, og tog er veldig effektivt når det gjelder å komme seg inn til byen. Det kan skapes en veldig positiv utvikling for tog i Oslo-området hvis man greier å ta hånd om dette. Jo viktigere miljøet blir, jo mindre kan vi godta den nåværende situasjonen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:55]: Å inngå avtalar med eit selskap for på ein måte å ha ein «backup» ved driftsavbrot vil vere å gjere driftsavbrot til ein normalisert situasjon. Det synest eg nok ikkje me kan gjere. Men å arbeide for at ein kan ha eit større «backup»-system som me kan kople på raskare og meir effektivt enn i dag, det må ein kunne gjere. Når det gjeld spørsmål om informasjon, er det der definitivt eit forbetringspotensial som det heilt klart må takast tak i.

Med omsyn til Jernbaneverket sine planar, har dei laga ein tiltaksplan for 2008. I løpet av mars månad skal svilleisolasjon vere skifta ut i heile tunnelen, 2 600 spormeter skjener skal skiftast ut, og 30 isolerte skøytar skal skiftast. Me kjem til å følgje dette veldig nøye framover, slik at det som no er planlagt, vert gjort, med rapportering til oss.