Stortinget - Møte onsdag den 21. mai 2008 kl. 10

Dato: 21.05.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Øyvind Korsberg (FrP) [11:35:42]: Jeg vil stille følgende spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Viser til oppslag i Troms Folkeblad 15. mai 2008, der det fremkommer at en eier av et turistanlegg ikke får byggetillatelse for et servicebygg pga. at reindriftsnæringen påstår at bygget er i et kalvings- og beiteområde.

Hva vil statsråden gjøre for å styrke den private eiendomsretten slik at næringsutvikling også kan skje i distriktene, og mener statsråden at samiske interesser bør gå foran lokale behov?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:36:27]: Dette spørsmålet gjeld ansvarsområdet til fleire ministrar. Svaret vert gjeve i samråd med Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Eg kjenner ikkje vedtaka i denne konkrete saka. Eg uttaler meg difor generelt om byggjesaker.

I ei byggjesak er det mange omsyn som skal takast. Omsynet til grunneigaren veg tungt. Det er hans ynske som utløyser byggjesaka, og kommunen må ha ein klar heimel for å seia nei til prosjektet. Når eit byggjeprosjekt skal vurderast, gjeld òg ei rekkje andre krav som samfunnet elles stiller. At grunneigaren i utgangspunktet kan styra over eigen eigedom, går ikkje så langt at andre omsyn, f.eks. omsynet til tryggleik og miljø, kan setjast til sides. Omsynet til reindrift er eit anna eksempel. Å sikra livsgrunnlaget for den samiske kulturen er eit viktig føremål. For byggjesaker følgjer det av plan- og bygningslova at kommunen ikkje kan gje igangsetjingsløyve før aktuelle styresmakter har gjeve samtykke, når det følgjer av lov at samtykke eller løyve er naudsynt. Dette er for at det ikkje skal vera tvil om at tiltaket er avklart, og at alle omsyn er tekne.

Bruken av eigedom vert ofte styrt gjennom kommunale arealplanar. Plan- og bygningslova gjev grunnlag for vedtak om utbygging og om bruk og vern av ressursar. Denne lova er sentral når det gjeld arealforvaltninga innan reinbeiteområda. Områdestyra for reindrifta kan fremja motsegn til arealdelen i kommuneplanen og til reguleringsplanar, og kan klaga på dispensasjonsvedtak som gjev negative konsekvensar når det gjeld utøving av reindrifta i dei samiske reinbeiteområda. Plandelen i forslag til ny plan- og bygningslov framhevar at omsynet til samiske interesser skal varetakast på same måten som andre viktige nasjonale og regionale omsyn i planlegginga - jamfør § 3-1c i lovforslaget, som seier at planar etter lova skal «sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøvelse og samfunnsliv».

Lat meg understreka at i byggjesaker og andre saker som gjeld bruk av privat grunn, vil det vera eit spørsmål om balanse mellom grunneigaren sine ynske og omsynet til omgjevnadene og samfunnet. I nokre tilfelle må omsynet til å ta vare på den samiske kulturen gå føre omsynet til den einskilde grunneigaren. Det er viktig at dette ikkje skjer i større grad enn naudsynt. Retten til å klaga over vedtak skal sikra ei forsvarleg handsaming av ei sak.

Øyvind Korsberg (FrP) [11:39:21]: Jeg takker statsråden for et generelt svar på et konkret spørsmål. Det skuffer meg at statsråden ikke ønsker å gå mer konkret inn i denne saken, i og med at den har vært behandlet i ulike organ. Vedtakene og problemstillingene bør egentlig være veldig lette å oppfatte.

Så blir det generelle ord rundt dette, som at samiske interesser skal ivaretas. Hadde man stilt spørsmålet på en annen måte, hadde vel svaret vært at lokale interesser skal ivaretas. Det kommer altså veldig lite konkret ut av det svaret statsråden kommer med på en konkret problemstilling, for det er et faktum at det er en interessekonflikt mellom samiske og lokale interesser. Denne reineieren tar opp muligheten for erstatning dersom det blir bygging. Mener statsråden da - for å snu problemstillingen - at en eier av eiendom også kan få erstatning, på samme måte som samene krever erstatning?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:40:30]: Lat meg fyrst seia at eg er ein smule overraska over at representanten Korsberg, med så lang fartstid som han har i Stortinget, ventar at statsråden skal gå direkte inn i ei sak som er omtalt i Troms Folkeblad, og koma med råd, synspunkt og til og med konklusjonar. Som eg har vist til: Dette er kompliserte saker, når ein på den eine sida skal vareta grunneigarinteresser og -initiativ, etter lova, mens ein samstundes i konkrete tilfelle, etter same lovverket, skal vareta andre omsyn.

Om det her kan vera spørsmål om erstatning eller ikkje, er eit spørsmål som ikkje ligg til meg. Det er eit spørsmål eg ikkje kan svara på.

Øyvind Korsberg (FrP) [11:41:36]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg må si jeg er skuffet over svaret fra statsråden, som har lang fartstid både her i huset og som statsråd. Jeg hadde faktisk forventet et mer konkret svar. Som jeg har oppfattet Stortingets reglement, er det lov å stille konkrete spørsmål om konkrete saker, og ikke bare på et generelt grunnlag.

Problemstillingen som sådan er ikke ny. Jeg har tatt opp denne typen spørsmål tidligere, og jeg konstaterer at denne regjeringen bare viderefører det som har vært en etablert politikk, nemlig i realiteten at samiske interesser går foran lokale interesser. Det får man da bare registrere.

Mange samer hevder at dette skjer innenfor deres område. For å stille et konkret spørsmål, som jeg håper jeg får svar på: Mener statsråden at det nå er behov for en plikt til dokumentasjon fra samene som nærmest kan bevise at dette skjer innenfor deres kjerneområde?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:42:43]: Eg trur representanten Korsberg og eg skal vera samde om éi sak, og det er at dei konkrete problemstillingane som denne saka reiser, er vanskelege og innvikla og krev sakshandsaming frå organ til organ etter dei reglane som føreligg for det.

Så skal eg gje representanten Korsberg rett på eitt punkt, nemleg at dagens regjering er oppteken av å vareta dei internasjonale forpliktingane overfor samefolket som Noreg har teke på seg, så vel FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar av 1966 som ILO-konvensjon nr. 169 av 1989 om urfolk. Men så vil eg gjerne på nytt understreka at det ikkje vil seia at samane sine interesser alltid skal gå føre andre interesser. Det blir ei avveging i kvar konkret sak.