Stortinget - Møte onsdag den 22. oktober 2008 kl. 10

Dato: 22.10.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Arne Sortevik (FrP) [11:03:09]: Dette er et overliggende spørsmål fra forrige spørretime, men som dessverre er like aktuelt:

«Situasjonen i internasjonal økonomi kan gi virkninger i Norge som gjør det nødvendig med ekstraordinære tiltak. Sammen med betydelig og økende ledig kapasitet i innenlandsk og utenlandsk anleggsnæring gir dette en særskilt mulighet til utvidet og forsterket investering med lav risiko i realkapital i eget land fremfor investering med høy risiko i utenlandske finansmarkeder. En rekke byggeklare veiprosjekter venter på finansiering. En rekke igangsatte veiprosjekter kan forseres.

Hvordan forbereder statsråden slik innsats?»

Sigvald Oppebøen Hansen hadde her teke over presidentplassen.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:04:09]: I forslaget til statsbudsjett for 2009 er det føresett ein vesentleg auke i investeringsramma til veganlegg. 14 større vegprosjekt er foreslått starta i 2009. Vidare er det vurdert som aktuelt å starte ytterlegare tre store prosjekt dersom tilstrekkelege avklaringar ligg føre i tide. Desse prosjekta er rv. 2 Kongsvinger–Slomarka i Hedmark, E18 Sky–Langangen i Vestfold og Telemark og E6 Nidelv bru–Grilstad/Værnes–Kvithamar i Sør‑ og Nord Trøndelag. I tillegg blir det arbeidd med fleire bompengeprosjekt med mogeleg anleggsstart i 2009.

Det er gjennom budsjettforslaget lagt opp til eit svært høgt aktivitetsnivå i vegsektoren i 2009. Dette vil vere med på å dempe dei tendensane til nedgang i anleggsmarknaden som me ser. Eg vil òg vise til den svært sterke veksten i jernbanebudsjettet. Det framlagde budsjettforslaget for 2009 er såleis også eit godt motkonjunkturbudsjett.

Det blir i spørsmålet vist til at ei rekkje byggjeklare prosjekt ventar på finansiering. Eg må i den samanhengen peike på at det krevst tid frå det vert gjeve løyving til anleggsarbeida kan starte. Minimum som ein må leggje til grunn, er eit halvt år. For større og meir komplekse prosjekt kan det ta opptil eitt år før anleggsarbeida kan starte. I tillegg til ressurskrevjande prosjektering og utarbeiding av konkurransegrunnlag er sjølve anbodsprosessen, som m.a. omfattar utlysing, kalkulasjon og formell avgjerd, ein tidkrevjande prosess. For mindre investeringstiltak og vedlikehald av vegnettet er biletet eit anna.

Regjeringa følgjer sjølvsagt utviklinga i økonomien nøye og vurderer løpande behov for ytterlegare tiltak. Eg viser i denne samanhengen m.a. til den finanspakka som Regjeringa la fram 12. oktober. Det er i dag for tidleg å seie om det kan vere aktuelt med ytterlegare tiltak innanfor samferdslesektoren.

Arne Sortevik (FrP) [11:06:12]: Takk for svaret.

Statsråden pekte selv på at når det gjelder mindre prosjekter, er det ikke slik at det kreves ytterligere planlegging i gjerne et halvt år før man kan komme i gang. Det er ett av de områdene Fremskrittspartiet vil peke på, og jeg tror det også vil omfatte mer innsats innenfor rassikringsområdet. Som vi var inne på i spontanspørretimen, er det slik at mer uvær gir flere ras. Uansett hva man mener om klima, er det slik at vi har uvær som gir flere ras, og vi har nylig opplevd nye ras – senest denne uken på rv. 13 etter at skolebussen nettopp hadde passert.

På rassikringsområdet og når det gjelder mindre prosjekter, er det mulig å bruke varslet ledig kapasitet og varslet økende ledig kapasitet til strakstiltak. Vil statsråden bruke den muligheten?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:07:19]: Det er mogleg å forsere mindre investeringstiltak. Når det gjeld dei rassikringsprosjekta som har vore framme i mediebiletet, seinast rv. 13, der det har vore ei hending no, og der me alle er glade for at det ikkje gjekk verre, og at ikkje menneskeliv gjekk tapt, så er det saman med rv. 70, Oppdølstranda – som har vore eit anna prosjekt me har følgt nøye – ein type prosjekt som må planleggjast og gjerast eit arbeid på før ein kan setje dei i gang. På Oppdølstranda har me lovt 1 mill. kr i planleggingsmidlar. Det er i dag ikkje laga verken reguleringsplan eller gjort anna planarbeid på den strekninga. Så det finst eit potensial, og difor – som eg har sagt fleire gonger i salen i dag – følgjer me situasjonen nøye for å sjå om me skal setje inn ytterlegare tiltak i tida framover.

Arne Sortevik (FrP) [11:08:19]: Spørsmålet som jeg tror mange utenfor denne bygningen stiller seg, er hvor lenge man skal følge med før man gjør noe. I Fremskrittspartiet mener vi at et viktig signal fra Regjeringen om at man faktisk vil gjøre noe, vil være at man forskutterer. Det er et lite kontroversielt finansielt verktøy, men det viser iallfall en vilje til å legge til rette for gjennomføring av mindre tiltak, og det er samtidig et finansielt signal om at nødvendig sluttplanlegging og klargjøring av større prosjekter kan settes i gang.

I tillegg må jeg også vise til, som også representanten Sandberg gjorde, den informasjonen som kom under budsjetthøringen i transportkomiteen i går, der man i tillegg til å dokumentere ledig kapasitet også peker på at prisstigningen som vi har hatt i år, spiser opp mye av den gledelige økningen som er kommet i budsjettet.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:09:28]: Til det siste vil eg seie at Framstegspartiet sin representant veit meir enn meg dersom han veit at prisstiginga inn i 2009 vil liggje på det nivået me har hatt i tida bak oss. Alt talar for at me får ei utflating av prisstiginga, og at ho vil vere meir i tråd med det som er framskrive i budsjettet, enn den ekstremt høge prisstiginga me har hatt i det året som me har bak oss. Det er ikkje noko som tilseier at den prisstiginga skal fortsetje å auke med ein oljepris som går ned, og med ein marknad som gjer at me no kan få inn fleire anbod på prosjekta og større konkurranse. Den har jo nesten vore fråverande i den tida me har bak oss, på grunn av dei høge konjunkturane me har hatt.

Eg skjønar at folk ute spør, men då skal òg folk ute vete at denne regjeringa har eit langt høgare aktivitetsnivå i samferdslesektoren enn det som har vore tidlegare både på veg og bane, at det vert eit atskilleg høgare nivå i 2009, og at me sjølvsagt òg skal vurdere tiltak utover det om det trengst.