Stortinget - Møte onsdag den 22. april 2009 kl. 10

Dato: 22.04.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Gunnar Kvassheim (V) [12:13:27]: Jeg har følgende spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Med virkning fra 1. januar 2009 har vi fått en ny offentlighetslov. Den nye loven skal bidra til økt innsyn i offentlig forvaltning.

Hvordan vil statsråden medvirke til at kommunene praktiserer den nye loven i henhold til lovens bokstav og intensjon?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:13:58]: Offentleglova høyrer inn under justisministeren sitt ansvarsområde. Når eg svarar, er det fordi eg som kommunalminister er oppteken av korleis lova blir følgd opp i kommunesektoren.

Offentlegheit og openheit er viktig for tilliten til forvaltninga og kommunane. Det er eit eige demokratisk prinsipp at ålmenta kan få innsyn i dei sakene som blir handsama av offentlege verksemder. Eg er oppteken av at den kommunale forvaltninga skal vera prega av høg fagleg standard og fokusering på etikk. Offentlegheit og openheit omkring dei sakene som kommunane handsamar, er ein viktig del av dette. I tillegg til at openheit medverkar til å syna kvaliteten på alt det gode arbeidet kommunane gjer, kan det også medverka til å avdekkja tilhøve som er mindre bra. Slik er openheit med på å styrkja den demokratiske kontrollmekanismen.

Reglane i offentleglova regulerer kva dokument som skal vera offentlege. I kommunelova har vi reglar om møteoffentlegheit. Til saman utgjer desse reglane eit godt grunnlag for openheit og innsyn i kommunalforvaltninga. Så er det sjølvsagt avgjerande at desse reglane blir praktiserte på rett måte, i tråd med intensjonane. Openheit og innsyn har ikkje berre å gjera med kva reglane seier, men òg med dei generelle haldningane til den enkelte sakshandsamaren. Allereie før offentleglova vart sett i kraft, sende eg eit brev til alle kommunane, der eg oppfordra folkevalde og tilsette til å gjera seg kjende med den nye lova. Eg passar òg på å nytta alle høve til å minna kommunane om at dei har eit ansvar for å bidra til ei tillitvekkjande forvaltning, og at dei må arbeida aktivt for mest mogleg openheit omkring dei sakene dei handsamar.

Eg har tillit til at fylkesmennene rettleier kommunane i korleis reglane i offentleglova og kommunelova skal tolkast, slik at praktiseringa av reglane blir rett og i samsvar med føremålet. Eg veit at Justisdepartementet har lagt ned eit stort arbeid i å læra opp fylkesmennene i den nye offentleglova og på den måten legg til rette for at kommunane får god rettleiing.

Mest mogleg openheit vil etter mi meining gje lokaldemokratiet større tillit og truverde. Eg vil oppfordra alle kommunar til å følgja reglane om dokumentoffentlegheit i offentleglova og om møteoffentlegheit i kommunelova.

Som kommunalminister har eg ansvar for reglane om møteoffentlegheit i kommunelova. Eg veit at Stortinget er oppteke av spørsmålet om møteoffentlegheit. Kommunalkomiteen har no lagt fram si innstilling i ei eiga sak i samband med Ot.prp. nr. 17, der vi føreslår forbetringar når det gjeld akkurat det. Saka skal debatterast i Stortinget i mai. Eg tek òg sikte på, som ei oppfølging av den lova, å leggja fram ei ytterlegare lovendring, som vil gjera reglane meir presise og enkle å praktisera for kommunane.

Gunnar Kvassheim (V) [12:17:15]: Jeg takker for svaret. Jeg synes det er en positiv grunnholdning som kommer til uttrykk i svaret. Statsråden viser stor forståelse for åpenhet, og hun har en begrunnelse som samsvarer veldig godt med det som jeg synes er viktig.

Den nye loven, med virkning fra årsskiftet, skulle bidra til større åpenhet og har nye bestemmelser, men vi ser at en del kommuner fortsatt, når de gir avslag på innsynsbegjæringer, bruker hjemler i den gamle loven. Så det er et stort behov for å skolere kommunene om dette.

Det er også slik at det er veldig kompliserte bestemmelser. Så en bør oppfordre kommunene ikke bare til å skolere seg på dette området, men kanskje ha én eller flere nøkkelpersoner som er så godt kjent med dette at de kan praktisere det i samsvar med lovens intensjon, nemlig å bidra til økt åpenhet. Mitt spørsmål er om statsråden er enig i det og vil bidra til at en holder dette trykket på å gjøre seg kjent med lovens bokstav og intensjon.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:18:18]: Svaret er ja. Eg har heldigvis òg registrert at det er nokre gode eksempel. Det er kommunar som sjølve var tidleg ute, som har lagt til rette, som kjenner lovverket, og som er opptekne av at det skal følgjast.

Så er det samtidig heilt rett som representanten Kvassheim seier: Det er eksempel på kommunar som dessverre framleis følgjer dei gamle føresegnene – det er no så si sak – men som i tillegg framleis seier at hm, det er no likevel viktig å halda denne saka, dette spørsmålet, unna offentlegheit!

Eg sa at Justisdepartementet har halde kurs for fylkesmennene. Eg er heilt einig i at det òg er nødvendig at fylkesmennene i endå sterkare grad enn vi har sett til no, følgjer opp overfor kommunane. Dette med nøkkelpersonar synest eg er eit godt tips.

Gunnar Kvassheim (V) [12:19:24]: Det heter at loven skal evalueres når den har vært prøvd en stund. Da er det viktig å ha et godt grunnlag for å foreta en evaluering. Jeg vet ikke om statsråden har gjort seg noen tanker om hvordan en vil følge eller måle arbeidet i kommunene med sikte på å få en oversikt over hvordan tilstanden faktisk er. Hvis en ikke har gjort det så langt – og det kan det være forståelse for – er det min oppfordring til statsråden at en gjør seg noen tanker om hvordan en må gjøre et forarbeid for å sikre grunnlaget for en evaluering som er av god kvalitet, og som også kan være et ledd i arbeidet med å bringe dette videre i retning av det som var lovens hovedpoeng, nemlig å bidra til økt offentlighet innenfor kommunesektoren, som jo er det treffpunktet de fleste av oss har, først og fremst når det gjelder offentlig forvaltning.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:20:21]: Eg deler representanten Kvassheim si vurdering av at det er viktig å følgja opp månad for månad på dette området, notera seg eksempel som er slik som dei ikkje skal vera, og notera seg dei gode eksempla for å bidra til å gjera dei kjende.

No har Regjeringa ei eiga nettside, som Kommunaldepartementet så langt handterer, og som går på omdømmebygging. Vi legg inn gode eksempel som gjeld kommunane, og eg skal sørgja for at vi der får inn gode eksempel på korleis meiroffentlegheit kan løysast. Så kom det ei viktig påminning til – nemleg at denne evalueringa blir godt gjennomtenkt.

Eg reknar med at representanten Kvassheim og Venstre er fornøgde med dei forbetringane som no ligg i kommunelova, som altså forhåpentlegvis skal vedtakast endeleg i slutten av mai.