Stortinget - Møte torsdag den 17. juni 2010 kl. 10

Dato: 17.06.2010

Dokumenter: (Innst. 334 S (2009–2010), jf. Prop. 96 S (2009–2010))

Sak nr. 16 [16:31:24]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om pensjonar frå statskassa

Talere

Votering i sak nr. 16

Gjermund Hagesæter (FrP) [16:32:01]: (ordførar for saka): Det som vi skal behandle i denne saka, er at pensjon som er gitt med heimel i Grunnloven § 75 bokstav i, ikkje byggjer på rettskrav, lov eller forskrift, men blir ytt etter billigheit frå statens side, såkalla gåvepensjon. Det er altså opp til Stortinget å bestemme korleis ordninga med pensjonar frå statskassa skal vere.

Ordninga omfattar i dag tre grupper. Det er lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar, det er tidlegare statstilsette som ikkje har hatt medlemskap i Statens pensjonskasse fordi stillinga ikkje var innlemma, og det er personar som har tenestegjort som befal eller meinig utanfor landets grenser i perioden 1940–1945. I tillegg kjem særskilte tilfelle der ein ser det som «rettferdig og hensiktsmessig» å tilstå slik pensjon. Denne ordninga er meint å vere ein sikkerheitsventil, for å unngå at personar som etter ei «rimelighetsvurdering» bør motta norsk pensjon, fell utanfor.

Dei ni aktuelle personane som det er innstilt på pensjon til i denne saka, har anten vore tilsette eller er etterlaten ektefelle etter ein tilsett ved norske utanriksstasjonar. Det er ein samla komité som støttar at desse får pensjon, slik det er innstilt på.

Det er likevel ein del ulike merknader frå opposisjonen, og også nokre merknader frå Framstegspartiet, som eg vil gå inn på her.

Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har slått fast at ein finn det «hensiktsmessig» at proposisjonen om pensjonar frå statskassa for framtida er noko meir opplysande enn det som var utgangspunktet denne gongen. Det er Stortinget som skal avgjere denne type pensjonar, og då er det viktig at også Stortinget får nok informasjon til at ein kan fatte avgjerd.

Framstegspartiet konstaterer at det er ein betydeleg bruk av skjønn og få objektive kriterium å halde seg til når slik pensjon skal bli gitt. Eg viser her til spørsmål nr. 5 frå saksordføraren, om når det er «hensiktsmessig og rettferdig» å tildele pensjon heimla i gruppe 3. Det er altså eit krav om at det skal vere «hensiktsmessig og rettferdig», og spørsmålet mitt var då om når det kriteriet var oppfylt. Svaret frå statsråden er:

«Pensjon av statskassen til gruppe 3 gjelder særskilte tilfeller hvor det er rimelig å tilstå slik pensjon fordi det er ansett som hensiktsmessig og rettferdig.»

Det er openbert at dette svaret viser at ein ikkje har nokon objektivt målbare kriterium for tildeling av slik pensjon, og at alt byggjer på eit subjektivt skjønn.

Framstegspartiet går ut frå at det er mange ulike oppfatningar av når ein vurderer noko som «hensiktsmessig og rettferdig», og meiner derfor at det på sikt bør utarbeidast nokre objektive kriterium for når slik pensjon kan tildelast.

Framstegspartiet konstaterer også at pensjon tildelt for gruppe 1, lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar, byggjer på subjektive kriterium og blir fastsette først ved avgang. Vi er av den oppfatning at slik pensjon med fordel burde blitt avtalt ved tiltreding og formulert ned som ein del av den skriftlege arbeidskontrakten. Ei slik ordning ville gitt arbeidstakar rettar og føreseielegheit både for seg sjølv og for familien. Vi håper derfor at departementet vil utgreie ei slik ordning og leggje dette fram for Stortinget ved ei passande anledning.

Framstegspartiet konstaterer at det av pensjon utbetalt av statskassa til lokalt tilsette ved norske ambassadar i utlandet, ikkje blir betalt noka form for kjeldeskatt. Det er ikkje gitt noka forklaring på kvifor desse ikkje blir pålagde å betale kjeldeskatt, men Framstegspartiet er jo imot kjeldeskatt, så vi synest det er bra. Vi forventar likevel at vi får ei likebehandling i denne saka, slik at regjeringa også legg fram forslag om at alle andre som bur i utlandet og mottek pensjon frå den norske stat, slepp å betale kjeldeskatt for framtida.

Elles er det ein samla komité som står bak innstillinga i denne saka, så det skulle vere lite problematisk når det gjeld sjølve vedtaket, men merknadene er altså noko forskjellige.

Hilde Magnusson Lydvo (A) [16:37:02]: Jeg har noen kommentarer til merknaden til Fremskrittspartiet når det gjelder objektive og subjektive kriterier for å få tildelt pensjon etter Grunnloven § 75 bokstav i. Da tenker jeg på at her er det laget en ordning hvor man skal ha en sikkerhetsventil for å unngå at de som etter rimelighetsvurdering bør bli tilkjent pensjon, faller utenfor.

Fremskrittspartiet etterlyste hva objektive kriterier er. Jeg oppfatter at de objektive kriteriene er at man enten er lokalt ansatt, tidligere statsansatt eller har tjenestegjort som befal. Og så er det særskilte tilfeller. Så ser jeg at Fremskrittspartiet framhever at det er ingen objektive kriterier. Da lurer jeg på om de kan fortelle hvilke objektive kriterier som de ser for seg kan ligge til grunn her, når det skal være en helhetsvurdering og rimelighetsvurdering i forhold til om man skal tilkjennes pensjon. Det skal være noen objektive kriterier, sier Fremskrittspartiet. Så hvis de kan utdype det litt, hadde det vært fint.

Statsråd Hanne Inger Bjurstrøm [16:38:26]: Regjeringen har lagt fram et forslag til stortingsvedtak om pensjoner fra statskassen. Pensjon av statskassen gis med hjemmel i Grunnloven § 75 bokstav i, og regelverket har utviklet seg gjennom Stortingets praksis. Den årlige proposisjonen gjelder midlertidig tilståtte pensjoner av statskassen som departementet har gjort, og som skal godkjennes av Stortinget. Det ligger til Stortinget å bestemme hvordan ordningen med pensjoner av statskassen skal være. Pensjonen bygger ikke på rettskrav, lov eller forskrift, men ytes etter billighet fra statens side, gavepensjon.

Informasjonen er i tråd med hva som er gitt i tidligere proposisjoner. Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti uttaler at det kan være hensiktsmessig at proposisjonen for fremtiden er noe mer opplysende enn det som var tilfellet denne gang. Fremskrittspartiets medlemmer mener at det bør gis mer objektive kriterier for tilståelse av pensjon til den gruppen hvor slik pensjon er ansett som hensiktsmessig og rimelig. Jeg har merket meg disse synspunktene, og vil ta dem med meg i forhold til arbeidet med neste års proposisjon.

Jeg vil til slutt uttrykke tilfredshet med at komiteen støtter regjeringens forslag til vedtak om pensjon fra statskassen.

Gjermund Hagesæter (FrP) [16:39:49]: Først vil eg takke statsråden for at ho har notert seg og registrert merknadene om at vi ønskjer ei litt meir opplyst innstilling neste år, og det synest vi er veldig bra. Vi meiner at når det er Stortinget som skal vurdere dette og fatte vedtak, er det viktig at ein er tilstrekkeleg opplyst, og at ein får tilstrekkeleg informasjon. For ordens skyld: Etter at vi har fått svar på desse spørsmåla, meiner vi også at saka no er tilstrekkeleg opplyst til at ein kan fatte vedtak i saka.

Når det gjeld det eg var inne på – og representanten Lydvo var inne på – om objektive kriterium, har ikkje Framstegspartiet gått inn på saksbehandling og drøftingar. Vi overlèt dette til departementet og ber dei vurdere det. Vi meiner at dersom det berre er subjektive kriterium, og det ikkje er nokon haldbare objektive kriterium for korleis ein skal tildele dette, kan det lett bli forskjellsbehandling, slik at like tilfelle blir behandla ulikt på forskjellige utanriksstasjonar i verda.

Så vi meiner framleis at dette må vi jobbe med, men vi kan ikkje begynne å saksbehandle og drøfte dette frå talarstolen. Det må departementet sjå på og vurdere. Eg er som sagt glad for at statsråden har notert seg dei merknadene vi har kome med, og at dei vil bli tekne med tilbake til departementet og lagde til grunn for neste års behandling.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 16.

(Votering, se side 4351)

Votering i sak nr. 16

Komiteen hadde innstilt:

Følgende personer gis pensjoner fra statskassen:

Opplysningar om søkjarenPensjon
Nr.NamnAlder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)PensjonsansiennitetVedtekeBruttoGitt fråMerknad
Utanriksdepartementet
1Maxmillian John Njovu64-05.05.20092 234,-01.12.2008
2Nonna Bazhanova70-14.05.2009476,-01.05.2009
3Blanka Provaznikova59-30.05.20081 267,-01.02.2009
4Alexander Prudnikov60-25.06.20093 333,-01.07.2009
5Haricharan Sood60-13.08.20091 733,-01.11.2009
6Turid Cuckovic67715.09.20096 811,-01.08.2009
7Fernando Tamele60-30.10.20093 190,-01.12.2009
8Lucretia Rabanillo69-03.12.20081 736,-01.01.2009
9Hosheya Fadlallah75-22.02.20101 320,-01.02.2009Enkjepensjon
Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.