Stortinget - Møte onsdag den 30. november 2011 kl. 10

Dato: 30.11.2011

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Borghild Tenden (V) [11:42:03]: «I Asker og Bærums Budstikke 17. november kommer det frem at Mesta allerede salter veiene. Mesta viser til retningslinjer laget av Statens vegvesen for sin saltpraksis. Jeg er kjent med Salt SMART-prosjektet, der hovedmålet er en redusert og mer miljøvennlig saltpraksis. I prosjektperioden ble saltbruken mer enn doblet, og det meldes om ukritisk salting fra mange hold. Det er et ønske om redusert saltbruk, flere forskningsrapporter støtter dette.

Tror statsråden at bruken av veisalt vil gå ned denne vinteren?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:42:42]: Statens vegvesen arbeider kontinuerleg med å betra driftskontraktane og med oppfølginga av desse, med særleg fokus på vinterdrifta. Målet er best mogleg køyreforhold med minst mogleg belastning på miljøet.

Det fireårige FoU-programmet Salt SMART er ferdig. Kunnskap frå prosjektet blir formidla fortløpande i Vegvesenet og til entreprenørane – dette for å sikra ein praksis for salting som òg tek best mogleg omsyn til miljøet. Kunnskapen blir teken inn i kontraktane etter som dei blir lyste ut på nytt – om lag 25 pst. blir lyste ut kvart år. Dei fyrste kontraktane som har nytt system, blir lyste ut no. Alle som køyrer saltbil, får òg ei grundig opplæring om problemstillingar knytte til salting. Denne satsinga starta opp i haust. Det vil ta om lag fire år å kursa alle entreprenørane og å endra alle kontraktane.

I dei nye kontraktane blir det stilt krav om bruk av saltløysing der det òg skal vera bar veg, når dette høver best. Det gjev mindre saltbruk. Det blir òg gjort ulike forsøk med metode for salting og innretting og styring av kontraktane, for å salta vegane mindre.

Arbeidet som blir gjort, er tidkrevjande. Det er nok tidleg å venta dei store endringane alt denne vinteren. Målet med kompetansehevinga og endra krav i kontraktane er å få redusert saltbruken og samtidig betra køyreforholda og at vi ser resultat av det snarast råd.

Borghild Tenden (V) [11:44:46]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har fått opplyst at da Salt SMART-prosjektet ble startet, i 2007, var det årlige forbruket av veisalt 160 000 tonn – det var vinteren 2006–2007. Når prosjektet er avsluttet i 2011 – det avsluttes nå – er forbruket mer enn fordoblet, til hele 330 000 tonn.

I media har det den siste tiden kommet fram at saltlagrene nå er enda fullere enn forrige vinter. Jeg har fått opplyst at entreprenører får betalt per kilo de salter, derfor salter de til og med når det er 10 plussgrader og ikke snø og kulde i vente.

Er samferdselsministeren enig i at dette ikke er smart salting? Og er samferdselsministeren kjent med at de allerede inngåtte konsesjonskontrakter er årsaken til denne kritiske saltingen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:45:46]: For det fyrste tykkjer eg dei tala som representanten Borghild Tenden her viser til, er vel verde å ta med det største alvor – nei, ikkje med ei klype salt, men med det største alvor! Så må vi òg ta i betraktning at årsaka er jo faktisk å betra køyreforholda.

Når det gjeld inngåtte kontraktar, kan eg seia at dei fyrste kontraktane som inneber ei endring, blir inngått no. Så går det fire år før alle kontraktane er endra. Men eg må berre seia at representanten Tenden tek opp ei svært viktig sak, og eg kjem til å følgja nøye med på korleis denne utviklinga no går vidare, for her må ein kunna måla ei endring.

Borghild Tenden (V) [11:46:58]: Tusen takk for at samferdselsministeren vil ha dette i fokus.

I Aftenposten kom det fram at trær dør på grunn av veisalting, biler ruster, og det kommer bekymringsmeldinger fra naboer til drikkevannskilder, som jeg har vært inne på i et tidligere spørsmål. Syklistenes Landsforening har uttalt seg kritisk, og det har også vært hevdet at salting har negativ effekt på veibanen, at asfalten faktisk kan smuldre opp. Det er i det hele tatt stor motstand i befolkningen, til og med yrkessjåførene er svært negative. Det dokumenteres fra flere hold at saltingen kan gjøre at veiene blir mindre trygge og fører til alvorligere ulykker enn ved bruk av andre metoder, som f.eks. oppvarmet sand eller CMA, kalsium-magnesium-acetat.

Hvordan forholder ministeren seg til en slik dokumentasjon? Hun sa jo selv i en debatt allerede 3. mai i år at salting kan medføre ulykker.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:48:01]: Her er det vanskelege avvegingar – på den eine sida ei forbetring av køyreforholda og ei betring av trafikktryggleiken, som vi alle er opptekne av, og på den andre sida negative følgjer for miljøet generelt og for lokalmiljøet spesielt, det siste har kome fram den aller seinaste tida.

Hovudspørsmålet var om statsråden trur at bruken av vegsalt vil gå ned denne vinteren. Eg må på den eine sida halda meg til at det er omfattande prosessar som her vil medføra endring. Difor vil eg på den eine sida måtta forventa at det vil gå noko tid. På den andre sida er det mitt klare håp og mi tru at vi vil merka endringar i positiv forstand, og eg skal følgja veldig nøye med på kva som her blir gjort, og kva som ikkje blir gjort.