Stortinget - Møte onsdag den 1. februar 2012 kl. 10

Dato: 01.02.2012

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Per Roar Bredvold (FrP) [11:20:19]: Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Glåmdalsregionen i Hedmark kom på delt sisteplass i NæringsNM 2011. Kommunevis kom flere hedmarkskommuner på plassene rundt nr. 400.

Hva gjør etter statsrådens mening denne regionen og en del hedmarkskommuner feil når det skjer så lite næringsutvikling at man blir rangert så dårlig, og hva vil statsråden bidra med for å styrke næringsutviklingen i både Hedmark og resten av landet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:20:56]: Næringslivet i Hedmark har eit stort innslag av næringar som i dag er i sterk omstilling eller tilbakegang over heile landet. Samstundes ligg fylket geografisk langt unna dei områda som er naturlege lokaliseringsstader for dei næringane som har den sterkaste veksten i økonomien i dag. Eg tenkjer då t.d. på oljenæringa, på dei maritime og marine næringane og på fleire av dei nye tenesteytande næringane.

I ei rangering som representanten Bredvold syner til, vil nødvendigvis nokre kome fyrst, medan andre kjem eit stykke ned på lista. At desse då gjer noko gale, slik representanten Bredvold vil ha meg til å seie, vil eg ikkje vere med på. Plasseringa på lista er sjølvsagt avhengig av dei kriteria som vert nytta, og dei føresetnadene dei ulike kommunane har for å score på desse kriteria. Slik eg kjenner Glåmdalsregionen og Hedmark fylke, vil eg tvert imot seie at dei gjer svært mykje rett i arbeidet sitt for ei positiv næringsutvikling.

Det avgjerande for all utvikling er at næringslivet omstiller seg og sjølv tek vare på dei moglegheitene som finst. Frå det offentlege si side kan me leggje til rette både gjennom målretta verkemiddel og gjennom generelle rammevilkår. Her vil eg nemne verkemidla gjennom både Innovasjon Norge og SIVA. Når det gjeld rammevilkår, vil eg særskilt nemne den differensierte arbeidsgivaravgifta som store delar av Glåmdalsregionen nyt godt av. På oppmoding har òg KRD tildelt fylkeskommunen ekstra skjønsmidlar til omstilling av næringslivet i Kongsvinger.

Eg veit at det er eit godt og tillitsfullt samarbeid mellom næringslivet og lokale og regionale styresmakter i Hedmark. I det siste halve året har dette gitt seg utslag i at SIVA har etablert tre næringshagar i Glåmdalsregionen og ein industriinkubator i Kongsvinger. Dette er verkemiddel som er retta inn mot kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

Det er ikkje gjort over natta å omstille eit samfunn som i stor grad har vore tufta på tradisjonell næringsverksemd, til nye næringar der kunnskap og menneskelege ressursar på mange vis vert viktigare. Frå departementet si side vil me leggje mykje arbeid i å følgje opp utgreiinga om korleis ein kan få til ei betre spreiing av dei kunnskapsbaserte arbeidsplassane.

Eg vonar Hedmark også vil ha nytte av denne innsatsen. Eg har med eigne auge sett døme frå fylket som gjer meg overtydd om at Hedmark er på rett veg i si satsing, og eg har stor tru på at både Glåmdalsregionen og andre kommunar i fylket vil vere i stand til å klatre høgare på lista i framtidige NæringsNM.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:23:25]: Jeg takker statsråden for svaret.

Det er sikkert mange måter å gjøre dette på, og statsråden har kanskje vært innom noen av dem.

Det vi sliter med i Hedmark, er at vi er et grensefylke til Sverige, bl.a. grenser Värmland til oss. Bare på grunn av handelslekkasjen dit sikres 2 000 svenske jobber. Så kan man spørre seg hvorfor man har en handelslekkasje. Selvfølgelig er det mange årsaker til det – det kan være servicetilbudet, det kan være tilbudet av varer, men det kan også være på grunn av at varer er billigere fordi vi har mye skatter og avgifter i Norge, og så reiser man til Sverige og handler. Noe annet kan være samferdsel, som statsråden ikke var innom i det hele tatt. Vi har bl.a. rv. 20, som nå snart blir rv. 2.

Jeg vil gjerne høre litt om hva statsråden mener om et forholdsvis høyt skatte- og avgiftsnivå i Norge kontra i Sverige, og vil gjerne også høre om samferdsel.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:24:28]: Det vil verte litt langt dersom eg skal ta ei utgreiing om det norske skatte- og avgiftssystemet.

Men at grensehandel kan ha betyding, kan ein ikkje avslå. Samtidig er det slik at det finst grenseregionar som skårar høgare i det same NM-et som det vart vist til i spørsmålet. Så eg trur det viktige ein gjer i Glåmdalen og andre regionar, anten dei er grenseregionar eller andre arbeidsmarknadsregionar, er å definere sin eigen styrke. Ein må definere kva ein er god på, definere dei menneskelege og naturgitte naturressursane, ikkje minst nytte dei moglegheitene som ligg gjennom Innovasjon Norge, SIVA og andre – eit godt samarbeid med fylkeskommunen er òg ein viktig bit – til å lyfte seg sjølv. Det har vist seg at det er det som er framtidas løysingar i dei regionane som skal greie å konkurrere i framtida.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:25:34]: Jeg takker for et egentlig bedre svar, for det handler om å løfte seg selv.

Men vi har noe som heter «fylkesmann», som ikke gir innbyggerne i Hedmark muligheter til å løfte seg selv. Vi har naturgitte ressurser, f.eks. muligheten til å kjøre snøscooter, men der sier fylkesmannen nei, det kan være en rovdyrpolitikk som ikke er i tråd med ønskene til dem som bor i Hedmark – og masse sånt. Så det å løfte seg selv er viktig. Men samtidig som man sier at man skal løfte seg selv, må man gi en mulighet til å kunne løfte seg selv. Mange føler at fylkesmannen er en sterk bremsekloss. Det kan gjelde det å lage et hyttefelt, f.eks. Ofte handler det om livskvalitet og bolyst, og hvis man får de to tingene, får man etter min mening også et næringsliv som fungerer. Derfor må fylkesmannen være mer smidig og si ja til mye mer enn han gjør. På den måten kan vi få et næringsliv som løfter seg selv, og en befolkning som løfter seg selv, og som sagt få ikke minst livskvalitet og bolyst.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:26:37]: Eg kan seie meg samd i mykje av det representanten Bredvold her seier.

Derfor har òg regjeringa vore oppteken av å få på plass eit godt rovdyrforlik som skal vere tydeleg når det gjeld kva fylkesmannen skal gjere, og kva rovdyrnemndene – dei som er folkevalde til det arbeidet – skal gjere. Me har vore opptekne av å støtte opp om dei naturbaserte næringane i både Hedmark og resten av landet, nettopp fordi me ser at anten det gjeld arbeid innan turisme, kortreist mat eller andre naturbaserte arbeidsplassar, så er det grobotn for dei. Me ser det òg i næringshagane i Glåmdalen, og eg har sjølv vore i Odalen og møtt spenstige gründerar. Ein av dei sit i gründerrådet mitt, og han har utvikla «twintip» vasski og eksporterer til 14 land – spennande. Det å ha tru på eigne ressursar og støtte opp om dei som vil noko, er ei viktig oppskrift, og så får ein få hindringane or vegen.