Stortinget - Møte tirsdag den 17. juni 2014 kl. 9

Dato: 17.06.2014

Dokumenter: (Innst. 279 S (2013–2014), jf. Prop. 91 S (2013–2014))

Sak nr. 10 [19:40:16]

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 1316/2013 om opprettelse av en ordning for et sammenkoplet Europa (2014–2020)

Talere

Votering i sak nr. 10

Torill Eidsheim (H) [19:41:02]: (ordfører for saka): Denne saka gjeld innlemming i EØS-avtala av forordning om oppretting av ordning for eit samankopla Europa.

For meg som ordførar for saka er det gledeleg å sjå at ein samla komité stiller seg bak innstillinga i denne saka.

Connecting Europe Facility, CEF, har som formål å opprette eit overordna program for investeringar i infrastruktur i EU fram mot år 2020.

Ved å fokusere på smart, berekraftig og fullt samankopla transport, energi og digitale nettverk er det tenkt at dette skal bidra til å styrkje Europa sin indre marknad.

Den grunnleggjande tanken ved dette programmet er at det skal gje incentiv til investering. EU-kommisjonen har anslått at for kvar investerte euro i infrastrukturnettverket vil innovativ finansiering kunne stimulere til ei ny investering på 6–15 euro, rekna saman til ein verdi av 50 mrd. euro.

EU har til liks med den norske regjeringa sett klare mål for breiband med 100 Mbps til heile landet innan 2020. Krevjande innsats og koordinering står framfor oss for å nå målet, og forventningane knytte til det digitale samfunnet er store.

Pengane knytte til CEF-prosjektet vil bidra til utbygging av nødvendig infrastruktur, som igjen vil gjere teknologiske løysingar innan ulike sektorar tilgjengelege. CEF-forordninga kan bidra til forenkling, effektivisering og ikkje minst til ei minsking av det digitale klasseskiljet.

EØS-komiteen si avgjerd legg opp til at EØS/EFTA-statane berre skal delta i telekommunikasjonsdelen av ordninga for eit samankopla Europa. Noreg si finansielle deltaking vil derfor vere avgrensa til telekomområdet.

Deltakinga i CEF gjer det òg mogleg for norske offentlege etatar, med samarbeidspartnarar, å søkje midlar til etablering av den norske delen for dei aktuelle digitale.

Kort samanfatta vil eg vise til at det er svært viktig for Noreg å vere aktivt med i ordninga for eit samankopla Europa. Det er gledeleg å sjå at denne regjeringa følgjer opp EU/EØS-saker, og at det blir sett på dagsordenen på ein god måte. Det gjev oss høve til å sikre at norske interesser blir varetatt. I staden for å godta løysningar og standardar laga av medlemsstatane i EU, kan Noreg då få vere med på å utforme desse sjølv.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

Votering i sak nr. 10

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 1316/2013 om opprettelse av en ordning for et sammenkoplet Europa (2014–2020).

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.