Stortinget - Møte onsdag den 15. april 2015 kl. 10

Dato: 15.04.2015

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Fra representanten Sveinung Rotevatn til samferdselsministeren:

«Prosjektet ferjefri E39 er eit viktig løft for heile Vestlandet, og samlar tverrpolitisk støtte. Ikkje minst i Sogn og Fjordane, der standarden på E39 er svært dårleg, er satsinga på opprusting av kyststamvegen svært viktig. Det har nylig kome fram at Statens vegvesen anslår at opprustinga av E39 vert mykje meir kostbar enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Korleis vil statsråden sørgje for at tempoet vert halde oppe i opprustinga av E39 gjennom Sogn og Fjordane?»