Stortinget - Møte onsdag den 20. januar 2016 kl. 10

Dato: 20.01.2016

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Geir Pollestad (Sp) [11:42:31]: Jeg vil starte med å ønske statsråden velkommen til Stortinget, selv om det ikke skjer med fullt hus og stormende jubel.

«Stortinget har lagt økt matproduksjon på norske ressurser til grunn for landbrukspolitikken.

Hvordan vil statsråden sørge for et landbruk som bruker mest mulig av de ressursene vi har, til matproduksjon?»

Statsråd Jon Georg Dale [11:42:54]: La meg då takke representanten Pollestad for invitasjonen og anledninga til å få debutere også her i Stortinget.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at matproduksjonen skal auke. Grunnlaget for det er at jordbruksarealet vert nytta på ein god måte. Det vert produsert dyrefôr på om lag 90 pst. av jordbruksarealet i landet vårt. I tillegg til det har vi store beiteareal. Eg er glad for å sjå at det er optimisme i landbruket, m.a. blant saueprodusentane. Det er no marknadsdekning på norsk sauekjøt, etter mange år med underskot. Det gjer at vi kan nytte dei norske beiteareala endå betre enn tidlegare. Det ligg mykje ressursar i beita, og når Nortura no melder om tilgang på 70 000 fleire lam enn for to år sidan, inneber det at desse har gått på beite før Nortura har fått dei. Det er ein god indikasjon på at vi utnyttar ressursane godt.

Noreg er eit grasland, med avgrensa moglegheiter for å produsere plantevekstar med mykje energi direkte til mat for menneske. Når vi ser på grovfôr og kraftfôr samla, er om lag 80 pst. av fôret til dyra produsert i Noreg. Korn er ei viktig råvare i kraftfôr, men det må supplerast med proteinrike vekstar. Jordbruket har alltid måtta importere råvarer til fôret for å få den kvaliteten som trengst. Vi har hatt lite norsk produksjon, spesielt etter at det vart forbode å bruke kjøtbeinmjøl og fiskemjøl i kraftfôret.

Eg er glad for at dei som utviklar fôr, stadig kjem lenger i å lage reseptar som gjer at ytinga og produktiviteten i fôret aukar. Det er nødvendig at dette arbeidet held fram, sjølv om vi også no må importere. Vi må på mange område handle med omverda og importere varer som vi ikkje sjølve klarer å produsere.

Norske bønder har til alle tider importert ulike driftsmiddel. Samtidig er fôrbehovet til norske husdyr ein stor marknad for norske fôrprodusentar. Her trengst fortsatt mykje forsking og utvikling. Produktiviteten på areala må aukast, og det går føre seg mykje spanande forsking for å utnytte ressursane som også ligg i havet, til produksjon av fôr. Auka effektivitet og betre konkurransekraft, både i jordbruket og i matindustrien, er nødvendig for at den norske matproduksjonen skal auke. Då er det sentralt å gje bøndene moglegheit til å bruke ny teknologi og til å nytte ressursane på garden sin så godt som råd er. Det er det mi oppgåve å leggje til rette for.

Geir Pollestad (Sp) [11:45:32]: Jeg vil takke for svaret og understreke at Stortinget har sagt at økt matproduksjon skal skje med grunnlag i norske ressurser. Den norske landbrukspolitikken må forholde seg til hvordan Norge ser ut. Vi må ha en politikk som tar utgangspunkt i at matproduksjonen skal økes på norske ressurser. Det kan vi ikke få til på lang sikt med utelukkende å satse på å gjøre de store brukene større. Da trenger vi små, mellomstore og også store bruk. Det kan ikke være slik at en må være stor for å investere og fornye gården, for hvis vi får en utvikling der de store brukene er moderne, og de små og mellomstore ikke er det, vil det over tid svekke grunnlaget for å satse på norske ressurser. Vi trenger en landbrukspolitikk som tar hensyn til at Norge er mangfoldig, og vi trenger ytre rammer, solide jordbruksoppgjør og tollvern. Er landbruksministeren enig i en slik beskrivelse?

Statsråd Jon Georg Dale [11:46:29]: Landbruket i Noreg har alltid vore mangfaldig. Det trur eg det er grunnlag for at det fortset å vere. Nokon investerer i store, nye bruk. Andre utviklar garden sin basert på dei ressursane dei har tilgjengelege, og den utviklinga kjem vi til å sjå meir av i åra framover. Vi skal også minne oss sjølve om at ein del av den nyinvesteringa som faktisk no skjer i landbruket, er grunnleggjande positiv. Men den skjer i ny teknologi, den skjer fordi ein ønskjer å utnytte areala sine betre enn tidlegare, og det gjev også strukturrasjonalisering. Det kjem til å fortsetje også under den perioden eg er statsråd. Det meiner eg norsk landbruk har godt av. Så er det mange sideelement i den diskusjonen, som handlar om at landbruksutviklinga på den enkelte gard først og fremst er styrt av den enkelte bonde som disponerer desse ressursane. Vi ser eit mangfald når det gjeld korleis ein vel å utnytte dei ressursane, og det vil fortsetje.

Geir Pollestad (Sp) [11:47:34]: Selv om statsråden i dag debuterer i Stortinget som statsråd, har han jo tidligere møtt som vararepresentant. Den 16. juni 2011 deltok den nåværende statsråden i debatten om jordbruksoppgjøret. Han beklaget da at fem bønder i Møre og Romsdal ikke fikk muligheten til å starte eggproduksjon i samdrift, med nær 40 000 høner, men måtte forholde seg til konsesjonsgrensen på 7 500 høner.

Står statsråden fremdeles fast på at det vil være «det glade vanvit» ikke å åpne for samdrift i eggproduksjon, eller kan vi vente denne type forslag i årene som kommer? Eller innser statsråden at en del av Fremskrittspartiets landbrukspolitikk ikke tåler møtet med virkeligheten og Stortinget?

Statsråd Jon Georg Dale [11:48:27]: Eg sa mykje i 2011, bl.a. sa eg at Senterpartiet måtte slutte å skjønnmåle situasjonen som var i norsk landbruksnæring, og at ein måtte ta tak i nokre av utfordringane der. Ei av dei utfordringane denne regjeringa tek tak i, er grunnlaget for norsk lammeproduksjon. Med dei endringane vi har fått gjort dei siste to åra, har vi faktisk klart å oppnå marknadsdekning. Det er eit tydeleg bevis på at nye tankar faktisk gjev resultat. Det kjem eg til å halde fram med.

Når det gjeld behovet for å halde fram med utvikling, forenkling, modernisering og å leggje til rette for at dei som ønskjer å utvikle produksjonen sin, får størst mogleg fridom til det, kan eg bekrefte at det er min ambisjon å bidra til forenklingsarbeidet, bidra til å fjerne unødige hinder for dei som ønskjer å produsere mat i Noreg.

Det kjem vi til å diskutere mange gonger framover, for denne regjeringa har som politikk å bidra til forenklingar som gjev auka matproduksjon.

Presidenten: Sak nr. 2 er dermed ferdigbehandlet.