Stortinget - Møte mandag den 19. desember 2022

Dato: 19.12.2022
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 131 S (2022–2023), jf. Prop. 28 S (2022–2023), Prop. 23 S (2022–2023) kap. 541, 542 og 543 og romartal V og Prop. 26 S (2022–2023) kap. 970)

Søk

Innhold

Sak nr. 8 [18:21:05]

Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2022 under Samferdselsdepartementet, Endringar i statsbudsjettet 2022 under Kommunal- og distriktsdepartementet og Endringar i statsbudsjettet 2022 under Nærings- og fiskeridepartementet (Innst. 131 S (2022–2023), jf. Prop. 28 S (2022–2023), Prop. 23 S (2022–2023) kap. 541, 542 og 543 og romartal V og Prop. 26 S (2022–2023) kap. 970)

Talere

Presidenten []: Etter ønske frå transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordna debatten slik: 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil det – innanfor den fordelte taletida – bli gjeve høve til inntil tre replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får òg ei taletid på inntil 3 minutt.

Erling Sande (Sp) [] (leiar for komiteen): Saka omhandlar endringar i statsbudsjettet for 2022 under Samferdselsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet sine budsjett.

Ein varslar endringar i løyvingar innanfor administrasjon, luftfartsføremål, vegføremål, særskilde transporttiltak, jernbaneføremål og posttenester, og tilrådinga omtalar endra kostnadsramme for prosjekta E39 Kristianborg–Bergen sentrum i Vestland, E39 Svegatjørn–Rådal i Vestland, E16 Øye–Eidsbru i Innlandet og vidare fullmakt til å overskride løyvinga for E39 Eiganestunnelen samt fullmakt til sal av eigedom knytt til prosjektet E16 Sandvika–Wøyen – bl.a.

Komiteen sluttar seg samla til innstillinga, men eit mindretal har nok enkelte merknader til nokre av endringane, og eg legg til grunn at det vil bli gjort nærare greie for i innlegg frå dei partia som står bak.

Liv Kari Eskeland (H) []: Dette er ei sak som eg registrerer har ei ganske kort talarliste, men eg vil – sidan denne saka no er til debatt – knyta to merknader til saka. Den eine gjeld manglande kostnadskontroll, og den andre gjeld feilbudsjettering.

Til det første: Det er vanskeleg for oss å vera spesifikke inn i enkeltprosjekt, men me registrerer at departementet, som i tilfellet Svegatjørn–Rådal – som er vorte eit fantastisk flott prosjekt – unnskylder kostnadsoverskridingane med at desse har kome så seint i prosjektet at handlingsrommet for å gjera tiltak var brukt opp. Til ei slik form for kostnadsstyring bør me gjera ei grundig evaluering av om me brukar dei rette verktøya for prosjektoppfølging med tanke på kostnader. Me ønskjer jo ikkje at me gjentekne gonger skal verta møtte med påstandar som at alle vegprosjekt vert dobbelt så dyre. Her har me eit felles ansvar for å treffa planken så godt som mogleg, og gode styringsverktøy er eitt av kriteria.

Det andre eg vil knyta ein kommentar til, er ei grov feilbudsjettering på posten tømmervegar. Det førte til at det i 2022 berre vart sett i gang prosjekt for halvparten av prosjekta innanfor budsjettføremåla. Det er ikkje bra, det heller. Om noko kan gjerast på dette området for å sikra at me treffer planken så godt som mogleg, bør me òg her altså syta for gode verktøy og eit så godt og rett grunnlag som mogleg for å ta avgjerder.

Det som kanskje uroar oss mest, er at det er berre Høgre og Framstegspartiet som står i desse merknadene. Det kan difor synast som at regjeringspartia ikkje er så opptekne av at underliggjande organ skal finna betre metodar for å følgja opp store, tunge prosjekt med tanke på kostnadskontroll – ei heller at dei er opptekne av at budsjetteringa vert så korrekt som mogleg, slik at ein får brukt pengar, i dette tilfellet til tømmervegar, på ein måte som Stortinget faktisk har vedteke.

Det er vanskeleg å tru at det er slik det er fatt, men det er faktisk slik det framstår i innstillinga me debatterer i dag.

Presidenten []: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.

Votering, se voteringskapittel