Søk

Bakgrunn

Klimaplan for 2020–2030 legg store ambisjonar for korleis Noreg må forvalte sine verdiar for å nå dei ambisiøse klimamåla landet har sett. Ein må ta tak i alle sektorar for å nå måla, og byggsektoren er ein viktig del av dette biletet. Denne sektoren står for om lag 40 prosent av det globale energiforbruket og om lag 30 prosent av dei globale klimagassutsleppa. Byggjevarene utgjer over 80 prosent av utsleppa frå sektoren. FNs klimapanel (IPCC) viser til at ein stor del av bygningsmassen som finst i dag, vil eksistere i 2050 òg, og at å rehabilitere og oppgradere noverande bygningsmasse difor er viktige bidrag for å redusere utsleppa frå sektoren. Men også gjenbruk av material frå bygg og anlegg som ikkje lenger er hensiktsmessige å vidareføra, og som derfor skal demonterast, vil vera viktig i åra frametter.

Næringa sjølv tek til orde for tydelege krav og føreseielege rammevilkår som rammar likt for heile næringa. Og ein opplever at tidlegare endringar har ført til stor innovasjon og teknisk utvikling, og at bransjen evnar å tilpasse seg nytt regelverk. Dette fører også til nye forretningsidear og nye verdikjeder.

Frå klimaplanen kan ein lese:

«Aukande velstand og forbruk gjer at bruken av ressursar i verda ikkje er berekraftig. Det er difor nødvendig å utnytte ressursane på ein betre måte enn det som blir gjort i dag. Dette er hovudgrunnlaget for EUs handlingsplan for sirkulære økonomi der bygg og anlegg er peikt på som eitt av sju prioriterte område. Noreg har som eitt av miljømåla sine at auken i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet skal utnyttast best mogleg gjennom materialattvinning og energiutnytting. EUs rammedirektiv om avfall er ein del av EØS-avtalen og set krav til at 70 prosent av ikkjefarleg bygg- og anleggsavfall skal gå til ombruk og attvinning i 2020. Dette kravet greier vi ikkje i dag, og i 2018 gjekk i underkant av 43 prosent av totalt byggavfall til materialattvinning. Skal vi nå målet, må materialane ha ein kvalitet som gjer dei eigna for ombruk og materialattvinning. Ei framtidig regulering må difor leggje til rette for dette og samtidig hjelpe til med å redusere framtidige avfallsmengder samanlikna med nivået i dag. I samband med innspel til arbeidet med strategien for sirkulær økonomi har Klima- og miljødepartementet fått utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag av Deloitte. I grunnlaget blir det peikt på at bygg- og anleggssektoren er ein av sektorane med størst potensial for auka sirkularitet, mellom anna på grunn av det høge avfallsvolumet.»

Og vidare:

«Regjeringa har utarbeidd felles klima- og miljøambisjonar for statlege bygg og eigedommar i sivil sektor. Ambisjonane skal gjelde for staten både som byggherre, eigedomsforvaltar og leigetakar:

  • Staten skal utnytte noverande bygningsmasse og sikre gjenbruk av fråflytta eigedom.

  • Staten skal bruke tidlegare bygningsmaterialar om att og leggje til rette for at også andre kan bruke materialar frå statlege bygningar om att.»

Og til sist:

«Byggjematerialane representerer ein stor ressurs. Byggjematerialane gir store utslepp når dei blir produserte. Det er følgjeleg eit stort potensial i å bruke materialar om att framfor å produsere nye.

Ved systematisk å bruke byggjematerialar om att vil byggjevarene som blir produserte, få lengre levetid. Dei vil hjelpe positivt i økonomien i lengre tid før dei ikkje lenger kan fylle funksjonen sin og må resirkulerast. Det betyr vidare at staten i mindre grad kan innrette ressursbruken sin etter nye bygningsmaterialar og i større grad må planleggje korleis materialane kan takast ut av eksisterande bygg på ein skånsam måte, og demontere på eit vis som sikrar materialane vidare levetid. Staten blir dermed å rekne som ein byggjevareprodusent etter gjeldande regelverk og må sikre at kvaliteten på materialane som blir tilbodne til vidare bruk, er varetekne og dokumenterte. Vidare bruk av materialane – i andre statlege bygg eller i private bygg i Noreg eller i utlandet – vil skape verdiar der materialane får den nye plasseringa si. Klimafotavtrykket til bygga der brukte materialar inngår, vil vere redusert samanlikna med fotavtrykket til bygg av nytilverka materialar sidan å produsere nye, tilsvarande materialar gir større utslepp.»

Demonteringsbransjen ytrar eit behov for kompetanseheving blant sine tilsette og auka status og attraktivitet for yrket. I tillegg er sektoren prega av mykje midlertidig arbeidskraft og ein høg del utanlandsk og ufaglært arbeidskraft. Skal ein få utnytta det enorme potensialet som ligg i gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen, er ein avhengig av å heve statusen og kompetansen og styrke rekruttering og utdanningsløp inn i bransjen. Gjenbrukskompetanse støttar opp under FNs berekraftsmål, og auka kompetanse vil bidra til betre å nå måla på kort og lang sikt.

Kompetanse bransjen sjølv peikar på som viktig for demontering og gjenbruk, er:

  • Arbeidsplanlegging

  • Farleg avfall

  • Ombruk

  • Byggstatikk

  • Handtering av spesialmaskiner

  • Teknisk innsikt

  • Restverdikartlegging

  • Logistikk

  • Materialkunnskap

  • HMS

I det grøne skiftet er kompetanseheving og utvikling av nye og meir effektive løysingar som senkar klimafotavtrykket, sentralt. For å sikre fungerande sirkulærøkonomi i bygg- og anleggsbransjen trengst det omfattande kompetanseheving i heile verdikjeda frå råvareproduksjon og sertifisering, til planlegging og ferdigstilling av prosjekt, demontering og gjenbruk.

Riktig kompetanse får ein gjennom gode, relevante og arbeidslivsnære opplærings- og utdanningsløp. For å gi høve til ein veg inn i yrket for både unge og vaksne arbeidstakarar og arbeidsledige på jakt etter jobb, er det viktig at opplærings- og utdanningsløpa spenner breitt, og har gode vegar inn til fullføring av opplæringsløp eller formalisering av kompetanse. Då må ein sikre at ein kan lære heile livet, og at det å ta fag og utdanning bør vere mogleg for folk uavhengig av livssituasjon og alder. Fullføringsreforma som regjeringa Solberg la fram våren 2021, sikrar ein rett til fullført vidaregåande opplæring for alle, og høve til rekvalifisering til nytt fagbrev. Dette er eit viktig grunnlag å bygge vidare på i arbeidet med å sikre auka kompetanse til demonteringsfaget. Saman med strategien for fleksibel og desentralisert utdanning, Høgres nye forslag til ein ny måte å tenke vidaregåande opplæring for vaksne og kompetansereforma «Lære heile livet» gir dette eit utgangspunkt for å tenke nytt når det gjeld kompetanseheving inn mot denne bransjen.

For at opplærings- og utdanningsløp kan ta vare på, og løfte forståinga for, sirkulærøkonomi og berekraft i ulike bransjar, er det viktig at både utdanning og etter- og vidareutdanning for lærarar og undervisarar har tilstrekkeleg merksemd om berekraftsmåla og arbeidet med å følgje opp læreplanens overordna del som omtaler berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i skulen. Særleg er det i perspektivet i denne saka viktig å sikre ei brei forståing av berekraft i yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande og fagskuleløp retta mot bygg- og anleggsbransjen.

Krav til kunnskap og kompetanse bidrar til å heve statusen og profesjonen generelt, dette gjeld òg i bygg- og anleggsbransjen. Det er nødvendig å gjere ei heilskapleg vurdering av kva krav som skal stillast, og på kva nivå utdanninga skal ha eit tilbod.

Det er mangel på fagarbeidarar i ei rekke bransjar og sektorar, men også låge elevtal i distrikta og mange vaksne med restarbeidsevne som står utanfor arbeidslivet. Det kan vere eit potensial i å rekruttere nye arbeidstakarar inn i bygg- og anleggsbransjen gjennom kvalifisering eller omskolering av arbeidssøkjande i Nav-porteføljen.

Det er ei rekke grep som kan takast for å auke forståinga for korleis demontering og gjenbruk kan vere viktige brikker i å sørge for forsterka sirkulærøkonomi og auka berekraft i bygg- og anleggsbransjen. Mellom anna bør det vurderast korleis desse utdannings- og opplæringsordningane kan vere vegar til formalisering av kompetanse for dei som jobbar, eller ønsker å jobbe med demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen:

  • Fagbrev på jobb

  • Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring

  • Kompetansebevis

  • Praksisbrevordninga

Samstundes er det viktig at merksemd på sirkulære prosessar og ombruk er ein del av alle kompetanseledd i verdikjeda i bygg- og anleggsbransjen, frå designar, ingeniør, byggeleiar og bas til demonteringsarbeidar. Formelle krav til kunnskap og kompetanse vil òg løfte yrkesstatus som demonteringsarbeider, jamne ut lønsskilnader, og med det gi auka attraktivitet for dyktige arbeidstakarar som ønsker å vere ein viktig del av det grøne skiftet. Ei forsterka berekraftig omstilling innan bygg og anlegg vil ikkje berre spare miljøet for store utslepp, men også etablere nye verdikjeder og forretningsmodellar som kan danne grunnlag for nye grøne arbeidsplassar samstundes som kompetansen ein opparbeider, kan bli ein eksportartikkel i åra som kjem.