Representantforslag om fleire staduavhengige jobbar i statsforvaltinga

Dette dokument

  • Representantforslag 212 S (2022–2023)
  • Fra: Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Ingvild Wetrhus Thorsvik
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Regjeringa Solberg starta i 2020 opp det fireårige pilotprosjektet «Statens hus i Distrikts-Norge» på bakgrunn av tilrådingane til Demografiutvalet (NOU 2020:15) og Distriktsnæringsutvalet (NOU 2020:12) om fornying av norsk distriktspolitikk.

Målet med pilotprosjektet, som pågår i perioden 2021–2024, er å etablere modellar for meir samla offentlege kompetansemiljø i bu- og arbeidsmarknadsregionar i Distrikts-Noreg der staten bidreg sterkare og meir systematisk enn i dag. I tillegg til at dette er viktig for den samla distriktspolitikken, vil slike faste og strukturerte modellar for offentlege kompetansemiljø i distrikta kunne gjere det enklare å halde på og rekruttere kompetanse i statlege etatar på mindre stadar, og fleire statsetatar enn i dag kan lettare rekruttere og tilsette folk desentralisert og dermed auke tilfanget av kvalifiserte medarbeidarar.

I pilotprosjektet skal ein mellom anna utforske barrierar og hindringar for å gi tilsette i statlege etatar moglegheit til å jobbe desentralisert frå Distrikts-Noreg i samlokaliserte jobbfellesskap.

I februar 2023 publiserte Kommunal- og distriktsdepartementet ei midtvegsevaluering av pilotprosjektet «Statens hus i Distrikts-Norge», utarbeidd av Oxford Research. I midtvegsevalueringa går mellom anna følgjande fram som generelle funn:

  • Pilotkommunane opplever at dei statlege etatane er prega av silotankegang og ein for dårleg koordinert regional stat.

  • Kapasiteten til å tenke regional samordning, lokal tilstadevere og utvikling i kvar enkelt statlege etat er begrensa.

  • Det er lite utvikla medvit i kvar enkelt statlege etat om verdien av og moglege synergiar av samlokalisering og å delta i større «kompetanseklynger», til dømes når det gjeld rekruttering.

  • Lokale representantar for statlege etatar har ikkje tilstrekkeleg avgjerdsmynde til å gjennomføre forslag og endringar som kjem fram gjennom pilotarbeidet.

  • Kommunane ytrar ønskje om ein meir samskapande og samhandlande kommune-stat-relasjon, men får i begrensa grad svar frå statleg hald.

  • Engasjement og drivkraft i statlege etatar er knytt til enkeltpersonar, ikkje systemstrukturar, og blir ikkje fanga opp og forankra i ei institusjonell innramming i staten.

  • Det er jamt over ei varsam og tilbakelent haldning blant statlege aktørar til å utforske og utnytte det auka handlingsrommet for desentralisert lokalisering som digitalisering og ny teknologi gir.

Stortinget behandla i februar 2023 representantforslag frå representantane Sveinung Rotevatn, Alfred Jens Bjørlo og Guri Melby frå Venstre «om mer frihet til å jobbe der du vil», Dokument 8:34 S (2022–2023), om å legge til rette for eit meir staduavhengig arbeidsliv på generell basis. I regjeringa sitt svarbrev til representantforslaget opplyste arbeids- og inkluderingsministeren m.a. følgjande:

«Regjeringen har videre som ambisjon å øke antall stillinger i staten som blir lyst ut med mulighet for fjernarbeid, eller som arbeidsgiver velger å tilby ansatte som alternativt ville sluttet i virksomheten, med det formål å oppnå økt desentralisering av statlige arbeidsplasser. Som forslagstillerne også peker på, bør fjernarbeid i staten kombineres med mulighet for å høre til et lokalt kontorfellesskap der det er tilgjengelig eller formålstjenlig. Både for arbeidsgiver og for arbeidstaker kan det være fordeler med en slik løsning. Mange kommuner har stort engasjement for stedsuavhengig arbeid, og kommunene oppfordres til å legge til rette for kontorfellesskap der også ansatte i staten kan inkluderes. Det er ingen hindringer for å gjøre dette, og det blir også gjort mange steder. Det finnes en rekke ulike former for kontorfellesskap rundt om i landet som har kommet til uten statlige prosjekter eller en særlig statlig støtteordning. Private og offentlige finner sammen på ulike måter for å legge til rette for denne typen virksomhet.»

Regjeringa har i tildelingsbreva til statlege etatar for 2023 lagt inn følgjande standardformulering, i tråd med det arbeids- og inkluderingsministeren opplyser til Stortinget: [Ein] etat

«... skal vurdere hvilke muligheter den har for økt bruk av desentralisert arbeid, med det formål å oppnå mer desentralisering av statlige arbeidsplasser og styrke lokale fagmiljø, som kan gi distriktspolitisk gevinst. Dette vil være særskilt aktuelt i forbindelse med utlysning av stillinger, men kan også være aktuelt for allerede tilsatte som ønsker dette. Slikt desentralisert arbeid bør fortrinnsvis kombineres med mulighet til å tilhøre et lokalt kontorfellesskap der det er tilgjengelig.»

Sett i lys av funna i midtvegsrapporten frå pilotprosjektet «Statens hus i Distrikts-Norge» er det liten grunn til å tru at dei uforpliktande og lause oppmodingane frå regjeringa til statsetatane om å vurdere auka bruk av desentralisert arbeid vil ha reell effekt. Midtvegsrapporten påviser strukturelle, tunge barrierar for meir omfattande og systematisk bruk av desentralisert lokalisering i statlege etatar, som neppe vil bli løyst gjennom dei forsiktige formuleringane i tildelingsbreva til statlege etatar for 2023.

Skal staten bli ein reell drivar i utviklinga av sterkare kompetansemiljø i Distrikts-Noreg, og dermed også utvikle ein meir offensiv distriktspolitikk i tråd med kunnskapsgrunnlaget frå Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet som også skal ligge til grunn for regjeringa Støre sin distriktspolitikk (jf. Hurdalsplattforma), må arbeidet med fleire desentraliserte statlege arbeidsplassar skje på ein langt meir medviten, systematisk og forpliktande måte.

Regjeringa må mellom anna setje konkrete måltal på kor stor del av stillingane i nasjonale statlege etatar/forvaltingsorgan som skal vere staduavhengige med høve til lokalisering i jobbfellesskap i bu- og arbeidsmarknadsregionar i Distrikts-Noreg. For dei fleste statlege etatar/forvaltingsorgan med nasjonal struktur utanom departementa bør det vere mogleg å sørge for at minst ein tredjedel av stillingane kan ha status som staduavhengig stilling innan utgangen av 2025.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa setje konkrete måltal på kor stor del av stillingane i nasjonale statlege etatar/forvaltingsorgan som skal vere staduavhengige med høve til lokalisering i jobbfellesskap i bu- og arbeidsmarknadsregionar i Distrikts-Noreg.

  • 2. Stortinget ber regjeringa sørge for at det blir etablert gode modellar for og kunnskapsdeling mellom ulike statlege etatar om desentralisert jobbstruktur i ein ny digital kvardag, og at det blir stilt tydelege forventingar til alle statsetatar om å legge til rette for dette.

  • 3. Stortinget ber regjeringa sørge for at det i samarbeid med kommunar/regionar blir lagt til rette for at det er tilgjengeleg eigna lokale/fasilitetar for å ha desentraliserte, fleksible statlege arbeidsplassar i alle bu- og arbeidsmarknadsregionar i Distrikts-Noreg.

30. mars 2023

Alfred Jens Bjørlo

André N. Skjelstad

Ingvild Wetrhus Thorsvik