Representantforslag om internasjonal gjeldsslette for å nå berekraftsmåla

Dette dokument

  • Representantforslag 221 S (2022–2023)
  • Fra: Ingrid Fiskaa og Kari Elisabeth Kaski
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Halvparten av den tida verdas land vart einige om å bruke på å utrydde svolt og ekstrem fattigdom, sikre utdanning for alle og halvere klimagassutsleppa, har gått, og FNs statusrapport er klar: ein er ikkje i nærleiken av å nå berekraftsmåla. Covid-19-pandemien med økonomisk nedstenging snudde utviklinga frå reduksjon til auke i global fattigdom og førekomst av dødelege sjukdommar som tuberkulose. Ekstremvêr som følgje av klimaendringar har kome stadig oftare og øydelagt avling på avling, med den konsekvensen at svolt har vorte eit større, ikkje mindre, problem. Den høge inflasjonen medfører lågare investeringar i vass- og sanitærsystem. Årsakene til at me ligg så dårleg an til å nå berekraftsmåla, er mange, men FN er tydeleg på at ei av hovudårsakene er den djupe og omfattande gjeldskrisa fleirtalet av utviklingsland er i.

Verda står overfor den største statlege gjeldskrisa sidan den andre verdskrigen. 114 utviklingsland brukar ein vesentleg del (meir enn 15 prosent) av statlege inntekter på tilbakebetaling av lån. 52 av desse har ifølgje FNs utviklingsprogram UNDP alvorlege gjeldsproblem. Årsakene til den høge gjelda er samansette, men det er spesielt tre historiske hendingar som kan forklare gjeldskrisa: monetære tiltak etter finanskrisa i 2008, svekte internasjonale råvareprisar rundt 2014 og covid-19-pandemien med påfølgjande nedstenging av næringsverksemd.

Tilbakebetaling av dei høge utanlandslåna går på kostnad av viktige sosiale og miljømessige investeringar. Ifølgje Kirkens Nødhjelp/Debt Relief International brukar 94 prosent av utviklingslanda meir pengar på betening av lån enn på klimatiltak, og fire av fem utviklingsland brukar meir pengar på gjeld enn på helse. UNDP stadfestar at det er umogleg for eit land å nå klimamåla og berekraftsmåla så lenge 20 prosent av inntektene vert brukte på å betale tilbake på gjeld og landet tek opp lån med 15 prosents renter.

For å nå berekraftsmåla innan 2030 er det derfor naudsynt med ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme. Illegitim gjeld og gjeld gitt utan tilstrekkelege berekraftsanalysar må slettast, renter senkast og nye nedbetalingsplanar lagast uavhengig av om det er statar, internasjonale finansinstitusjonar eller private fond som er lånegjevar. Skal ein gjeldshandteringsmekansime ha brei internasjonal legitimitet, må han ligge under eit demokratisk og representativt organ, som FN.

Det internasjonale samfunnet har klart det før og kan klare det på nytt. For tjue år sidan vart gjelda sletta for dei utviklingslanda med høgast gjeldsbyrde (HIPC), og lånevilkåra for fattige land vart betra. HIPC-initiativet viser seg samtidig å ha vore utilstrekkeleg, når verda nå vert ramma av ei ny gjeldskrise to tiår etter. For å unngå nye rundar med gjeldskriser er det ikkje nok med ein gjeldshandteringsmekanisme aleine. Det er også naudsynt å få på plass bindande retningslinjer for ansvarleg lånegjeving for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar. Slike retningslinjer må halde utlånar ansvarleg ved å halde renter på eit lågt nivå, og lånetakar ansvarleg ved å stille krav til kva låna kan brukast til. Retningslinjer for ansvarleg lånegjeving må også inkludere krav om berekraftsanalysar som tek høgde for inflasjon, eksterne økonomiske sjokk og statars evne til å sikre menneskerettar og oppfylle klimamåla. Slike retningslinjer har vore diskuterte i ulike forum etter sist gjeldskrise, men så langt har det ikkje kome i hamn bindande retningslinjer for alle aktørar. Prinsippa kan takast i bruk ved å inkludere uansvarleg utlån og låneopptak i FNs konvensjon mot korrupsjon (UNCAC).

Sivilsamfunnsorganisasjonar og uavhengige media har ei viktig vaktbikkjerolle å spele overfor dei respektive styresmaktene sine opptak av nye lån. Men med manglande informasjon og openheit er det vanskeleg å utøve denne kontrollfunksjonen. Det er derfor viktig å etablere eit offentleg gjeldsregister der lånegjevar, storleik på lån, vilkår og nedbetalingsplan vert tilgjengeleg for alle.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert ein ny internasjonal gjeldshandteringsmekanisme.

  • 2. Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert bindande retningslinjer for ansvarleg utlån for statar, internasjonale finansinstitusjonar og private kreditorar.

  • 3. Stortinget ber regjeringa ta initiativ i FN til å få etablert eit offentleg register for statleg gjeld.

30. mars 2023

Ingrid Fiskaa

Kari Elisabeth Kaski