Interpellasjon fra Ranveig Frøiland (A) til kultur- og kirkeministeren

Interpellasjon nr. 3 (1989-90)
Datert: 20.12.1989
Besvart på vegne av: Kultur- og kirkeministeren
Besvart: 14.05.1990 av kultur- og kirkeminister Eleonore Bjartveit

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): "Fram til i haust har det vore krav om fiskeriopplæring for å føre fiskebåt. Med i alle sertifikat for fiskebåtar som bygde på eksamen frå vidaregåande skular, var det krav om fiskeriopplæring, der innhaldet mellom anna er opplæring i økologi, ressursforvaltning og fiskerilovgjeving. Sjøfartsdirektoratet har no laga nye forskrifter for maritime sertifikat. Etter dette blir det slutt på kravet til opplæring i økologi og ressursforvaltning.
Meiner statsråden at opplæring i økologi og ressursforvaltning ikkje er viktig for førarar av fiskebåtar, og korleis samsvarer desse forskriftene med ønskje til Utdanningsdepartementet om at miljølære skal vera eit område man vil satsa på i tida framover?"