Interpellasjon fra Kjellbjørg Lunde (SV) til finansministeren

Interpellasjon nr. 8 (1991-92)
Datert: 19.02.1991
Besvart: 05.05.1992 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Kjellbjørg Lunde (SV)

Spørsmål

Kjellbjørg Lunde (SV): "I løpet av 80-åra har einskilde grupper i det norske samfunnet blitt ståande utanfor velstandsutviklinga. Dette gjeld til dømes åleineforeldre, arbeidslause og funksjonshemma.
I fleire land, mellom anna England og USA har vi sett ei utvikling mot eit samfunn der fleirtalet materielt sett har det relativt bra, medan eit stort mindretal lever på eit eksistensminimum.
Den økonomiske politikken for omstilling og marknadstilpassing har ført til høg arbeidsløyse og stort press for innstramminger i velferdsordningane.
Kva vil Regjeringa gjere for å hindre ei utvikling der eit stort mindretal får vesentleg dårlegare levekår enn fleirtalet har?"