Interpellasjon fra Marie Lovise Widnes (SV) til sosialministeren

Interpellasjon nr. 30 (1991-92)
Datert: 12.06.1992
Besvart: 22.09.1992 av sosialminister Grete Knudsen

Marie Lovise Widnes (SV)

Spørsmål

Marie Lovise Widnes (SV): "Mange FN-soldatar får problem med den psykiske helsa på grunn av påkjenningar når dei er vitne til vald og overgrep, især når dei ikkje kan gripe inn mot overgriparane. Krigssituasjonar er ei sterk påkjenning om soldatane er aldri så robuste. Ein har døme på sjølvmord og store depresjonar. Nye krisesituasjonar kan krevje større innsats frå Noreg. Fullgod krisepsykiatri, oppfylgjing og støtte, og ikkje minst økonomisk tryggleik etter enda teneste, når seinverknader kjem, ser ut til å mangle.

Kva vil statsråden gjere for at vi ikkje skal få ein ny generasjon "krigssiglarar", med skadeverknader for offera og familiane deira?"

Les hele debatten