Interpellasjon fra Jørgen Holte (Sp) til kommunal- og arbeidsministeren

Interpellasjon nr. 7 (1994-95)
Datert: 25.03.1994
Besvart: 24.10.1994 av kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge

Jørgen Holte (Sp)

Spørsmål

Jørgen Holte (Sp): "Ved handsaming av St.meld. nr. 15 for 1991-92 om tiltak mot brann, sa komitefleirtalet at departementet ved oppretting av nødmeldingssentralar bør søkje mest mulig frivillige løysingar, slik at ein ikkje fattar vedtak på tvers av lokale omsyn. Mange kommunar har i samarbeid etablert vaktsentralar, som fagleg fungerer godt. Døme viser at slike løysingar også vil gje økonomiske føremoner samanlikna med å opprette store vaktsentralar baserte på politidistrikt. På tross av dette opplever vi at departementet ikkje vil godkjenne lokale løysingar, slik Stortinget har bede om.

Kva vil statsråden gjere for at stortingsfleirtalet sin intensjon blir følgt opp, og vil statsråden på nytt vurdere dei vaktsentralane som har søkt om godkjenning i samsvar med stortingsfleirtalet sitt syn, men som har fått avslag?"

Les hele debatten