Interpellasjon fra Børre Rønningen (SV) til kommunal- og arbeidsministeren

Interpellasjon nr. 2 (1995-96)
Datert: 07.02.1995
Spørsmålet er trukket tilbake

Børre Rønningen (SV)

Spørsmål

Børre Rønningen (SV): "I distriktspolitikken har det vore brei politisk semje om eit sett av verkemiddel for å tilstrebe like konkurransevilkår for næringslivet i by og land. Utlikning av avstandsulemper, differensiert arbeidsgjevaravgift, like tenester og like enhetsprisar frå forvalting og forvaltingsbedrifter er døme på dette. Bortfall av transportstøtte, einsidige lønnsomhetskrav i forvaltingsbedrifter og frå SND bryt med tidlegare mål. Omorganiseringa i forvaltingsbedriftene flytter politiske prioriteringar over til lukka administrasjonar og styremøter.
Er ikkje statsråden, som har det overordna ansvar for distriktspolitikken, bekymra over denne saneringa av distriktspolitiske verkemiddel, og kva for konkrete tiltak/verkemiddel vil statsråden sette inn som erstatning?"