Interpellasjon fra Astrid Marie Nistad (A) til justisministeren

Interpellasjon nr. 53 (1997-98)
Om å sikre likestilling i politi- og lensmannsetaten og betre kvinnerekrutteringa til tenestestadene
Oversendt regjeringen: 30.04.1998
Besvart: 26.05.1998 av justisminister Aud-Inger Aure

Astrid Marie Nistad (A)

Spørsmål

Astrid Marie Nistad (A): I Budsjett-innst. S. nr. 4 (1997-98) uttaler ein samla komitè at det framleis kan skje forbetringar når det gjeld likestilling i politi- og lensmannsetaten, for eksempel på områda etter- og vidareutdanning og karriereplanar. Vi har i den seinare tid fått oppslag i aviser om politikvinner som blir forbigått ved ansettelsar. Likestillingsombudet har fått langt fleire klager frå kvinner i politi- og lensmannsetaten enn vanleg. Dette er eit signal om at ein bør sjå på tiltak som kan rette opp ei uheldig utvikling i forhold til kvinnene i politi- og lensmannsetaten.
Kva vil justisministeren gjere for å sikre likestilling i politietaten, og også sikre betre rekruttering av kvinner til tjenestestadane?