Interpellasjon fra Bjørg Hope Galtung (Sp) til fiskeriministeren

Interpellasjon nr. 1 (1996-97)
Om tiltak for å betra forholdene for fiskarane
Datert: 10.01.1996
Besvart: 08.10.1996 av fiskeriminister Jan Henry T. Olsen

Bjørg Hope Galtung (Sp)

Spørsmål

Bjørg Hope Galtung (Sp): Året 1995 omkom ti fiskarar under arbeid. Dette er ein nedgang på sju i høve til 1994. Denne utviklilnga er positiv, men likevel er talet på omkomne fiskarar dei siste åra svært høgt (10 dødsfall pr. 10 000 årsverk) sett i samanheng med arbeidsplassar på land (1 dødsfall pr. 10 000 årsverk). Tryggleik for dei vel 21 000 fiskarane i landet er eit omfattande og viktig spørsmål som krev stor merksemd frå det offentlege. Ansvaret for tryggleik i fiskerinæringa er i dag plassert hos mange og ulike fagdirektorat, departement og andre institusjonar. I tillegg er heller ikkje fiskarane underlagt arbeidsmiljølova.
Kva tiltak, både korttsiktige og langsiktige, vil departementet i samarbeid med andre setja i gong for å betra tryggleiken til fiskarane?