Interpellasjon fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til samferdselsministeren

Interpellasjon nr. 10 (2004-2005)
Om ei høgst naudsynt styrking av ferjetilbodet langs heile kysten, eller ein strategi med berre konkurranseutsetjing, nedbemanning og nedklassifisering
Datert: 22.10.2004
Besvart: 18.11.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ferjer er vegen for mange lokalsamfunn langs heile kysten. God regularitet, høg frekvens og kapasitet i forhold til behovet er avgjerande viktig for næringsliv og innbyggjarar. Berre i Rogaland er det ni heilårs ferjesamband. 45 000 personbileiningar sto over minst ei ferje i Boknafjordsambandet dei ni første månadene i år. I Tau-sambandet er det stor uro grunna låg frekvens. I sommar vart det på to dagar fem-seks timars ventetid i to samband på Ryfylkevegen. Reserveferje var ikkje å oppdriva. Bak alle desse døma løyner det seg daudtid og høge meirkostnader for varetransport og pendlarar, samt mykje undring, irritasjon og frustrasjon hos reisande. Frå andre fylke kan nemnast liknande døme. Ut frå Regjeringa sine eigne dokument synest Regjeringa si forståing for ferjefylka å vera minimal.

Er Regjeringa sin strategi berre konkurranseutsetjing, nedbemanning og nedklassifisering, eller finst det tankar om ei høgst naudsynt styrking?

Les hele debatten