Interpellasjon fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Interpellasjon nr. 9 (1996-97)
Om tiltak for å stimulera ungdom og vaksne med fag- eller sveinebrev til å ta høgare utdanning
Datert: 24.05.1996
Besvart: 05.02.1997 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Reidar Sandal

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Etter Reform 94 kan ein oppnå studiekompetanse på fleire måtar, mellom anna ved påbygging av ålmenne fag etter avlagt fag/sveinebrev. Det er vesentleg å medvirka til mobilitet i arbeidsstokken, og å leggja til rette for ulike utdanningsvegar til høgare utdanning. Det er derfor etter interpellanten si vurdering viktig å stimulera ungdom og vaksne med fag- eller sveinebrev til å ta høgare utdanning. Ein kan og sjå dette i samanheng med livslang læring og med at samfunnet treng målretta etter- og vidareutdanning for vaksne.
Kva tiltak vil statsråden setja i verk for å stimulera ungdom og vaksne med fag- eller sveinebrev til å ta høgare utdanning?