Interpellasjon fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

Interpellasjon nr. 18 (2005-2006)
Om nye verkemiddel i næringspolitikken, og på kva område politikken overfor norsk industri skal leggjast om
Datert: 17.02.2006
Besvart: 14.03.2006 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Norsk industri har dei siste åra hatt ei positiv utvikling. "Hovedbildet for 2005 er at både omsetning og eksport har økt bra", seier Norsk Industri sin siste konjunkturrapport. Likevel gjekk dei raudgrøne partia til val på "Ein ny og meir aktiv næringspolitikk". Det industrien hittil har fått, er mellom anna kutt i løyvingane til innovasjon og forsking og dårlegare avskrivingsreglar enn det den førre regjeringa foreslo. Det manglande samsvaret mellom lovnader og praktisk politikk har skapt usikkerheit i mange industribedrifter. Uklare og skiftande rammevilkår er svært uheldig for konkurranseutsette bedrifter og kan setje mange arbeidsplassar i fare. Sentrale representantar frå regjeringspartia har fleire gonger blitt bedne om å konkretisere den nye politikken, men det verkar umogeleg å få klare svar.

På kva område skal politikken overfor norsk industri leggjast om, og kva nye verkemiddel vil Regjeringa ta i bruk i næringspolitikken?

Les hele debatten