Spørsmål
Tor Bremer (A): Fagskulane har ein viktig rolle i utdanningssystemet vårt. På dei fleste fagområda så er dei fylkeskommunale og private fagskuletilbuda komplementære. Fleirtalet av fagskuleutdanningane blir drivne av private tilbydarar, og ansvaret for disse fagskulane er nå flytta frå statleg til fylkeskommunalt nivå. Fylkeskommunane står fritt til å avgjere om fagskuletilbudet i fylket skal realiseres i eigen regi eller gjennom finansiering av private tilbydarar. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga har ansvaret for å godkjenne fagskuleutdanningar. Med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå ulike fylke virkar det som om dialogen om helse- og sosialfaga ikkje er den aller beste.
Korleis vurderar statsråden at samspelet mellom dei private fagskulane og fylkeskommunen bør utøvast, og på kva vilkår og kva rolle bør disse fagskulane ha i utdanningssystemet vårt?
Les hele debatten