Interpellasjon fra Bård Vegar Solhjell (SV) til kulturministeren

Interpellasjon nr. 18 (2013-2014)
Om å ta initiativ til ein debatt i IOC og idrettsverda om korleis ikkje-diskriminering betre kan prege tildeling og gjennomføring av framtidige OL, og å sikre norske leiarar og utøvarar i Sotsji-OL sin ytringsfridom til å kritisere menneskerettssituasjonen i Russland
Datert: 11.12.2013
Besvart: 04.02.2014 av kulturminister Thorhild Widvey

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): I februar 2014 arrangerer Russland OL i Sotsji. Dette skjer samstundes med at det er grunn til stor uro for demokrati og menneskerettar i landet. Rettsvesenet, uavhengige medier og det sivile samfunnet, vert svekka. Dei nye lovene som forbyr positiv omtale av "ikkje-tradisjonelle" seksuelle relasjonar er klårt diskrimerande overfor homofile. I det olympiske charterets "fundamental principles" heiter det at "Any form of discrimination with regard to a country or a person on grounds of race, religion, politics, gender or otherwise is incompatible with belonging to the Olympic Movement".

På basis av det, vil statsråden ta initiativ til ein debatt i IOC samt norsk og internasjonal idrett om korleis dette betre kan prege tildeling og gjennomføring av framtidige OL, og korleis vil statsråden sikre norske leiarar og utøvarar i Sotsji-OL sin ytringsfridom til å kritisere menneskerettssituasjonen i Russland, om dei vil?

Les hele debatten