Interpellasjon fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Interpellasjon nr. 43 (2013-2014)
Om å få etablert hurtigdomstolar som raskt kan pådømme enklare straffesaker der gjerningspersonane er utanlandske statsborgarar utan fast bustad
Oversendt regjeringen: 10.03.2014
Besvart: 03.04.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Politiet handsamar ofte straffesaker med gjerningspersonar som er utan fast bopel og samstundes er utanlandske statsborgarar. Dette gjer det vanskelegare for politiet å få forkynt dommane, få dei fullbyrda, slik at dei som ikkje har lovleg opphald her i landet, ikkje kan transporterast ut av riket raskt. Problemet er aukande, særleg i hovudstadsområdet. Personane utfører gjerne ikkje lovbrot som er alvorlege nok til at dei blir framstilte for varetektsfengsling, fordi det då det vil vera fare for oversoning innan dom ligg føre. Mange av desse straffesakene er oppklåra på gjerningsstaden. Ei ordning som vil løyse problemet er om ein ved enkelte domstolar får på plass hurtigdomstolar for enklare saker, som kan pådømme saka før fristane gitt i straffeprosessloven § 183 første ledd går ut. Altså saker som fell utanfor straffeprosessloven § 248.
Vil statsråden ta initiativ til at ei slik ordning blir etablert?

Les hele debatten