Interpellasjon fra Bård Vegar Solhjell (SV) til kulturministeren

Interpellasjon nr. 47 (2013-2014)
Om kva ei fridomsreform i kulturlivet skal innehalde, og om auka løyvingar til kunst og kultur kan vere negativt for innhald og kvalitet i kulturen
Oversendt regjeringen: 13.03.2014
Besvart: 10.04.2014 av kulturminister Thorhild Widvey

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Kulturministeren har varsla ei 'fridomsreform' i kulturlivet. Ho har tidlegare lista opp 'fridom, mangfald og kvalitet' som dei tre føresetnadane for eit vel fungerande kulturliv, og sa i budsjettdebatten før jul dette i Stortinget: 'Jeg mener at et ensidig fokus på tilskuddsnivået gjennom mange år har fjernet oppmerksomheten fra innhold og kvalitet i den offentlige kulturdebatten.' Sosialistisk Venstreparti deler Høgre sitt ønske om eit fritt og autonomt kulturliv, som får brukt kreftene sine på å skape kunst av høg kvalitet og eit mangfald av kulturopplevingar for publikum. Men vi trur ikkje at god offentleg finansiering står i vegen for eit slikt mål, snarare tvert imot.
Kva skal ei slik 'fridomsreform' innehalde, som heilt konkret kan gje auka fridom for kunstnarar, kulturarbeidarar og publikum, og meiner statsråden at auka løyvingar til kunst og kultur kan vere negativt for innhald og kvalitet i kulturen?

Les hele debatten