Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 47 (2014-2015)
Om å sikre _kvalitet og verdigheit i sjukeheimstilbodet_ og unngå unødig transport av sjuke eldre mellom sjukeheim og sjukehus
Oversendt regjeringen: 13.02.2015
Besvart: 19.03.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I Bergens Tidende 8. februar 2015 kunne ein lese om kvinna i slutten av 90-åra som døde i ambulansen etter å ha blitt skrive ut frå sjukehuset for tredje gong på kort tid. Stadig fleire eldre opplever å bli sendt mellom sjukeheim og sjukehus. Det kan skape uverdige situasjonar, og er ei utvikling som må stoppast. I pasient- og brukaromboda si årsmelding for 2014 er det dokumentert at sjukeheimstilbodet har store og alvorlege manglar som fører til at enkeltmenneske ikkje får nødvendig helsehjelp, og grunnleggjande rettstryggleiksgarantiar er tilsidesett. Omboda etterlyser konkrete tiltak for å sikre at sjukeheimstilbodet i Noreg samsvarer med pasient- og brukarrettigheitslova sine grunnleggjande formål, som er lik tilgang på tenester, tenester av god kvalitet som òg varetek respekten for den enkelte.
Kva vil regjeringa gjere for å sikre kvalitet og verdigheit i sjukeheimstilbodet og unngå unødig transport av sjuke eldre?

Les hele debatten