Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 55 (2014-2015)
Om tiltak for å sikre kvalitet, kompetanse og tilgjengelegheit i legevakttilbodet
Datert: 05.03.2015
Besvart: 14.04.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Legevakt er ein hjørnestein i helsevesenet vårt, og norske legevakter tar imot rundt to millionar pasientar årleg. Men norske legevakter har store svakheiter, og tilbodet rundt om i landet varierer sterkt. Det er bildet som vert teikna i Legeforeninga sin nye rapport 'En legevakt for alle, men ikke for alt'. Innspelsrapporten peikar på for låg bemanning, tilfeldig organisering, rekrutteringsproblem, lange avstandar til næraste legevakt og for lite systematisk arbeid med kvalitet. Det vert etterlyst konkrete krav til innhald og kvalitet i tenestene, og at det også vert sett av ressursar til administrasjon og leiing av legevaktene slik at krav til kompetanse, opplæring og forbetringsarbeid vert sett i system.

Kva vil regjeringa gjere av tiltak på kort og lang sikt for å sikre kvalitet, kompetanse og tilgjengelegheit i legevakttilbodet?

Les hele debatten