Interpellasjon fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Interpellasjon nr. 69 (2014-2015)
Om implementering av fleirtalsvedtaket om tiltak for å styrkje varslarane sin situasjon, og om ytterlegare tiltak for å styrkje varslarvernet
Datert: 30.04.2015
Besvart: 21.05.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): I avtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre 12. mars i samband med endringane i arbeidsmiljølova og sosialtenestelova vart fleirtalet samde om at det er behov for tiltak som styrkjer varslarvernet, og viser til ei rekke konkrete tiltak. I arbeidslivet er vi stadig vitne til saker der varslarane ikkje vert høyrdt ved intern varsling eller vert utsette for gjengjelding for varslinga si. Det er samfunnet som vert skadelidande når ein vel å teie. Det er med andre ord eit demokratisk problem.

Korleis jobbar regjeringa med å implementere dei ulike delane av fleirtalsvedtaket om tiltak for å styrkje varslarane sin situasjon, og kva ytterlegare tiltak ser statsråden føre seg å gjennomføre for å styrkje varslarvernet?

Les hele debatten