Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 32 (2015-2016)
Om å sikre rus- og psykiatripasientar eit forsvarleg kommunalt tilbod
Oversendt regjeringen: 25.04.2016
Besvart: 26.05.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Med samhandlingsreforma fekk kommunane betalingsplikt for utskrivingsklare somatiske pasientar frå spesialisthelsetenesta. Føremålet var å tydeleggjere ansvaret heimkommunen allereie hadde for utskrivingsklare pasientar som blei verande i spesialisthelsetenesta medan dei venta på eit kommunalt tilbod. Ifølgje Riksrevisjonen har kommunane i liten grad auka kapasiteten og styrka kompetansen etter innføringa av samhandlingsreforma. Innanfor rus- og psykiatriområdet er talet på døgnplassar redusert med nesten 10 prosent frå 2010-2014, medan tilbodet i kommunane ikkje er styrka tilsvarande. Regjeringa vil like fullt innføre betalingsplikt også for rus- og psykiatriområdet, tidlegast i 2017.
Kva er statsrådens plan for å sikre at rus- og psykiatripasientar får eit forsvarleg kommunalt tilbod, og kva verkemiddel skal tas i bruk for å sikra naudsynt kapasitet og kompetanse i det kommunale tilbodet?

Les hele debatten