Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 2 (2016-2017)
Om å sikra at ingen kvinner på norske sjukehus risikerer å føde utan helsepersonell til stades, og om opptrapping av jordmorbemanninga på kvinneklinikkane
Datert: 05.08.2016
Besvart: 08.11.2016 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ifølgje Jordmorforbundet si medlemsundersøking rapporterer fleire jordmødrer om at kvinner føder aleine på fødestover i Noreg, heilt utan at noko helsepersonell er til stades. Jordmødrer må gå fram og tilbake mellom fødslar fordi det er mange fødande per jordmor på vakt. Særleg blir det rapportert om sprengt kapasitet ved fødeavdelingane om sommaren. Ifølgje nasjonale faglige retningslinjer er den faglige tilrådinga for fødetilbodet at alle fødande kvinner skal sikrast ei jordmor til stades under aktiv fase av fødselen. Den klare tilbakemeldinga frå tenestene er at jordmødrene ikkje klarer å følgje opp dette kvalitetskravet. Det er størst press på dei store fødeklinikkane, der 90 prosent av fødslane i Noreg skjer.

Vil statsråden ta nye grep som sikrar at ingen kvinner på norske sjukehus risikerer å føde utan helsepersonell til stades, og vil statsråden sørgje for ei opptrapping av jordmorbemanninga på kvinneklinikkane våre?

Les hele debatten